Etter folketingsvalet: Socialdemokraterne

Av | 21. juni 2015

I 1992 felte Poul Nyrup Rasmussen Socialdemokraternes sitjande partileiar, Svend Auken, mellom anna fordi Aukens forhold til leiinga i Det Radikale Venstre var så dårleg at han ikkje lukkast i å bli statsminister trass i eit brakval i 1990. Året etter vart Nyrup statsminister.

I 2005 duellerte Helle Thorning-Schmidt og Frank Jensen om partileiarvervet. Thorning vann til slutt med 54% av røystene. I eit anna sosialdemokratisk parti ville ein truleg sagt at ho representerte «høgresida» medan Frank Jensen stod til «venstre», men i Socialdemokraterne heitte det framleis at Thorning var kandidaten til «Nyrup-fløya» og at Frank Jensen sokna til «Auken-fløya». Såra frå 1990-talet var enno ikkje lækja.

Den bitre førehistoria gjer det lett å unne eit parti så martra av personlege og politiske strider eit harmonisk leiarskifte. sjølv for meg, som tidlegare har slått til ords for at helst alltid bør vere meir enn ein kandidat til toppverva. Og harmonisk er berre førenamnet på den maktovertakinga som skjedde laurdag, då sentralstyret og den nyvalde folketingsgruppa konstituerte avtroppande justisminister Mette Frederiksen som ny partileiar. (Formelt vert ho vald på eit ekstraordinært landsmøte neste helg.) Det skjedde mindre enn to døgn etter at Helle Thorning trekte seg på valnatta, og allereie då gjekk langt i å slå fast den opplagte arvefølgja, med orda om at ho har vore Danmarks første kvinnelege statsminister, «men jeg bliver ikke den siste». Støtta til Mette Frederiksen har vore så brei at nokre sosialdemokratar for eit drygt år sidan helst såg at Thorning vart ein del av leiarskapen i EU, slik at leiarskiftet kunne skje «før tida».

Mette Frederiksen kan minne litt om Jens Stoltenberg, i den eine forstand at ho, slik Gro Harlem Brundtland ville ha Jens som partileiar alt i 1992, vart oppmoda om å gå etter leiarvervet allereie då mentoren Mogens Lykketoft trekte seg i 2005. I åra som har gått har har kanskje Trond Giske likevel vorte ei meir naturleg samanlikning, viss ho først skal jamførast med ein framståande norsk partifelle. Både Frederiksen og Giske slo igjennom som representantar for venstresida – eller, det var iallfall slik det vart skildra/og-eller haussa opp av andre – men båe har over tid gradvis bevega seg inn i det konsensusprega sentrum. Frederiksen fortel til dømes i denne portrettsamtalen om korleis ho har endra meining om innvandrings- og arbeidsmarknadspolitikken. Ho er ikkje heilt uomstridd – dei første to avsnitta burde kunne illlustrere at danske sosialdemokratar har elefantminne – men alle er samde om å gje henne ein sjanse.

I første omgang vil den politiske lina frå Thorning-æaren sannsynlegvis liggje fast (ikkje minst fordi partiet faktisk fekk auka oppslutnad)ø, men her ligg det nokre utfordringar. Socialdemokraterne er eit mer samla parti enn på lenge, og veljarane må føle at den politikken dei røyste for på torsdag framleis er den som gjeld. Samstundes er det sant, som Sigge Winther Nielsen skriv i Politiken (bak betalingsvegg), at eit leiarskifte også må innebere ei kjensle av at det har skjedd noko. Skal Mette Frederiksen få ryggdekning for å velje sin eigen veg, må ho dessutan, framleis ifølgje Winther Nielsen, syte for å halde orden på sitt notorisk uregjerlege parti. I tiår har Socialdemokraterne delt seg i såkalla «kaffeklubber» (det minner om det som i den amerikanske kongressen vert kalla «caucuses») som er viktige for å måle kvar maktbalansen ligg. Dessutan er ho avhengig av å finne interessante politiske poster til ei folketingsgruppe som no også inkluderer mange tidlegare statsråder. Winther Nielsen oppsummerer det slik: «(…) [D]en ’intellektuelle kapacitet’ (…) er forbavsende stor i den nye S-gruppe. Det betyder til gengæld, at mange også har høje tanker om sig selv.»

Eg har tidlegare skrive om leiarvervet i Det Konservative Folkeparti at det kan verke som ein posisjon det er «artigare å ha hatt enn å ha». Så gale er det ikkje i Socialdemokraterne – ikkje minst fordi du per definisjon vert ein mogleg framtidig statsminister. Men lett er oppgåva ikkje. Når det no tyder på at  den gamle «kaffeklub»-strukturen er i ferd med å erstattast av ei gruppering (1) som famnar breiare men med fleire mektige folk i rekkjene, kan situasjonen verte meir oversiktleg for Mette Frederiksen – eller ho kan komme til å oppleve at ho vert halde tilbake av nettverk i folketingsgruppa. Korleis ho handterer spelet på dei indre linene vil ha sitt å seie for kva politikk ho kan servere veljarane – og kor vellukka hennar første leiartid vert.

**

KILDER:

(1) Larsen, S., P. Mathiessen & H.C. Blem: «Henrik ‘Sjus’ bliver Mettes stærke mand. Sass Larsen bliver en særdeles sterk nummer to hos Socialdemokraterne», EkstraBladet, 21. juni 2015.

**

I serien «Etter folketingsvalet» vil vi dei neste vekene skrive om kvar dei danske partia står, med særleg vekt på valresultatet, den nye folketingsgruppa og strategiske utfordringar framover.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*