Danmark: Endå ei regjeringskrise avverja

Det borgarlege Danmark held fram med å styre landet etter ein trugsmål/mot-trugsmål-logikk. Liberal Alliance trugar jamleg med alvorlege konsekvensar viss Venstres svake mindretalsregjering, leidd av statsminister Lars Løkke Rasmussen, ikkje går med på å seinke toppskatten. Då svarer Venstre med å utsetje forhandlingane. Så truga Det Konservative Folkeparti med å røyste for mistillit mot landbruksminister Eva Kjer Hansen, fordi landbruksavtalen innebar høgare utslepp av sprøytemiddel enn ho hadde gjeve Folketinget inntrykk av. Inntil Kjer Hansen sjølv gjorde det einaste rette og trekte seg, hadde statsministeren, i tråd med nullsum-dynamikken, varsla at han var budd på å skrive ut nyval for å tvinge Konservative i kne. Og då er vi framme ved siste utspel, ved inngangen til påska. Partileiar i Konservative, Søren Pape Poulsen, gav Kjer Hansens etterfølgjar som landbruksminister, Esben Lunde Larsen, eit ultimatum: Viss han ikkje kunne garantere tiltak for å redusere utsleppa frå landbruket, kunne det få politiske konsekvensar. Det er slik språkbruk som, dersom den til dømes inneber at partiet vil sjå seg om etter å danne fleirtal utan regjeringa, kan utløyse regjeringskrise.

Vi var vel ikkje så mange som trudde at denne siste holmgangen kom til å ende med ei ny, djup krise i tilhøvet mellom dei tidlegare regjeringspartnarane Venstre og Konservative. Det er grenser for kor ofte ein kan truge med å audmjuke ei regjering utan å følgje opp, iallfall viss ein vil at trugsmålet skal takast alvorleg. Og dei underliggjande vilkåra har ikkje endra seg. Korkje Venstre og Konservative har mykje å tene på å gå til kanten ein gang til, sjølv om oppslutnaden om K faktisk fekk eit mellombels oppsving under Kjer Hansen-sakas sluttrunde i februar.

Partia må ha vurdert situasjonen på liknande vis, for i dag melder Søren Pape at han og Esben Lunde Larsen er samde om å kalle inn regjeringas to andre støtteparti, Dansk Folkeparti og Liberal Alliance, til forhandlingar om ei ny «naturpakke», som – og her er nøkkelformuleringa som skal gje K ryggdekning – «vil indeholde kvælstofreducerende tiltag». Pape legg dette fram som ein «garanti», og erklærer difor full siger.

Det kan vere vanskeleg å forstå korleis ein så liten del av eit større sakskompleks som landbrukspolitikken fekk så stor politisk sprengkraft. Den mest sannsynlege, nokså samansette forklaringa, er at K for det første har konkludert med at eit av særdraga som skal skilje partiet ut frå hopen av borgarlege parti, er omsorg for miljøet. Partiet aner at mangelen på eit erklært grønt parti på borgarleg side kan gje høve til vekst. Dinest står det nokså klart at K har følt seg oversedd og teke for gjeve av Venstre over lang tid. Det verkar og som om K vart provosert av at Venstre og Espen Lunde Larsen i utgangspunktet var innstilt på å handsame statsrådsskiftet som slutten på soga om landbrukspolitikken. Men for K handla den faktisk ikkje berre om manglande tilitt til Eva Kjer Hansen. Den handla også om å rette opp ein politisk kurs som gav for mykje slingringsmonn til landbruket.

Eit nøkkelspørsmål er likevel kor lenge det borgarlege samarbeidet kan halde fram, viss ein også i framtida slit så durabeleg med å finne akseptable kompromiss. Er det ikkje Liberal Alliance som er misnøgde, så er det Konservative, og Dansk Folkeparti veit ein heller aldri heilt kvar ein har. Eg kan like godt skrive det på: Krisa er over, men det er mistru igjen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*