Norge: If you can’t beat them…

Av | 12. januar 2017

Det er ikkje grunn til å ta veldig på veg for at stortingsrepresentant Abid Raja har skrive eit intern diskusjonsnotat for Venstre si stortingsgruppe der han drøftar om partiet bør freiste å invitere seg inn i Høgre/FrP-regjeringa føre stortingsvalet. Slike diskusjonar går føre seg i mindre formelle former og fora heile tida, og det speler faktisk ei helt vesentleg rolle når forfattaren sjølv strekar under at notatet ikkje var meint for allmugen. Det skulle drøfte eit mogleg scenario, utan å låse utfallet.

Når det er sagt, så er det talande for kva situasjon Venstre står i. Med tre-kvart år att til stortingvalet og ei fersk VG-måling på 3,2% som nok er eigna til å skjerpe uroa ytterlegare, er det faktisk ikkje unaturleg at sjølv slike ekstreme moglege løysingar blir drøfta. Venstre fekk mykje merksemd, men lite gjennomslag i løpet av ein traumatisk budsjetthaust, og over dei siste tiåra har det knappast vore unnataksvist at Venstre har falle under sperregrensa på fire prosent (1993, 2001, 2009). Isolert sett har Abid Raja sikkert også rett i at eit knippe statsrådar og makta som dagsordensetjar nok kunne auka sjansen for at Venstre får eit akseptabelt valresultat.

Når eg likevel trur Trine Skei Grande ville avvist konklusjonen også dersom notatet ikkje hadde nådd ålmenta via pressa, er det minst to grunnar til det: For det første at Skei Grande, som sjefsforhandlar og øvste ansvarlege for Venstre sitt politiske gjennomslag, har røynt på ein ubehageleg måte at det sit umåteleg langt inne for regjeringspartia å gje Venstre vesentleg gjennomslag på partiet sine kjernesaker. Å vere synleg er ikkje naudsynleg ein føremon, dersom det som får auka merksemd er at eit svinebunde Venstre er like makteslaust i regjering med Høgre og FrP som utanfor.

Dessutan mistenkjer eg at ein snuoperasjon frå 0Venstre si side no ville bli møtt med djup skepsis frå potensielle veljarar. Det er i utgangspunktet når motparten kjem deg i møte at du kan diskutere tettare samarbeid, ikkje når avstanden framstår som større enn nokon gong. Risikoen er også stor for at eit plutseleg regjeringssamarbeid kunne fått Venstre til å framstå som svake, tvinga av omstenda og dårlege målingar til å forlate den siste skansen. Dei taktiske vurderingane bak er heller ikkje vanskelege å få auge, og slikt gjev neppe heller veljarvinst.

Oppsummert: Det mest interessante med skrivebordsøvinga «H/FrP/V-regjering» er at den i det heile fekk status som underhaldande tankespinn i nokre timar så kort tid føre stortingsvalet. Men det er inkje som tyder på at ideen vart seriøst vurdert. Sjølv tviler eg sterkt på om Abid Raja sjølv såg på saka som noko meir enn eit tankeeksperiment.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*