Ben Nelson ombestemmer seg

I juli 2010 kunngjorde Ben Nelson, ein konservativ demokratisk senator frå Nebraska, at han planla å stille til attval i 2012. Trass i at Nelson langt frå er ein ukontroversiell figur vart det rekna som godt nytt for demokratane i kampen for å halde setet hans og fleirtalet i Senatet. Etterveksten bak Nelson har vore svak, og i eit presidentvalår vil partiet definitivt ikkje få noko drahjelp frå det faktum at Barack Obama står øvst på røystesetelen.

Men i politikk er ingenting endeleg. Alt då vi omtalte avgjerda ifjor sommar, opna vi for at Nelson kunne komme til å endre meining, dersom det politiske klimaet forverra seg. Det er heller ikkje uvanleg at politikarar gjev uttrykk for andre planar enn dei reelle, anten det er for å lodde stemninga for attval, eller fordi timinga av ei kunngjering rett og slett blir feil. Såleis er det kanskje ikkje sjokkerande at Nelson no har ombestemt seg. Han tek ikkje attval likevel.

I ei ideell verd er det såvisst ikkje noko å felle tårer over. Nelson har vore ein bremsekloss for demokratane sin agenda ved kvart einaste høve, anten det galdt helsereform, finansreguleringsreform eller arbeidsløysetrygd. Når du i tillegg er så medviten om kor viktig du er for å få ting igjennom som det Nelson var den stutte tida demokratane sat med seksti røyster i Senatet, har du gjerne også ein tendens til å framstå litt sjølvgod. Men det går også an å sjå på Ben Nelson med litt andre auge. Kanskje framstår han så provoserande på andre demokratar fordi han symboliserer ubalansen mellom partia? Det fanst ei tid då konservative demokratar av Nelson-typen hadde sitt motstykke i moderate eller tilmed liberale republikanarar, noko som gjorde at det tverrpolitiske handlingsrommet i midten var ganske stort. Idag er det stort sett berre konservative demokratar att. Som eg også skreiv ifjor sommar, har republikanarane no gjeve opp einkvar ambisjon om å fungere som konstruktiv opposisjon, og det medfører at potensielt moderate republikanarar som Olympia Snowe og Susan Collins, som dei lojale partifellene dei er, låser seg til å sabotere Obamas dagsorden heller enn å inngå kompromiss. I ein slik kontekst kan Ben Nelson stå som symbol på demokratar som har gjeve opp på førehand. Dei er i mange saker like konservative republikanarane, men fordi dei ikkje klarer å trekkje med seg republikanarar blir dei ståande att som makteslause raude klutar istaden.

Likevel; Ben Nelson kan demokratane klare seg utan. Hovudproblemet er at dei neppe kan klare seg utan mandatet hans, dersom dei skal ha von å halde på senatsfleirtalet etter valet. Utan at ein toppkandidat let seg rekruttere (tidlegare senator Bob Kerrey har vore nemnd, men eg tviler på om han vil, eller om han har game changer-eigenskapane som trengs), vil setet truleg vere tapt for partiet. Då vert feilmarginen ubehageleg liten dersom Senatet skal forbli på demokratiske hender. Republikanarane må vinne fire sete frå demokratane for å overta fleirtalet, eller tre dersom dei samstundes tek presidentembetet. Med Nelsons avgjerd og Kent Conrads (D) tilbaketrekking i North Dakota er dei alt godt på veg, og både Jon Tester i Montana og Claire McCaskill i Missouri er i høgste grad sårbare. Men når det er sagt er kartet heller ikkje utan lyspunkt: Elisabeth Warren ser ut til å ha brukbart tak på senator Scott Brown (R) i Massachusetts, og i kampen om det tidlegare setet til den republikanske skandalesenatoren John Ensign, ligg demokraten Shelley Berkley omtrent likt med nyleg utnemnde Dean Heller i meiningsmålingane.

For å returnere til den ideelle verda for ein augneblink, men utan å føresette at demokratane held Nebraska-setet, kan vi sjå for oss eit scenario kor partiet blir kvitt Ben Nelson, samstundes som dei held fleirtalet, og kanskje får erstatta nokre Nelson-liknande senatorar (som til dømes Connecticuts Joe Lieberman) med meir pålitelege liberalerar. Men julaftan er alt omme, så det er kanskje ikkje verdt å halde pusten i påvente av at det skal skje.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*