Lille Danmark er en egen planet

Det kan vere fordi eg følgjer valkampen på lang avstand, men når DF-politikarar frå Kristian Thulesen Dahl og nedover har hevda at innvandringsspørsmåla «ikke har fyldt så meget» så langt, må eg erkjenne at eg ikkje anar kva dei snakkar om. Kva debattar har dei sett? Kva statsministerkandidatar trur dei Danmark har å velje mellom? Innvandring og integrering var eit eige undertema både i den første partileiardebatten på TV2 og i statsministerduellane mellom Helle Thorning-Schmidt (Socialdemokraterne) og Lars Løkke Rasmussen (Venstre). I tillegg til dette kjem ein eigen underdebatt om innvandrarar kvar gong ein borgarleg politikar snakkar om at det «skal betale sig at arbejde» (istadenfor å motta trygd, forstår vi), eller når ein sosialdemokrat seier om att at «kommer du til Danmark, skal du arbejde». Og då har eg ikkje nemnt konkurransen mellom V og S om kven som er mest imot at innvandrarar får jobb medan dei faktisk er i landet (då er det plutseleg ikkje så viktig at dei skal arbeide heller enn å gå tiltakslause), eller talkrigen om kor mange eller få av verdas mest utsette og forfølgte som søkjer asyl i Danmark.

I sum verkar det på meg som asyl-, innvandrings- og flyktningdebatten fylder rigtig, rigtig meget. Men kva veit vel eg?

Og meir skal det bli. Venstre ligg langt under valresultatet frå 2011, og sentrum-venstre-blokka henta att heile det årelange borgarlege forspranget i løpet av den første valkampen, så no skal der andre boller på suppen, som det heiter med eit festleg dansk ordspråk. Skjønt dei metaforiske bollene er ikkje så annleis likevel, dei er heller lagd på ei gammal, velprøvd oppskrift. Lars Løkke kjenner nok på seg at han har meir å vinne på å skremme med Socialdemokraternes og deres liberale regjeringspartner Radikale Venstres (R) «slappe udlændingepolitik» enn på endå fleire utspel om økonomisk overbod. For i Danmark talar ein konsekvent (og konstant) om «udlændinge», og trass i at S og R faktisk har stramma inn på asylfeltet, så har V lese statistikk som viser at Danmark no er eit meir populært ankomstland for ei tilstrøyming av flyktningar som dessutan blir større.

Det meste av auken kan forklarast med at det står dårleg til over store delar av verda i desse dagar, og sjølv ei Løkke-leidd regjering hadde måtta handtert flyktning frå Nord-Afrika, frå borgarkrig i Syria og IS-framrykking i Midtausten. Men Løkke vil ikkje høyre på det øyret, og dessutan er han ikkje statsminister enno. Difor følte han seg idag fri til å lansere ei tiltakspakke for «straksopbræmsning» av asylsøknader, som bå skal spare landet for så vel pengar som «integreringsproblem». Opposisjonsleiaren står knallhardt på at S og R har gjort det for økonomisk lukrativt å søkje seg til Danmark (Helle har gjeve ein nytilkomen familie med tre barn ti tusen kroner i «lønforhøjelse», heiter det), og følgjeleg har han tilsvarande klokkartru på at signalpolitikk kan snu trenden. Det er vel eit svar så godt som noko, så lenge verdas grufulle, geopolitiske realitetar ikkje får plass i korkje reknearket eller valkampplanen.

I borgarleg blokk haustar Venstre godord, men Radikale er fortørna over at V så kynisk sparkar på dei som ligg nede. Socialdemokraterne kommenterer at Løkke bommer viss han trur at det er økonomiske ytingar, og ikkje verdssituasjonen, som avgjer flyktningstraumen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*