Snart folketingsval: Venstre

Av | 3. oktober 2022

«Her er højt til loftet og langt til døren», heiter det tidt når Venstre-folk snakkar om eigen partikultur. Ein lyt forstå at det er i kontrast til Socialdemokratiet, som legg lok på intern debatt, og Dansk Folkeparti, som jagar vekk annleistenkjarar. Det kan vere det stemmer. Men det hjelper kanskje ikkje med takhøgd og bemanna hovuddør viss folk berre strøymer ut bakdøra eller stimlar saman i branntrappa istaden?

Sidan førre folketingsval har Venstre mista ei rekkje store profilar: Tidlegare statsminister Lars Løkke Rasmussen og tidlegare nestleiar, Inger Støjberg, har skipa nye parti, og tidlegare parlamentarisk leiar, Britt Bager har, tilliks med justispolitikaren Marcus Knuth, meld overgang til Det Konservative Folkeparti. I tillegg har Tommy Ahlers, næringslivskjendisen som var ein populær statsråd, sagt frå seg folketingsplassen. Det same gjeldt Karsten Lauritzen og eks-nestleiar Kristian Jensen. Bertel Haarder trekkjer sine tjueto år med statsrådserfaring ut av den felles minnebanken etter neste val; det same gjer den røynde Ulla Tørnæs og partilegenden Claus Hjorth Frederiksen. Ellen Thrane Nørby, tidlegare undervisningsminister og nestleiarkandidat, vil heller satse på å verte ordførar i heimtraktene. Og sjølv ikkje denne lista er komplett.

Kvar einskild har sikkert sine grunnar til å flykte, men når lista vert så lang er det ein smertefullt tydeleg illustrasjon av ei djup og langvarig krise i det sjølverklærte «Danmarks Liberale Parti». Iallfall var det fleire som kommenterte at det ikkje var før valkampen føre folkerøystinga om forsvarspolitikk i våres at Jakob Ellemann-Jensen for alvor slo gjennom som partileiar. Då hadde han aksla vervet sidan 2019, som den som sto att etter at Lars Løkke Rasmussen og Kristian Jensen trekte kvarandre med i dragsuget. Løkkes sjokktrekk med å føreslå ein koalisjon ved Socialdemokratiet hadde rive opp stinga etter eit tiårs politiske og personlege fløystrider. Som styringsparti var Venstre utmatta, men i staden for å kveikje kamplysta med politikk, måtte Jakob Ellemann frå starten seie seg qq

Det siste råka, forutan ein Lars Løkke i sakte glideflukt, også Inger Støjberg, som ikkje lenge etter vart del av ein dødsdømd lagnadsfellesskap som Ellemanns nestleiar. Tanken var at summen av den sentrumsorienterte Ellemann og Støjberg, ein liberal-konservativ verdikrigar, skulle femne om heile partiet. Slik skulle det ikkje gå. Det vart tidleg klart at leiarduoen ville heilt ulike ting med Venstre, og etter regjeringsskiftet i 2019 var det dessutan fleirtal for å ei kommisjonsundersøking av Støjbergs moglege brot på ministeransvarslova som innvandringsminister. Den heilt korte versjonen av den historia er som kjend at Støjberg – med røystene frå eit fleirtal av Venstres folketingsmedlemmer – vart stilt for Riksretten, dømt til to månaders fengsel, og deretter funne uverdig til å sitje i Folketinget. Skal me tru Støjbergs eigne ord, var det heimve og denne påtvungne arbeidsroa som så overtydde henne om at ho laut stifte Danmarksdemokraterne.

Parallelt med alt dette har Venstre balt med å stake ut ein tydeleg politisk kurs, ikkje minst forstyrra av at pandemien tok mykje av energien i lang tid. Nokre overordna bodskapar har likevel kunna samle seg bak. Med utgangspunkt i ei innramming av Venstre som det frie mennenskets og det frie valets parti, har Ellemann mellom anna hamra laus mot Mette Frederiksens «maktsjuke» og tvangsnedlegging av privat næringsverksemd (minkskandalen), og han har lova å skrote Socialdemokratiets framlegg om å fordele elevinntaket etter foreldras inntekt. Den slags skaper entusiasme på grasrota i partiet, og er eit teikn på styrkt autoritet når Ellemann nyleg, utan alvorleg intern kritikk, avblåste Venstres ambisjonar om å fjerne Socialdemokratiets såkalla slitarpensjon.

Likevel skal du ikkje skrape djupt i overflata før verdispørsmåla utfordrar samanhaldet. Berre det siste året har hijabforbod i skulen og EU-reglar om øyremerkt pappaperm fått internkritikken til å gløde.

**

Det har definitivt vore ei træls (1) tid for Ellemann og Venstre. Dei mørkaste meiningsmålingane gjev lågaste oppslutnad sidan 1980-talet og ei halvering sidan 2019. Denne gongen vågår Søren Pape Poulsen frå Det Konservative Folkeparti sogar å utfordre Venstres tilsynelatande gudegjevne førsterett på statsministerposten i ei eventuell borgarleg regjering. Men samla sett peikar dei i det minste på eit flertal for ei ny regjering. Og då kan kanskje hjerneflukta frå Venstre vise seg å vere sviande hell i uhell: Blir Venstre juniorpartnar i regjeringa, treng jo Ellemann uansett færre namn på ministerlista.

___

  1. «træls» er eit jysk dialektord for noko som er leitt, vondt eller vanskeleg. Mellom politikarar frå Jylland er det ikkje berre vanleg å nytte dette ordet, men dessutan å pakke det inn med standardfrasen «for nu at sige det på jysk». Jylland er frå gamalt Venstres kjerneområde, men i 2015 gjekk Dansk Folkeparti kraftig fram. I 2022 har ikkje minst Inger Støjberg teikna opp ein kontrast mellom det ho kallar «jysk snusfornuft» og politikar- og kultureliten, som talar mest med kvarandre «i de finere saloner i København». Det høyrer med til historia at Inger Støjberg har var folketingsmedlem frå 2001 og statsråd i fleire omgongar mellom 2009 og 2019.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*