Å vinne var den lette delen av jobben

Socialdemokraternas Stefan Löfven får førsteretten til å forhandle om ei ny regjeringsdanning. Miljöpartiet kjem til å gå inn i regjeringa, medan Vänsterpartiet blir halde utanfor. På noverande tidspunktet er det så å seie alt vi veit om det praktiske utfallet av søndagens riksdagsval i Sverige. Fredrik Reinfeldt, leiar for Moderaterna og statsminister dei siste åtte åra, trekte seg på valnatta frå begge verva, etter tilbakegang for samtlege borgarlege regjeringsparti og kraftig framgang for det innvandringskritiske partiet Sverigedemokraterna.

Med nær 13% av røystene i ryggen får Sverigedemokraterna ein potensiell vippeposisjon i Riksdagen, men sidan både sentrum-venstre og sentrum-høgre-blokka har sverja på at dei ikke vil styre på SD sin nåde, lyt det byggjast sak-til-sak-alliansar på tvers av blokkskilja. Og her blir det verkeleg komplisert. Sjølv om Löfvens S-Mp-regjering overlever innsettingsvotumet, er det førebels uklart korleis den veikaste mindretalsregjeringa i nyare svensk parlamentarisk historie skal lukkast i å skaffe støtte til eit statsbudsjett. Utestenging av Vänsterpartiet var truleg meint som eit signal frå Löfven til dei borgarlege sentrumspartia Centerpartiet og Folkpartiet om at hans regjering vil prioritere samarbeid mot midten, men alt her løper han inn i problem. Med mindre han lukkast i å etablere samarbeid med både C og Fp, er han avhengig av røystene til Vänstern i tillegg til minst eitt av sentrumspartia. Det kan vise seg å bli særs vanskeleg. Leiande sosialdemokratar freistar å roe observatørar med at Löfven, med bakgrunn som fagforeiningsmann, er ein røynd forhandlar, men i denne samanhengen er det kan hende vel så viktig at han er utan parlamentarisk rørsle.

Sidan nederlaget valnatta har dei fire partia i den borgarlege Alliansen – Moderaterna (svarer grovt til norske Høgre), Centerpartiet (ein langt meir marknadsliberal pendant til vårt Sp), Folkpartiet (eit sosialliberalt systerparti av Venstre) og Kristdemokraterna (i slekt med norske KrF) slege fast at samarbeidet står ved lag. Dei vil halde saman i Riksdagen og gå til val igjen som Alliansen i 2018. Ettersom semja om å isolere SD krysser blokkgrensene, påligg det dei likevel eit ansvar for å vere konstruktive overfor ei ny regjering, og vi ser små teikn til at lojaliteten internt i Alliansen ikkje er absolutt. Martin Ådahl, sjeføkonom i Centerpartiet, har uttrykt at han ikkje trur partiet vil røyste ned Löfven-regjeringa sitt budsjett, og Folkparti-leiar Jan Björklund opnar for at opposisjonen kan gjere mindre endringar i budsjettet etter at rammene er vedtekne. Men begge to strekar under at dei i utgangspunktet ikkje ser for seg eit formalisert samarbeid med S og Mp, og dessutan er det førebels uklart kor stor vekt ein lyt leggje på kommentarane deira. Ådahl er sentral i C, men ikkje i leiinga, og det etter eit elendig valresultat er det heller ikkje gjeve at Björklund har full autoritet i Folkpartiet.

Men den den kommande regjeringas parlamentariske slalomkøyring er ein ting. Kva skal det bli av politikken i slike usikre tider? Det er ikkje godt å seie. Alle dei tre raudgrøne partia gjekk til val på å vri fokus frå skattelette og privatisering til velferdssatsing og ein tydelegare klimaprofil. Socialdemokraterna treng gjennomslag for for ei storsatsing på nye arbeidsplassar, Miljöpartiet krev ei grøn skatteomlegging, og skal ein hindre at Vänstern blir eit regelrett opposisjonsparti krevst det truleg ei stramming  av høvet til å tene pengar på å levere velferdstenester. Kvar for seg er dette saksområde kor det er ei viss usemje dei raudgrøne imellom, og viss fleirtalet skal hentast med borgarleg hjelp, kan resultatet bli ein serie vasne kompromiss særmerkt av at ingen får det som i norsk politikk gjerne heiter «blanke sigrar». Ein gong var dette vurdert som eit heidersmerke og eit teikn på statsmannskunst, men spørsmålet er om det held i en situasjon kor eit høgreradikalt parti har sopt inn veljarar mellom anna på misnøye med dei profillause «etablerte» partia.

Kor lurt det er å halde fram isoleringa av Sverigedemokraterna kunne fortent ein eigen bloggpost. På den eine sida er det ingen tvil om at SD er eit ekstremt parti på innvandringsfeltet, som nyttar hardhendt retorikk og tek til orde for å skilje mellom borgarar som bur i Sverige. Å nærme seg partiet som eit vanleg parti vil utan tvil oppfattast som ei legitimering av ein rasistisk agenda. På den andre sida er det, med søndagens valresultatet i minnet, lite som tyder på at isoleringsstrategien har fungert så langt. Oppslutnaden om SD har tvert imot auka. Det beste svaret eg kan komme opp nett no liknar på det norske politikarar har gjeve, gjerne akkopagnert av mild resignasjon og aktiv hovudskaking: Dei etablerte partia må arbeide seg fram til ein måte å diskutere innvandrings- og integreringspolitikk på som gjev SD-veljarane ei kjensle av at uroa deira blir teken på alvor, samstundes som ein markerer avstand til dei usmaklege, rasistiske premissa SD legg for debatten. Det blir ikkje enkelt og det kjem ikkje til å lukkast over natta. Men lukkast, det må det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*