GOP ’12: Romneys ustø innspurt i New Hampshire

Det er ikkje lett å vere frontrunner i den republikanske presidentnominasjonskampen. Alt du seier blir granska ekstra nøye, og alle motkandidatane dine er stadig ute etter å jekke deg ned. Men spør tidlegare Massachussetts-guvernør Mitt Romney om han vil bytte vekk sin noverande posisjon med ein av dei som kan fyre laus uten større tanke for konsekvensane, og han ville le deg ein stiv, karsleg latter rett opp i ansiktet. Og det sjølv om han dei siste par dagane faktisk har verka litt vaklande.

Ikkje i den forstand at han verkar reellt truga på sigeren i New Hampshire, som held sitt nominasjonsval i natt norsk tid. Og ettersom New Hampshire truleg går særs bra for Romney – han har ei leiing på mellom femten og tjue prosentpoeng i dei fleste meiningsmålingane – vil han nærast uansett ta eit langt steg i retning av å sikre seg den endelege nominasjonen, iallfall så lenge motstanden til høgre for han er splitta. Men valkampinnspurten har synt to ting. For det første at Romneys såkalla feilfrie kampanje faktisk ikkje er immun mot feilsteg. Og for det andre har den gjeve både republikanske og demokratiske motkandidatar ein ide om kvar Romneys veikskapar som kandidat ligg.

Obama-leiren har i lang tid vurdert Romney som sin mest sannsynlege motstandar i november, og har difor grubla på to ulike åtaksstrategiar mot han. Den eine handlar om at han er ein politisk kameleon som rett som det er tilpasser dei politiske standpunkta sine, alt etter kva han trur veljarane han freistar å nå ønskjer å høyre. Det er ein variant av det republikanske åtaket på John Kerry, og viste seg effektivt den gongen. Imidlertid har det også den moglege utilsikta konsekvensen at det kan hjelpe til med å marknadsføre Romney som pragmatisk og ikkje-ideologisk, noko som står i motstrid til Obamas ønskje om å skremme med at han er meir ytterleggåande enn han gjev seg ut for å vere.

Den andre strategien, som ikkje nødvendigvis utelukkar den første, handlar om å framstille Romney som ein som ikkje heilt forstår korleis vanlege amerikanarar har det, og som difor er meir oppteken av å løpe ærend for dei rikaste enn av å løyse livsnære utfordringar for vanlege folk. Innbakt i denne strategien ligg ein freistnad på å bruke Romneys bakgrunn og røynsle imot han: Han vaks opp i eit politisk dynasti, har sjeldan eller aldri opplevd å måtte slite for å få endene til å møtast, og gjorde seg dessutan rik på ei verksemd som driv med omstruktureringar av selskap, det vil i mange høve seie oppseiingar.

Om nokon av desse strategiane er smarte nok til å demme opp for den einaste disiplinerande krafta på den republikanske grasrota – det djupfølte ønsket om å kaste Obama på dør etter ein periode -, og ein svakt fallande arbeidsløyse som uansett vil vere historisk høg når presidenten stiller til attval, er uvisst. Men dei siste dagane har synt at Romney heller ikkje er framand for å gjere seg sjølv meir sårbar enn godt er for åtak langs nettopp desse linjene.

Romneys ønskje om å komme i augehøgd med einkvar og fortelje dei at livsrøynsla hans ikkje er så langt unna deira som dei kanskje skulle tru, har fleire gonger gjeve eks-guvernøren problem. At freistnader på humor er eit tvieggja sverd i politikk er noko alle veit, og det gjekk ikkje heilt upåakta hen når Romney, ein steinrik karrierepolitikar, for nokre månader fordi eit veljarar at han – til liks med dei – var arbeidslaus for tida. Men likevel gjorde Romney ei liknande potensiell blemme når han denne veka fortalde at også han hadde kjent på frykten for å miste jobben medan han kjempa seg oppover i næringslivet. Det kan i og for seg godt hende, men Romney kjem frå ein familiebakgrunn kor konsekvensane av eit slikt utfall knappast ville vore like alvorlege som for underbetalte, overarbeidde veljarar.

Rivalane hans væra blod, og når du først har synt veikskap, aukar sjansen for at det neste vesle feilsteget ditt vil bli slått stort opp. Det skjedde ganske raskt, då Romney vart sitert på at “eg likar å ha høve til å gje folk som utfører tenester for meg sparken.” Ettersom det førre sitatet allereie hadde synt fram at Romney somme tider slit med å framstå som ein som forstår og deler røynsler med den jamne amerikanar, var det ikkje så viktig at det av konteksten går fram at Romney eigentleg snakka om valfridom til å velje tilbydar av forsikringstenester. Har motkandidatane dine alt i dagevis freista å brennmerke deg som ein som har gjort seg rik på å ta frå folk jobbane deira, så seier det sjølv at ei slik utsegn er uheldig, uansett kor urettvis mykje av reaksjonen måtte vere. Meir enn noko anna kan det minne veljarane om det tidlegare Arkansas-guvernør og 2008-rival Mike Huckabee visstnok ein gong sa om Romney; at han “ser ut som han fyren som ga deg sparken”.

Det er eit par grunner til at feilstega til Romney er interessante. For det første undergrev dei det som hittil har vore Romneys fremste motargument mot republikanske åtak på hans næringslivsfortid. Han har, med relativt stor suksess, insistert på at omstruktureringar er ein naturleg del av kapitalismen og dermed den amerikanske modellen, og såleis indirekte anklaga rivalane for å vere illojale mot kapitalismen viss dei kritiserte han for det. Det var til dømes svaret då ei gruppe som stør Newt Gingrich sleppte ein film som tek for seg Romneys tid som direktør for Bain Capital. Utviklinga dei siste dagane kan ha gjeve denne typen kritikk større legitimitet, også mellom republikanske veljarar.

Det andre er at republikanarane no, ved å gå etter Romney på denne måten, kan bidrar til å legitimere liknande kritikk frå Obama-kampanjen utover sommaren og hausten.”Korleis kan dette vere usakleg kritikk,” kan dei spørje. “Tilmed partifellene til Romney er samde med oss!” For ikkje å snakke om alle pengane dei formelt sjølvstendige støttegruppene til Obama kan bruke på reklamefilmar som rett og slett gjentar, om og om igjen, at Romney likar å gje folk sparken.

Eg trur denne siste utviklinga kjem for seint til å gjere stor skilnad under nominasjonsvalet i New Hampshire, og merksemda vil nok framleis dreie seg om kven som tek andre- og tredjeplassen bak Romney. Såleis ville eg halde auge med Jon Huntsman, som har hatt framgang i meiningsmålingane og minst treng ein sterk tredjeplass for å ha ein grunn til å halde fram. Det er heller ikkje utan interesse kor stor avstanden mellom Huntsmann og Rick Santorum. Skal han ha sjansen til å gjere det godt i South Carolina, kor Gingrich førebels har halde seg forholdsvis sterk, har han ikkje råd til å hamne heilt i bakleksa i New Hampshire. Men vil du likevel lese det som totalt sett truleg er oppløftande valdagsmålingar for Romney med blikk for hendingane dei siste dagane, ville eg ha sett på korleis han gjer det mellom veljarar som har bestemt seg seint. Gjer han det sterkt også der, er det lite sannsynleg at feilstega hadde nokon særleg innverknad i det heile.

1 comment for “GOP ’12: Romneys ustø innspurt i New Hampshire

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*