Snart folketingsval: Enhedslisten

Av | 28. september 2022

Då det lenge venta sentrum-venstre-fleirtalet vart ein realitet etter folketingsvalet i juni 2019, var det ikkje berre Mette Frederiksen som var førebudd. Det galdt også for støttepartiet Enhedslisten. Tidlegare tiders diskusjonar om eit sosialistisk parti kunne forhandle med Socialdemokratiet var avslutta for lengst, i det kravstore samarbeidets favør. No skulle det istaden handle om forplikting og smertegrenser.

Tilnærminga var logisk. Linja blei lagt av folk som Pernille Skipper, Rune Lund og Pelle Dragsted, som alle hadde sin del av æra for at den kontinuerlege kampen mot sperregrensa låg meir enn eit tiår tilbake i tid. Samstundes var den forma av røynslene frå førre gongen EL hjelpte ein sosialdemokratisk statsminister til makta. Det var i 2011, då Helle Thorning-Schmidt fekk med seg Socialistisk Folkeparti og det liberale sentrumspartiet Radikale Venstre i regjering. Gode forhandlingsevner og eit overraskande godt valresultat gjorde at Radikale fekk gjennomslag for ei borgarleg hovudretning på den økonomiske politikken. Det smerta Enhedslisten i det daglege, men tilhøvet til regjeringa surna fullstendig hausten 2012, då finansminister Bjarne Corydon (S) braut budsjettforhandlingane med EL for i staden å kunngjere ein avtale med Venstre og Det Konservative Folkeparti, tinga fram i løynd og til overmål med lågare selskapsskatt og reduserte sosiale ytingar på innhaldslista. Det var då ein, etter eige utsegn “rasande” Johanne Schmidt-Nielsen (EL) leverte den beinveges klassiske replikken om at “regeringen pisser på de vælgere, som har stemt på dem.” Enhedslisten var ikkje lenger støtteparti. Partiets problem var berre det at det ikkje hadde andre stader å gå. Sidan alternativet var ei borgarleg regjering, var EL tvinga til å halde Thorning ved makta, sjølv etter at SF forlet regjeringa i 2013.

Ei slik audmjuking ville ein for alt i verda unngå å oppleve igjen. Difor nytta partitoppen åra i opposisjon til Lars Løkke Rasmussens (då V) regjeringar til å meisle ut ein ny politisk strategi. Partiet stilte opp tydelege krav knytte til klimapolitikk, velferd og sosial omfordeling, og slo fast ein ville ha ein bindande politisk avtale med regjeringa. Klok av skade vart det dessutan opna for at ein i gjevne tilfelle kan felle ei sosialdemokratisk regjering.

Arbeidet munna til slutt ut i ein tilslutnad til det såkalla “forståelsespapiret”, avtalen S, SF, R og EL skreiv under på då Frederiksen-regjeringa tiltrådde. Den varsla nokre konfliklinjer som er vorte meir synlege i løpet av perioden, når formuleringar som i første omgang skulle avverja forlis i forhandlingane fekk prøve seg mot den politiske røyndommen. For Enhedslisten gjeld det til dømes klimapolitikken, nivået på sosiale ytingar og synet på økonomiske reformer og arbeidsmarknaden.

Men kven som har vore den tøffaste motstandaren har variert. I klimapolitikken har EL langt på veg kunna gjere felles sak med SF og R. I deira eiga framstelling, har dei måtta trekkje klimaminister og landbruksminister Rasmus Prehn etter håret, for å – vindmølle for vindmølle, tonn for tonn CO2 – nærme seg avtalens lovnad om 70% utsleppsreduksjon. Regjeringa set sin lit til at teknologiske framsteg skal gjere jobben i framtida, medan samarbeidspartia pressar på for handling her og no, gjennom til dømes klimaavgifter og omlegging av jordbruksproduksjonen.

I arbeidsmarknadspolitikken har EL og R til gjengjeld kjempa ein kontinuerleg kamp frå forståelsespapirets første dag. Eit av Enhedslisten få, bastante krav var at dei særs låge. særskilte stønadene til sosialhjelpsmottakar og nytilkomne skulle aukast. For eit sosialistisk parti er dette eit spørsmål om å motverke fattigdom og klasseskilje. Det kunne R for så vidt gå med på, men berre dersom denne politikken vart supplert med tilsvarande tiltak for å auke tilgangen på arbeidskraft på anna hald. Ved slutten av ein kort valperiode ser resultatet ut som eit klassisk kompromiss, ikkje minst fordi ingen kan seie seg heilt nøgde: Dei sosiale ytingane er auka for nokre grupper, men til gjengjeld er det – utan støtte frå Enhedslisten – vorte lettare å henta utanlandsk arbeidskraft. Radikale meiner at dette er essensielt for å sikre økonomien på kort og lang sikt, medan EL hevdar at denne arbeidskrafta bør finnast mellom jobbsøkjarar i Danmark.’

Men sjølv om talskvinne Mai Villadsen innleidde haustsesongen med ei breiside mot Radikale Venstre, og uansett om ho meiner regjeringa er altfor nølande i klimapolitikken, så trur eg EL eigentleg har trivst ganske fint med å vere eit medansvarleg korrektiv til Mette Frederiksens styre. Viss ein skal dømme etter korleis konturane av neste folketing ser ut, så har dei har dei beint fram hatt grunn til å nyte desse tre åra.

