Tre favorittar frå BIFF 2014

Av | 5. oktober 2014

Onsdag denne veka vart den femtande utgåva av Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) avslutta. BIFF har vore eit årvisst høgdepunkt for bergenske cinefile og den jamne kinogjengaren, og det var ikkje annleis i år. Det vart meld om rekordbesøk og trass lunken interesse frå riksmedia fekk festivalen gode ord med seg frå kritikarane. For min eigen del feira eg tiårsjubileum på BIFF i år, og sjølv om mitt program korkje var like omfangsrikt eller spekka med uforgløymelege opplevingar som nokre tidlegare årgangar, fanst det likevel nokre titlar å merke seg til seinare. Her er tre favorittar:

The Better Angels (Regi: A.J. Edwards)

For nokre år sidan la eg om festivalstrategien min i ein tilsynelatande innlysande retning: I staden for å samle opp filmar med eit så stort geografisk og sjangermessig spenn som råd i ein slags von om å finne fram til den funklande diamanten som eg elles kanskje ville mist av syne, har dei seinaste gjorde det enklare for meg sjølv. No prioriterer eg heller filmane eg instinktivt har mest lyst til å sjå. Over tid har eg merka at det har drive opp den engelskspråklege delen av programmet, men sett vekk frå det har eg vanskeleg for å finne ein tydeleg samnemnar for kva som er ein typisk BIFF-film for meg. Likevel har eg kvart år ei von om å finne minst ein film som i tillegg til å råke meg på eit kjenslemessig nivå også er kapabel til å få meg til å sjå på sjølve filmskaparkunsten med nye augo.

Det er ikkje alltid det lukkast, men nokre lukketreff har det vore. I 2012 gjorde eg store augo av Leos Carax’ leikne rollespel Holy Motors, og i fjor bergtok Hayao Miyazaki meg med det animerte dramaet Vinden stiger. Årets kvote vart meir enn noko anna fylt av A.J. Edwards’ tol- og frimodige biografidrama The Better Angels.

No er det ikkje historia i seg, men forma den får som er det sentrale her, men filmen føregjev iallfall å portrettere den seinare amerikanske presidenten Abraham Lincolns formative år i Indiana, under oppsyn av ein streng far og to viktige morsfigurar. Denne ramma utvider Edwards ned filmatisk-lyriske stemningar som minner om filmane til med-produsent Terence Malick. Det kjennest frigjerande å oppleve ein film som så stilsikkert og utan redsel omfamnar biletkomposisjonen og det tenksame som det filmmediet mest av alt kan, i staden for å jage etter biografifilmens konvensjonar. Dette er ingen ‘Younger Mr. Lincoln’etter John Ford; her er få talande frampeik til den historiske stordomen sjåaren vel så gjerne kan tenkje seg til, berre scener frå et familieliv som tek si tid og skapar sin eigen rytme.

Det er ikkje godt å seie om, når og eventuelt korleis The Better Angels kjem til å bli gjort tilgjengeleg for eit ålment publikum her til lands, men interesserte lyt definitivt halde utkikk.

Love Is Strange (R: Ira Sachs)

Apropos festivalstrategiar og distribusjon: Love Is Strange er ein slik film som eg tidlegare ville prioritert vekk fordi den ved første augekast ikkje verka som ein viktig festivalflim. Tiltalande, javisst, men sikkert ein som like gjerne kunne plukkast opp på DVD ved eit seinare høve. Vel, no for tida er det stendig gambling å satse på distributørane sitt skiftande humør, og Love Is Strange vart uansett ei fornøyeleg fellesoppleving i kinomørkret ein fredag føremiddag. Veteranane John Lithgow og Alfred Molina speler Ben og George, eit homofilt par som vert tvinga til å leve på kvar sin kant for første gong i sitt førti år lange samliv. George får sparken som musikklærar når han gifter seg med Ben, og når husveret deira glipp må dei flytte inn hjå slektningar.

Eit stykke på veg ser Love Is Strange ut til å bli lite anna enn ei velturnert utgåve av den romantiske vaksenkomedien med homo-tvist. Den kjennest litt som ein slik film som får noko gratis fordi den på forsiktig vis freistar å utvide og tilpasse sjangerkonvensjonar til figurar med erfaringar som ikkje har vore vist fram på film tidlegare, og ein gang i framtida vil denne filmen kanskje verke opplagt og trygg. Men sjølv då vil det stå att nokre genuint ektefølte scener, vidunderleg komisk timing og venlegsinna kultur- og generasjonskløftsatire som går langt utanpå det meste anna i sjangeren. Det gjeld ikkje minst for «homokomedien» som, anten den vender seg til hovudstraums- eller nisjepublikummet, kunne hatt godt av eit like gjennomarbeidd manus som her. Regissør Ira Sachs kan stå framfor eit større gjennombrot med denne filmen, etter at den førre filmen hans, Keep The Lights On (som skuffa meg under BIFF i 2012), gjorde han til eit namn å rekne med.

Også Love Is Strange fortener eit stort publikum, og ville truleg fått det om nokon turde ta sjansen, men førebels verkar ei internasjonal DVD-utgjeving som beste bod på korleis du får sett den.

Starred Up (R: David Mackenzie)

Merittlista til regissør David Mackenzie er dominert av de psyko-seksuelle dramaene Hallam Foe (2007)og Young Adam (2003), men her gjev han seg i kast med den tradisjonelle fengselsfilmen. Som ofte før i filmane hans er det ein oppsiktsvekkjande rolleprestasjon som blir vår kjelde til innsikt og innleving, her ved Jack O’Connell (best kjen som Cook i den tredje og fjerde sesongen av TV-serien Skins). Mackenzie er kanskje ikkje like vågal her som tilfellet var med ugne Hallam Foe, men i framstillinga av den uregjerlege men sårbare Erics liv bak murane i eit høgrisikofengsel kor far hans (Ben Mendehlson) følgjer med frå ei anna celle på avdelinga, lukkast han i å vrengje ut og inn på nokre av dei tradisjonelle, ofte romantiske fengselsfilm-klisjeane. Den sinte, inneslutta unge mannen er attkjenneleg i britisk film frå klassikarar som Saturday Night and Sunday Morning (1960) og The Loneliness of the Long Distance Runner (1962), og fengselsvesenets økosystem kom under lupa i Jacques Audiards Profeten (2009), men Starred Up når kanskje ikkje helt opp på nivå med desse. Urimeleg samanlikningsgrunnlag skal likevel ikkje få underkjenne at Mackenzie ein framifrå O’Connell i den krevjande hovudrolla har skapt ein minneverdig, spennande og til slutt rørande outsider-film.

Midt i alt sitt uføreseielege raseri og gulgrå tristesse, er dette dessutan ein energisk film som tener på kinoframsyningas styrkar. Om det ålmenne publikummet er så heldige står att å sjå, men frå underskrivne kjem Starred Up uansett hjarteleg tilrådd.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*