Bør Ben Nelson attveljast?

Den demokratiske senatoren Ben Nelson frå Nebraska kjem til å stille til attval til Senatet. Det kunngjorde han i ei lokalradiosending idag, og det er det i utgangspunktet ikkje noko nyhendeverdig ved. Nelson har synt for einkvar skodelysten i lang tid at han tek sine eigne politiske overlevingssjanser svært alvorleg. Han freista å både vere for og mot Obamas store helsereform – i to omgongar. Først sette han ei rekkje krav som svekkja den liberale profilen på reformen, som fjerninga av ei offentleg forsikringsordning, nei til å utvide talet på amerikanarar som kunne omfattast av Medicare-systemet, og ja til at helseforsikringsselskapa framleis ikkje skulle vere underlagt vanleg konkurranselovgjeving. Deretter såg til ut til at Nelson endelig gjorde som han skulle, og la røysta si til reforma slik at den gjekk igjennom i Senatet. Men innanfor den kom attende til Senatet for endeleg godkjenning hadde Nelson skifta meining igjen. Etter å kjempa i lang tid for at eit unnatak han sjølv ein gong kravde på Nebraska sine vegner no måtte takast ut av framlegget, valde Nelson likevel å røyste imot endringspakka som ville ha teke ut denne særordninga. Truleg ville han signalisere til moderate veljarar i heimstaten at han ikkje berre var for helsereforma – han var litt imot ho også. Om det funkar veit ikkje, men det er nett den typen manøvrar, kombinert med målretta pengeinnsamling, som gjer D.C.-media overtydde om at en utsett senator posisjonerer seg for attval. Dei fekk rett.

Det var elles ikkje heilt gjeve. Nebraska er ein konservativ stat, og sjølv om Obamas velorganiserte valkampmaskineri faktisk vann ein valmann derfrå i 2008 (Nebraska og Maine er dei to einaste statane som fordeler valmennene basert på kven som vinn dei ulike distrikta, i tillegg til ein valmann til den som vinn delstaten som heilskap), er det ikkje grunn til å tru at presidenten vil vere til særlig hjelp der når vi kjem til 2012. Demokratiske aktivistar som er misnøgde med å måtte røyste på ein så konservativ kandidat som Nelson kunne kanskje sett pris på direkte involvering frå Obama, men han er djupt upopulær mellom konservative og uavhengige veljarar i delstaten. Det hadde kunne tenkjast ein situasjon, og kan det framleis, dersom det politiske klimaet skulle endre seg ytterlegare i Nelsons disfavør, kor han til slutt konkluderer med at han ikkje har sjans til å vinne likevel. I så tilfelle er setet truleg tapt for demokratane, i eit år kor dei elles skal forsvare ei lang rekkje særs usikre senatssete frå den store sigeren i mellomvalet i 2006 (Sherrod Brown i Ohio, Jim Webb i Virginia, Jon Tester i Montana og Claire McCaskill i Minnesota held dei kanskje vanskelegaste seta.)

Det ville vore leitt for demokratane sett frå ein valtaktisk ståstad. Nelson representerer ein aksept for sentrumsorientering som idag er mykje meir utbreidd hjå demokratane enn hjå republikanarane. På motsett side kjemper dei dag ut og inn om kva som kvalifiserer som uttillatelege synder mot konservativ ortodoksi, og det har ved fleire høve synt seg at ganske konservative kandidata’utr (mellom dei senator Robert Bennett frå Utah) har vorte felt som ureine). Men den rause takhøgda til demokratane inneber også problem med å få gjennomført politiske merkesaker, særlig i ei tid kor republikanarane har gjeve opp alt som heiter konstruktiv opposisjon, og istaden går inn for å blokkere absolutt alt demokratane føreslår, i von om at handlingslamminga dette fører med seg vil få demokratane til å framstå som udugelege. På mange måtar er det ingen som symboliserer den indre motsetnadene i den demokratiske koalisjonen tydelegare enn Ben Nelson.

I ei ideell verd skulle det vore mogleg for liberale demokratar i Nebraska å stille ein motkandidat mot Nelson, og likevel ha sjans til å vinne dersom Nelson vart slegen ut. Det er mange, mange grunnar for progressive krefter til å ønskje seg ein annan demokratisk senator enn Nelson. Viktigast av alt nett no er det kanskje at Nelson har gått i parlaup med republikanarane for å blokkere eit desperat etterlengta framlegg om å forlenge perioden kor den føderale regjeringa tek rekninga for arbeidsløysetrygda, slik at ikkje fleire hundre tusen menneske søkk ned i fattigdom og økonomisk uvisse som følgje av den økonomiske krisa. Nelson og republikanarane – alle saman, førtiein stykk, inkludert påstått moderate senatorar som Scott Brown frå Massachusetts og Olympia Snowe og Susan Collins frå Maine – hevdar motstanden deira er prinsipiell: Dei seier nei til ei utgift som det ikkje er økonomisk inndekking for, ikkje til å gje økonomisk hjelp til arbeidslause i seg sjølv. Men det er ein merkeleg argumentasjon. Senatet har rett nok det dei kallar for ‘the pay as you go’ rule, som slår fast at ein ikkje kan vedta ufinansierte utgifter. Men det er gjort eit unnatak for krisetiltak, og dette er i høgste grad ein slik situasjon. Logikken bak påstanden om at det er økonomisk fråhald som er det ansvarlege, er diskutabel. Utbetalingar til arbeidslause kan kun oppfattast som oppmodingar om ikkje å jobbe dersom a) utbetalingane er urimeleg rause, eller b) det finst rikeleg med ledige jobbar. No gjeld ingen av delane, og å halde pengar tilbake frå å stimulere økonomien kan i verste fall verke mot intensjonen. Ben Nelson, i teorien demokrat, allierer seg med republikanarane for å late dette skje.

Og no vil han altså stille til attval for å få høve til å gjere det i seks nye år frå 2013. Uansett valtaktiske vurderingar er saka faktisk ikkje så enkel som at Ben Nelson bør attveljast fordi han har ein (D) etter namnet sitt. Ben Nelson er ikkje berre igong med å tappe dei slunkne lommebøkene til arbeidsledige amerikanarar for pengar; han er iferd med å tappe partibokstaven for meining samstundes.

_____________________________________________________

Jørgen Lien skriv ei nesten vekefast spalte om amerikansk politikk for Skrivekollektivet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*