Medan plutseleg sjølvtrygge, borgarlege partileiarar er opptekne av å hevda den blå blokkpolitikkens attkome, så er tonen ein annan på venstresida. Som tradisjonelt vippeparti set Radikale Venstre no mykje prestisje inn på at Danmark skal få ei fleirpartiregjering som samarbeider over midten. Mette Frederiksen fortel alle som vil høyre at ho ikkje stengjer døra til regjeringssamarbeid med borgarlege parti. Båe understrekar at det hadde vore fint viss fløypartia fekk mindre dei skulle sagt. Underforstått: Då vert vegen til påverknad lang for EL.

«Enhedslisten = SF + tid», har Weekendavisens kommentator, Arne Hardis, skrive om venstresosialistane si utvikling. Det er både presist observert og vittig. Enhedslisten har kanskje ikkje komme heilt dit at neste steg er å søkje regjeringsmakt, men prosessen fram mot å oppfatte seg som ein parlamentarisk partnar for ei sosialdemokratisk regjering, liknar den som til slutt posisjonerte SF i Thorning-koalisjonen for eit tiår sidan. EL har i tillegg sjansen til å lære av SFs feilsteg.

Parallellen held også når det gjeld utanrikspolitikken. Enhedslisten er rett nok ikkje klar til å gå like langt som SF; midt 2000-talet hadde SF flytta seg frå unionsmotstandar til skeptikarar til å verte eit direkte pro-europeisk parti. Men etter eit konflikfylt landsmøte denne våren, er ELs offisielle haldning no at ein skal freiste å få gjennomslag for å gjere EU meir progressivt, ikkje å melde seg ut. Inkludert i eit overtydande fleirtal fanst også mange som ville slå fast ein endå meir EU-positiv kurs.

NATO-medlemsskapen er eit anna spørsmål som truga med å gjere våren nær på umogleg for Enhedslisten. Kravet om at Danmark skal melde seg ut av militæralliansen har vore offisiell politikk nær sagt til alle tider. Russlands åtakskrig og Sverige og Finlands innmeldingsiver fekk likevel fleire til å tenkje gjennom saka på nytt. Mai Villadsen slo på direkte spørsmål fast at det ikkje var aktuelt å melde seg ut «i dag, i morgen eller i overmorgen«. Det utløyste ein debatt i partiet som me også har kunna følgje i deira norske systerparti, Raudt. Sentralstyremedlemen Mikael Hertoft – som allereie hadde gjort seg kjend ved å hevde at krigen i like stor grad var eit resultat av Vestens og Zelenskyj-regjeringas politikk – kravde ei oppstramming av NATO-standpunktet. Også her fekk landsmøtet siste ord, Villadsens linje vann.

*

Så kva står att for eit sosialistpartiet som var erklært revolusjonært for berre nokre år sidan? Det kunne vere ytterlegare steg mot å verte eit «vanleg» venstreparti. Det eine handlar om intern organisering, det andre om synet på makt.

I dag har Enhedslisten eit rotasjonsprinsipp på folketingslistene som gjer at parlamentarikarane deira høgst kan veljast til to heile valperiodar etter kvarandre. Styrken med ordninga er at ein over tid får spreidd dei viktigaste verva på fleire personar. Håpet er at denne regelen skal sikre kontinuerleg rekruttering og hindre at også enhedsfolk gror fast som karrierepolitikarar. Det er ein argumentasjon som førebels har overtydd grasrota, som seinast på årsmøtet i 2020 vedtok å halde fast ved ordninga.

Hjå dei som grådressen og finskoa på, ser saka litt annleis ut. Dei opplever at jamleg utskifting gjer at partiet mister verdifull politisk og institusjonell kunnskap og røynsle, og at ein risikerer å måtta avskilte partiprofilar nett i det dei har opparbeidd seg eit namn som kan trekkje interesse og nye veljararar til partiet. Tilhengjarane av ein meir konvensjonell leiingsstruktur har neppe gjort sin siste framstøyt. Det ironiske er at Johanne Schmidt-Nielsen, Pernille Skipper og Mai Villadsen, som alle har vilja endre regelen, er tre framifrå døme på at Enhedslisten har makta å sleppe fram nye talent også innanfor rotasjonsregimet.’

Men ein ting er korleis røynda ser ut frå Christiansborg. Viss Enhedslistens sjølvsagte plass ved forhandlingsbordet verkeleg går mot sin slutt, slik målingane tyder, må ein kanskje sjå andre stader for å spå om partiets framtid. Til Københavns Rådhus, til dømes. Der har Enhedslisten nyleg delt ut korta heilt på nytt, ved å gå i lag med ei brei vifte av borgarlege parti om neste års bybudsjettavtale. Enhedslisten følte seg sett til sides av byens regjerande sosialdemokratar, og bestemte seg for å la valmatematikken telje.

Mykje er sjølvsagt ulikt mellom Folketinget og kommunalpolitikk, men viss hovudstadssjokket er ein indikasjon på at Enhedslisten no har fått smaken på makt på alle nivå, er det eit potensielt nybrot på dansk venstreside.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*