Lukka er å vere «tidlegare leiar»

«Partileiar i Det Konservative Folkeparti» kan trygt leggjast til i lista over jobbar det nok er artigare å ha hatt enn å ha. For knapt to veker sidan offentleggjorde Lars Barfoed at tre år i spissen for den kronisk angstbiterske veslebroren i det  borgarlege Danmarks partifamilie var nok. Det skjedde berre nokre veker etter at avisa Berlingske hadde meldt at optimismen var på veg tilbake hjå konservative grasrotaktivistar som endeleg hadde overtydd kvarandre om at den kontinuerlege veljarlekkasjen no var stogga. Barfoed må alt då ha visst at han ikkje skulle vere den som fullførde snuoperasjonen, og disiplinerte græsrødder gjorde sitt beste for å hindre open misnøye med partileiaren i å tyte fram mellom linene.

Barfoed har i ettertid bore skulda for at Konservative ikkje lukkast i å utnytte den djupe tillitskrisa som råka Venstre-leiar og statsministerkandidat Lars Løkke Rasmussen tidleg på sommaren, og sjølv om Lars Barfoed gjekk av eiga vilje reknar mange EU-parlamentsvalet som ei medverkande årsak. Resultatet i seg sjølv var ikkje så ille, men det illustrerte tydeleg at heller ikkje Barfoed var mannen som kunne løfte meiningsmålingstala til Konservative. At partiet redda EU-mandatet sitt etter ein imponerande valkamp vart for ein stor del tilskrive populariteten til partiets toppkandidat, Bendt Bendtsen. Og her ligg det gøymt noko midt imellom eit paradoks og eit attkjenneleg i Det Konservative Folkepartis nyare historie. Det vil vere alt anna enn overraskande viss det å gå av som partileiar er byrjinga på ei fordelaktig revurdering av Barfoeds leiartid.

Partiet har tradisjon for dette: Per Stig Møller vart ein respektert utanriks- og kulturminister i Anders Fogh Rasmussens og Lars Løkkes regjeringar, sjølv om han mislukkast som partileiar. Nemnde Bendt Bendtsen vart ufordelaktig samanlikna med hovdingen Poul Schlüter og nedsetjande kalla «Mr. 10%», men i dag ville partiet jubla over liknande oppslutnad. Og til og med Barfoeds forgjengar, Lene Espersen, ser ikkje lenge ut som det feilskjeret alle var samde om at ho var, den gongen for tre år sidan då Barfoed måtte rykke inn og for å fylle tomrommet etter den fallerte utanriksministeren.

Sistnemnde døme bringer oss til overraskinga som om mogleg var endå større enn sjølve meldinga om Barfoeds avgang. Avløysaren var nemleg Søren Pape Poulsen, fram til nyleg borgarmeister i Viborg og eit totalt ukjend namn i rikspolitikken. Med seg som politisk ballast når Konservative skal setje saman eit lag som tek omsyn til at den nye leiaren manglar rikspolitisk røynsle, får han nettopp Lene Espersen. Ho gjer comeback som parlamentarisk leiar, noko som blir ein viktig post, ettersom Pape ikkje har plass i Folketinget.

Dette siste er noko Konservatiive vil freiste å snu til ein fordel. Pape får alle dei fullmaktene og forhandlingsrettane som ein partileiar vanlegvis har, men partiet vil selje han til opinionen som ein typisk outsider som kan komme utanfrå og seie nokre sanningsord til dei keisame vanedyra på Christiansborg. Tanken er spennande, men langt frå risikofri.

Neste folketingsval er maksimalt femten månader unna, og Konservative er heilt avhengige av at Pape kjem kjapt ut frå startblokkene. Det tek tid å etablere seg som eit namn på den rikspolitiske scena, og langt dei fleste som prøver har i det minste fått byggje seg opp som nesteleiarar eller framståande nasjonale talspersonar først. Pape har ikkje den innebygde attkjenningsfaktoren, men han må likevel setje seg i respekt med ein gong. Kjennarar av partiet insisterer på at Papes folkelege framtoning og nærleik til folks kvardagsliv som ordførar vil gjere det lettare for han både å tale deira språk og å stikke seg ut i rekkja av liktlydande talepunkt-maskiner, men han må også lukkast med å gjere Det Konservative Folkeparti umiddelbart relevant. Det blir ikkje ei lita oppgåve, i ei tid då Dansk Folkeparti er i sterk vekst, Liberal Alliance har regjeringsambisjonar, og Konservative ligg så lågt på meiningsmålingane at denne førre leiaren ymta om at partiet måtte ha auka oppslutnad for å gå i regjering.

Strategane i Det Konservative Folkeparti er sjølvsagt klare over at satsinga på Søren Pape gjev ei likning med mange ukjende, men det er talande for situasjonen at dei gjekk for han likevel. Mange sit med ei kjensle av at det står om partiets framtid. Det har skifta leiarar i høgt tempo i meir enn tjue år og mange føler no at Christiansborg-miljøet har forspelt sine sjansar. Å satse på Søren Pape er, som Per Stig Møller har innrømma, eit openbert sjansespel. Det gjekk ikkje særleg godt då SF valde ein partileiar med knapp erfaring for nokre år sidan, og Pape har allereie fått merke at fortida hans som mektig lokalpolitikar har nasjonal interesse. Men skal Liberal Alliance staggast og Det Konservative Folkeparti halde posisjonen som eit naturleg regjeringsparti for det borgarlege Danmark, lyt ein kanskje ta nokre sjansar iblant. Dansk politikk vert iallfall ikkje meir keisam av at landets mest tradisjonelle parti nett gjorde noko desidert ikkje-konservativt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*