99 prøveballongar

Av | 16. juni 2015

I boka The Oath: The Obama Presidency and the Supreme Court (Random House/Doubleday, 2012) tek Jeffrey Toobin eit oppgjer med førestellinga om at dommaren Anthony Kennedy skulle vere ein slags sentrumspragmatikar fordi han i mange saker utgjer den femte og avgjerande røysta i saker der retten deler seg på midten. Det er misforstått, meiner Toobin. Tvert imot er Kennedy ein radikalar, og han nyttar ofte høvet sitt som tunga på vektskåla til å trekkje fleirtalet så langt i si retning som råd. Han kan svinge langt til høgre og langt til venstre, men han trivast ikkje så godt i midten.

Somme tider kan eg vere freista til å seie det same om Det Radikale Venstre, det sosialliberale partiet som elles har ry på seg for å vere det einaste sentrumspartiet i dansk politikk. I tråd med Toobin-analysa fortener partiet verkeleg namnet sitt. Det svinger langt til venstre i ymse verdispørsmål, og utgjer, i lag med Socialistisk Folkeparti (SF) og Enhedslisten, eit makteslaust mindretal når det gjeld til dømes innvandrings- og asylpolitikk. I andre saker, som det meste som har med økonomi å gjere, finn vi partiet på den andre fløya: Budsjettdisiplinen er heilag, dagpengane skal kuttast, toppskatten bør ned og pensjonsalderen opp. Det siste har lege til grunn for regjeringssamarbeidet med Socialdemokraterne (S, tidlegare også SF) i denne perioden, og dei siste punkta er inkludert i partiets langtidsplan for dansk økonomi.

Radikale Venstre har, i sitt eitt-hundre-og-tiande år, fått ein debatt om det ligg for lite vekt på den sosiale delen av sosialliberalismen sin kontra den liberale. Det er eit høgst relevant spørsmål, og den som vurderer å røyste på partiet, gjer truleg lurt i å tenkje på Radikale som eit slags Anthony Kennedy-innslag i sentrum-venstre-blokka. Partiet er ikkje så mykje «sentrum» som det er beundringsverdig dyktig til å få samarbeidspartnarane til å følgje deira politikk mykje lenger enn dei i utgangspunktet er komfortable med.

Det kan ha samanheng med den sjølvsikre, nesten snusfornuftige måten partiet ofte presenterer standpunkta sine på. Radikale Venstres tilnærming til budsjettdisiplin, velferd og økonomisk politikk ber ofte preg av at det ikkje nødvendigvis berre handlar om å gjere det partiet meiner er rett. Det handlar også om ei sjølvforståing kor det å ta upopulære val om velferdsreformer og stram økonomistyring nærast har ein verdi i seg sjølv. Radikale er ganske enkelt framifrå når det gjeld å setje seg sjølv i scene som ein leverandør av «objektivt» korrekt politikk, understøtta av politiske ekspertar og gjerne moralsk underbygd av at den, til eit visst punkt, er ubehageleg å halde seg til for både høgre- og venstresida. Radikale likar å understreke at dei «tok ansvar for landet» då dei inngjekk forlik med dei borgarlege om tidlegpensjonsordninga og dagpengane. Om desse avgjerdene var rette eller ikkje, er sjølvsagt eit politisk spørsmål, men eg skal gje partiet rett i ein ting: Radikale Venstre er eit vaksent parti, og konsekvent ikkje-populistisk.

Til gjengjeld er det så radikalt forskjellig i den økonomiske politikken og verdipolitikken at det ikkje alltid er heilt lett å fatte kvifor partileiar Morten Østergaard nødvendigvis vil at sosialdemokraten Helle Thorning-Schmidt skal halde fram som statsminister. Difor har journalistane også, gang på gang gjennom valkampen, kunne rapportere om at Socialdemokraterne «afviser», «skyder ned» eller «helder [et forslag fra Radikale] ned ad brættet». Det gjeld ikkje berre auka skatt på bustad, lågare marginalskatt eller høgare pensjonsalder; no i valkampen har forslag om endå strengare dagpengereglar og å gjere det lettare å skaffe utanlandsk arbeidsplass møtt ein kald skulder hjå S. Då Margrethe Vestager i si tid gjekk i regjering med S og SF, hadde R ein vippeposisjon og sterk medvind frå veljarane å slå i bordet med. Etter at ho reiste til Brussel for å bli EU-kommissær har dynamikken endra seg: R har falle på meiningsmålingane i takt med at S har heva seg, og gjennom valkampen har etterfølgjaren Østergaard meir og meir likna ein frigåande tenkjetank med famnen full av prøveballongar. Han veit at at med det same han slepp ein til himmels, vil den – ja, nettopp – bli «skudt ned» av Helle Thorning-Schmidt, finansminister Bjarne Corydon eller kven det noe er spm uttaler seg på Socialdemokraterne sine vegner.

Noko av den offentlege splittinga kan sjølvsagt handle om ei medviten arbeidsdeling mellom S og R, kor utspel frå sistnemnde om lågare skattar og eit endå strengare dagpengesystem er meint å skulle lokke borgarlege veljarar over midten. Men når sentrum-venstre-blokka no, mot alle odds, faktisk har ein sjanse til å få fleirtal på ny, skuldast det ikkje Radikale, som ligg an til å gjere eit elendig val. Det er stabiliseringa til S, saman med at venstreorienterte veljarar flokkar seg om Enhedslisten og nykomlingen Alternativet kan gjere at båten ber.

Med alt dette sagt: Det er ikkje før etter valet at eit parti som Det Radikale Venstre kjem heilt til sin rett. Då er det viktigast å ha vippeposisjonen, ikkje kor mange mandat ein har i ryggen. Radikale har opp gjennom historia, og under både borgarlege og sosialdemokratiske regjeringar, vist at partiet er istand til å forhandle seg fram til større gjennomslag enn oppslutnaden skulle tilseie. Det galdt faktisk også i 2011. Så kanskje er det ikkje den idérike, men  mislukka valkampen vi må  måle Morten Østergaard på, men kva som står i den neste regjeringserklæringa?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*