Må alt Bergens Tidende ikkje veit vere løgn?

Av | 16. februar 2012

Det går litt imot det umiddelbare poenget med ein blogg å komme trekkjande med gårsdagens nyhende, men denne gongen vart freistinga så står at eg ikkje kunne late vere. Det gjeld heilsidesoppslaget i Bergens Tidende onsdag 15. februar. «Innrømmer at han løy,» heitte det om SV-parlamentarikaren Heikki Holmås, som fortalde BT ein ting om framtida som leiarkandidat for SV om morgonen, og ein annen på ein pressekonferanse same kveld, der han trekte seg og stilte seg bakom Audun Lysbakken.

Den vakne lesaren vil ha merka seg at overskrifta berre er ei lett omskriving av noko eg skreiv etter stortingsvalet i 2009, då Bjarne Håkon Hanssen vedgjekk ei «kvit løgn» ettersom han ikkje hadde signalisert på førehand at han kom til å gå av som helse- og omsorgsminister. Hanssen grunngav det med at han ville gje statsministeren arbeidsro til å forhandle fram ei ny regjeringsplattform, og at han ikkje vil ta fokus vekk frå sakene han arbeidde med med som statsråd. Holmås kan ikkje nytte nett dei same orsakingane, men BTs overskrift og tekstlege tone tyder likevel på det eg i samband med Hanssen-affæren kalla vonbrot og at pressa kjende seg halde for narr.

Har Holmås fortald ein kvit løgn? Ja. Tyder det noko som helst? Nei. Rettferdiggjer det den underliggjande harmen og anklagen i det mindre reserverande uttrykket løgn? På ingen måte. Ein kvar som følgd leiarstrider fjernt eller nært, anten det gjeld her heime eller i til dømes amerikanske presidentvalkampar, veit at det ikkje alltid er sikkert kandidatane seier alt dei veit nett idet dei veit det. Dei vil gjerne ha styringa sjølv med korleis nyhendet vert sleppt. Til dømes kan ein som regel gå ut ifrå at kvar gong ein kandidat lover å halde fram «heile vegen til nominasjonsmøtet», er det kodespråk for at dei vil vente å sjå om dei får inn pengane og/eller støtta dei treng til å halde fram. Newt Gingrinch er – førebels – eit motdøme fra 2012-valkampen, men ser ein på til dømes Mitt Romney eller John Edwards frå 2008, eller Jon Huntsman frå tidlegare i år, så ser exiten til forveksling lik ut: Til liks med Holmås gav dei alle uttrykk for å vere eitt hundre prosent fokuserte på å halde fram, heilt til dei ombestemte seg. Det gjeld uansett når dei faktisk fatta den avgjerda. Det er ikkje ein avgjerande karakterbrest at dei hadde tolmod nok til å utnytte mediemerksemda godt nok til å gje nyhenda til eit samla pressekorps istaden for å springe ut med han på direkte spørsmål frå eit einskildmedium.

Sjølv om det irriterer meg at professor Frank Aarebot går med på BTs premiss og spekulerer i kvifor Holmås drøydde med å seie sanninga til avisa, kan eg ikkje fri meg frå å gjere noko liknande sjølv. Eg trur at Holmås, i tillegg til å ville ha full kontroll over korleis exiten fann stad, ikkje ville gje inntrykk av at han gav etter for press. Dagen før hadde leiaren i Hordaland SV, Steinar Nørstebø – som eg av openheitsomsyn må leggje til at eg synest verkar til å vere ein kjernekar, dei gongane eg har snakka med han – oppmoda Holmås til å innsjå nederlaget og trekkje seg. Det er forståeleg viss Holmås ikkje ville ta dette rådet på strak arm. Dessutan hadde han nok ein viss lojalitet å ta omsyn til, andsynes det mindretalet i SVs valnemnd og fylkeslag, som trass alt hadde støtta han.

Elles vil eg få rose SV for måten leiarstriden har vorte løyst på. Eg innser at argumenta mine for at ein partileiar bør veljast ved uravrøysting mellom medlemene ikkje nødvendigvis har kome styrkt ut av prosessen – det hadde neppe komme mykje meir ideologisk debatt ut av det uansett kva modell SV hadde lege seg på, sjølv om noko av dette må tilskrivast at det kun var kosmetiske politiske skilnader mellom kandidatane – har fylkeslaga sjølv teke medlemsdemokratiet på alvor, og late medlemene få høve gjennom fylkesårsmøta til å ta stilling til leiarspørsmål, anten gjennom debattar eller medlemsavrøystingar. Eg vil tru dette har gjeve valnemnda auka legitimitet. For spørsmålet om korleis den nesten Arbeidarparti-leiaren bør veljast vil eg seie at SV-røynslene totalt sett enda uavgjort. Difor har eg overodna sett ikkje endra meining.

No vert utfallet uansett at Audun Lysbakken vert ny SV-leiar. Partiet får ein kompetent fyr som likevel for min del gjerne må vende tilbake til meir av den høgttenkjinga som kjenneteikna han får han kom inn i regjeringa. Ingen raudgrøne, SV minst av alle, har noko å tene på organisert idetørke i regjeringskontora. Han tek over eit parti i motvind, men eit regjeringsalternativ som på grunn av Arbeidarpartiets sterke tal kan gå 2013-valkampen i møte med optimisme. Men for at veljarane skal gje dei ny tillit, må alle regjeringspartia få noko att for samarbeidet. Då må ikkje berre Ap, men og Senterpartiet og SV løfte seg. Det vert Lysbakkens viktigaste oppgåve, både på kort og mellomlang sikt. Det er er det grunn til å ønskje han – som eg ein gong åtvara mot å gjere til SV-nestleiar fordi eg tykte han var «for radikal» (tihi) – hjarteleg lukke til med.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*