Er bronsefinalen nødvendig?

Om nokre timar møtest Brasil og Nederland til ein kamp ingen av laga ønskjer å spele. Det handlar ikkje berre om at begge heller ville hatt ein kviledag for istaden å førebu seg til finale på søndag. Det handlar også om at dei meiner bronsefinalen er unødvendig og burde avskaffast.

Herverande kollektiv er ikkje frramandt for å gjere grunnleggjande endringar i korleis fotball-VM er organisert. Etter ein underveldande start på turneringa for fire år sidan, stilte Stein Ove like godt spørsmålet om den første kampen i gruppespelet burde vore forbode. Det er upåklageleg motstraums i ei tid kor ungdomspartileiarar, venstresosialistar i sjølvgranskarmodus og høgreparti i regjering nærast kappast om å markere avstand til forbodslina, men kanskje Louis van Gaal, Kjersti Toppe og Skrivekollektivet kan bli umake partnarar her?

Spøk til sides: Den nederlandske landsslagssjefen tok etter det bitre semifinaletapet for Argentina til orde for at det ikkje burde spelast bronsefinale i VM. Og uansett kor vanskeleg det kan vere å lytte til den ofte usympatiske van Gaal – han tok korkje ansvar for straffeuttaket eller for at han gjekk inn i straffekonken med Jaspar Cillessen mellom stengene, så snart nederlaget var eit faktum – så kan det tenkjast at han har eit poeng.

Det finst faktisk nylege døme på minneverdige bronsefinalar, sjølv om det ligg i deira natur at deltakarane handsamar dei som i beste fall ein trøystepremie, i verste fall eit verkande sår og påminning om eiga ulukke. Tyskland storkoste seg med å banke Portugal 3-0 i plasseringskampen i 2006, og oppgjeret om tredjeplassen mellom same land og Uruguay i 2010 var ein av dei mest underhaldande kampane i den turneringa. I framkant av dysten mellom Brasil og Nederland ikveld verkar likevel ein vesentleg ingrediens å vere mangelvare, nemleg interessa for å vinne. Ingen av landa vil sjølvsagt gå inn for å tape, men eg ser ingen gneist i oppladinga.

Normalt burde sjølvsagt Brasil gå heiltent til oppgåva. Etter ein av dei største og mest overraskande audmjukingane i VM-historia i semifinale-tapet mot Tyskland, skulle ein kanskje tru at laget var budd til å kjempe for å redde siste rest av ære i kveld. Det kan naturlegvis skje, men eg ville ikkje sett store pengar på det. Sjokket sit framleis i både hjå spelarar og publikum, og det er lite truleg at ein anstendig sistekamp vil vere nok til å lækje bitterheita og ei såra nasjonalkjensle. Dessutan er ikkje brasilianarane vane med å sjå på landslaget sitt som eitt som speler for korkje æra eller plasseringa. Det speler for å vinne – heile turneringa.

Det gjorde sjølvsagt Nederland også, når dei først fekk trua på at dei kunne komme seg igjennom VMs tøffaste gruppe. Difor er det ikkje råd å forvente at dei går laus på den ufrivillige bonuskampen med dødsforakt, sjølv om underskrivne før meisterskapen starten ville vurdert deira sjanse til å spele plasseringsspel som ein rein bonus. Dessutan speler det sjølvsagt ei rolle korleis dei vart eliminert i semifinalen. Straffespark-konkurransar er framifrå drama og endå betre fjernsyn, og kanskje til og med den beste moglege måten å kåre ein vinnar på, men dei er knusande for moralen til den som taper. Når vi tek med i likninga kva status ein VM-finale har hjå fotballspelarar, blir det med ein gong lettare å forstå dersom også nederlenderane helst skulle vore bronsekampen forutan.

Personleg er eg så glad i fotball på dette høge nivået, og så overtydd om at magiske einskildmoment kan oppstå utfrå sjølv dei minst fruktbare føresetnader, at eg gjerne ser at bronsefinalane overlever ein generasjon til. Skal det kårast ein vinnar mellom to, ser eg i utgangspunktet ikkje det skadelege i å kåre ein delvinnar mellom nummer tre og fire. Samstundes blir det, når ein tek med i vurderinga kor mange kampar desse verdsstjernene speler i løpet av ein lang sesong, forståeleg at ein kamp som helst appellerer til statistikarar, fanatikarar og dei som har interesse av å kryste ein størst mogleg sum ut av salet av TV-rettar, ikkje inspirerer til udelt entusiasme.

Europameisterskapen, som rett nok har færre deltakarland, har aldri halde seg med ein bronsefinale, og skulle VM finnast opp på nytt idag er det lite truleg at den ville blitt ein del av speleplanen. Debatten er verd å ta. Inntil vidare – det vil seie i kveld – vonar eg likevel at begge lag finn glød nok i seg til å ta ut det siste og vise at låge skuldre kan skape like underhaldande kampar som den innebygde spenninga som redda dei spelemessig ganske ordinære utslagskampane.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*