Optimisme og løftebrot, redux

Av | 28. august 2014

Det kan skrivast minst to parallelle historier om regjeringssamarbeidet mellom Socialdemokraterne og det liberale sentrumspartiet Radikale Venstre på 1990- og 2000-talet. Den eine handlar om ein økonomisk snuoperasjon, å ta nokre grep for å setje «gang i 90’erne», som det heitte i statsminister Poul Nyrup Rasmussens (S) ord. Den andre forteljinga handlar om løftebrot. Nyrup sikra seg eit overraskande attval som statsminister i 1998, iallfall delvis på ein soleklar lovnad om at regjering ikkje skulle røre tidlegpensjonsordninga. Når S og R gjorde nettopp det etter budsjettforhandlingane året etter, var det byrjinga på slutten for sentrum-venstre-fleirtalet.

Tysdag la dei to partia igjen fram eit budsjettforslag, og det kan umiddelbart til at historia gjentek seg. Den overordna forteljinga som skal selje budsjettet og sikre attval, er at økonomien er i betring. Gjennom å føre ein stram og stundom upopulær økonomisk politikk har Socialdemokraterne og Radikal Venstre enno ein gong leidd Danmark gjennom ei tøff tid, men no er det tid for optimisme. Regjeringspartia strekkjer EUs krav om budsjettdisiplin langt og spår både høgare vekst og lågare arbeidsløyse enn i landa kringom seg. Desse anslaga frigjer pengar til etterlengta velferdssatsingar. Målet er at dette skal vere tilstrekkjeleg til å sikre ein budsjettavtale med Socialistisk Folkeparti, som sat i regjeringa fram til april i år, og det venstreradikale støttepartiet Enhedslisten.

Men så var det dette med løftebrotets historiske ekko. I valkampen i 2011 gjekk S og SF saman om å love reversering av ei tidlegpensjonsreform som Radikale Venstre hadde skaffa fleirtal for saman med dei borgarlege partia Venstre, Dansk Folkeparti og Det Konservative Folkeparti. Fallhøgda vart difor stor for venstresida då Radikale sette all si tyngd inn på at reformen skulle liggje fast, og i ettertid har det dessutan vist seg at ei halvering av perioden ein kan gå på dagpengar og ei dobling av gjenoppteningstida for dagpengerett råka langt  fleire enn ein først trudde.

Saka har ridd heile sentrum-venstresida som ein mare i heile folketingsperioden, ikkje minst fordi det eigentleg berre er Radikale Venstre som er tilhengjar av reforma. Freistnader på lappeløysingar har ikkje vore nok til å dempe uroa. Fagrørslas frustrasjon er høgst merkbar, og frigjort frå regjeringsansvaret har SF gjort felles sak med Enhedslisten i å forsøke å tvinge regjeringa til å gjere endringar. Den arbeidsroa S og R prøvde å kjøpe seg ved å tinge ei utgreiing av justering av reformkursen ein eller annan gong etter neste folketingsval, har snarare bidrege til å understreke at vi har med ei politisk hastesak å gjere. Det skuldast ikkje minst at ei eventuell delvis reversering står i direkte motstrid til narrativet om «økonomisk ansvarlegdom». Tidlegpensjonsreforma og dagpengekuttet baserer seg på det vi i Noreg kjenner som «arbeidslina». Den skal likevel ikkje berre syte for at det løner seg å stå lenger i jobb, men også spare inn eit større langsiktig underskot. Denne sida av saka er særleg viktig for å byggje opp det økonomiske truverdet til SR-regjeringa andsynes borgarlege vippeveljarar.

Men ettersom den fastlåste kampen om dagpengane på venstresida ikkje kan løysast utan at ei av sidene taper andlet, satsar regjeringa på at budsjettforhandlingane istaden skal få veljarane til å assosiere den med noko anna. Ideelt sett skal veljarane si merksemd difor flyttast over frå forteljinga om Socialdemokraternes «løftebrot» om dagpengar til forteljinga om økonomiske oppgangstider og trygg økonomisk styring. Dette er ei velferdsregjering, lover statsminister Helle Thorning-Schmidt og finansminister Bjarne Corydon (begge S), og difor har den sett av pengar til andre av SF og Enhedslisten sine krav. Dei to støttepartia veit at det vil vere nær umogleg å rikke regjeringa i dagpengespørsmålet, men frå eit veljartaktisk synspunkt treng dei heller ikkje gjere så mykje meir enn å sjå ut som at dei prøvde. Ei slik systerleg fordeling av veljartaktiske avmaktsdemonstrasjonar mellom SF, Enhedslisten og den interne opposisjonen i Socialdemokraterne gjev likevel ikkje særleg von om at sentrum-venstre-fleirtalet bergast ved neste folketingsval. Eg vil elles tilrå partistrategar i alle partia å ta ein snakk med Jens Stoltenberg om kor vanskeleg det kan vere å vinne val ved å jakta på flytveljarar med lovnader om trygg økonomisk hamn. At det gav utteljing for Poul Nyrup Rasmussen for tjue år sidan, er ikkje nødvendigvis ein indikator på at det kjem til å fungere igjen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*