«Eg er heilt sikker på at landet kjem til å få ei regjering»

Til slutt fekk Siv Jensen nok. Leiaren for det som då – i 2009 – var landets største opposisjonsparti var lei av at alle spørsmål handla om kven som ikkje kunne samarbeide med kven på borgarleg side. Til naud fekk ho eit spørsmål om kven som var samla statsministerkandidat for den borgarlege blokka. «Eg er viss på at landet til å få ei regjering,» var Jensens ikkje-svar.

Særleg lenger har ikkje den danske opposisjonen kome, heller, trass i at den, til liks med kva norske meiningsfeller gjorde på dåverande tidspunkt, ligg godt an til å forvalte eit fleirtal etter neste folketingsval. Valet må haldast seinast neste haust, og sjølv om forsommarens opprør i Venstre sette mellombels fyr i meiningsmålingane, tyder mykje på at den borgarlege sigerstryggleiken er godt grunngjeven. Det er iallfall vanskeleg å tolke det monomane opphenget på kven som vil og ikkje vil samarbeide som noko anna enn eit teikn på at Venstre, Dansk Folkeparti, Liberal Alliance og Det Konservative Folkeparti, saman og kvar for seg, går med ei kjensle av at folketingsvalet alt er vunne.

For eit par veker sidan lanserte Anders Samuelsen, leiar i Liberal Alliance, at partiet var budd til å gå i regjering om det skulle vere naudsynt. Med karakteristisk bodskapsdisiplin gjorde han det samstundes klart at LA vil inn for å få reell makt; til å seinke skattane, slanke offentleg sektor og gjennomføre minusvekst i offentleg sektor. Konservative rykte ut og erklærte seg som storebror Venstres mest naturlege samarbeidspartnar, og utspelet frå Samuelsen vart dessutan delvis overdøyvd av ein open samarbeidsinvitasjon frå Dansk Folkeparti til Socialdemokraterne.

Men Samuelsens sommarprosjekt held fram i same leia, med ein kombinasjon av gjentekne politiske krav og breibeinte påstandar om eigen regjeringsdugleik. Ein reportasje i Berlingske på sundag illustrerte samstundes tydeleg at Liberal Alliance og Konservative har tenkt å halde fram kjeklinga og posisjoneringa så lenge dei begge trur dei har noko å tene på det. Hovudbodskapen frå Samuelsen var denne gongen eit ønskje om fleirtal for Venstre, Liberal Alliance og Dansk Folkeparti åleine. No var Samuelsen mindre interessert i LAs eiga eventuelle deltaking, poenget var snarare å så ideen om eit borgarleg fleirtal utan Konservative. Samuelsen latterleggjorde Konservatives gjennomslag i den førre borgarlege regjeringane (2001-2011), snakka syrleg om partiet tiltrekning til vindmøller, og jamførte det med eit barnehagebarn som helst vil leike åleine. Biletbruken til Samuelsen er ikkje heilt lett å gripe, bortsett frå at vindmøllemetafor nok syner til Don Quijotes vonlause kamp, men provokasjonen landa iallfall der den skulle. I ein freistnad på å ikkje la seg terge opp, kunne Lars Barfoed, partileiar for Konservative, likevel ikkje dy seg for å fortelje at han hadde vanskeleg for å ta utspelet frå sin meir liberalistiske rival alvorleg. Konservative og Liberal Alliance deler ikkje berre merkesaker, men også veljarar, og små parti har ikkje råd til å la direkte åtak passere ukommenterert, uansett om det let som om dei hevar seg over dei.

Når det er sagt, er det vanskeleg å sjå kva Anders Samuelsen kan og vil oppnå, utover å gjere Barfoed litt oppgitt. Det framstår for meg ikkje umiddelbart innlysande kvifor eit samarbeid mellom Venstre, Liberal Alliance og Dansk Folkeparti – helst med førstnemnde i regjering og dei to andre som støtteparti – skal klare å komme lenger i det borgarlege reformarbeidet enn ein liberal-konservativ allianse med DF klarte før dei. Hovudgrunnen til at den borgarlege blokka framleis klarer seg så godt samla sett, er nemleg at Dansk Folkeparti veks raskt, og i sakene som er viktigast for Liberal Alliance – og Konservative – (nullvekst, toppskatt), er Dansk Folkeparti ein mykje større bremsekloss enn Konservative.

I åra føre stortingsvalet i 2013 vart Høgre skulda for å sitje heilt stilt i båten, livredde for eitkvart tilløp til offentleg usemje på borgarleg side. Det tener Anders Samuelsen og Liberal Alliance til ære at dei ikkje er like engstelege for open debatt om så vel politikk som regjeringssamansetjing. Nokre gonger kan det som gjer ting meir komplisert også vere klargjerande

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*