Danmark: I u-Boje-leg opposisjon

Av | 30. april 2024

Dronning Margrethe kan ikkje godt avvikle monarkiet på eiga hand, men ho andre som innleidde året med ein overraskande abdikasjon, trudde ho hadde sjansen til å trekkje opp stigen etter seg. På årsdagen for at ho trekte seg som partileiar første gong og berre nokre månader etter at ho forsikra utsendingane på Nye Borgerliges landsmøte om at hennar naudutløyste comeback var utan sluttdato, kunngjorde Pernille Vermund at ho, saman med folketingkollegaen Kim Edberg Andersen, hadde oppløyst folketingsgruppa og fått sentralstyrets samtykke til å leggje ned partiet. Vermund framstilte det som ei nådehandling for å hjelpe medlemene over i andre parti. Frå kommentatorhald fekk ho ros for sjølvinnsikta, og for at lukinga i det borgarlege bedet kan redusere risikoen for bortkasta røyster i neste folketingsval, når særleg Dansk Folkeparti får ein mindre konkurrent mindre om dei høgrepopulistiske veljarane.

Men det viste seg at det først og fremst var Vermund og Edberg som var interesserte i å finne nye tilhaldsstader; ho i Liberal Alliance, han hjå Danmarksdemokraterne. Att på branntomta stod nokre forlatne medlemmer i eit parti som rett nok var utan representasjon i Folketinget, men Nye Borgerlige har framleis folkevalde i kommunestyre og regionråd over heile landet. Grasrotrepresentantar byrja leggje planar for eit landsmøte som skulle ta stilling til om partiet skulle nedleggjast, og eventuelt velje ny leiing dersom det var ønskje om det. Det var denne forsamlinga som nyleg tilnærma samrøystes valde Martin Henriksen frå Stevns til ny partileiar. For eit parti som opphavleg kombinerte ein liberalistisk økonomisk politikk med hardhendt innvandringsmotstand, signaliserer det om ikkje anna ei tydeleg retning: Gjennom sine femten år som folketingsmedlem for Dansk Folkeparti (han freista faktisk å bli partileiar for berre to år sidan) var han nesten utelukkande kjend for det sistnemnde. Her skal ein til gjengjeld rekne med ei radikalisering. Der Vermund i si siste tid prøvde å posisjonere Nye Borgerlige som eit parti som kunne inngå budsjettforlik med SVM-regjeringa og ønskte utanlandsk arbeidskraft velkomen, åtvarar Henriksen mot «befolkningsudskiftning» og lover hard opposisjon, ikkje berre mot sentrumsregjeringa, men mot andre, ettergjevande borgarlege parti.

Å halde partiet på beina var truleg den enkle delen av jobben. Så lenge medgrunnleggjar Peter Seier Christensen er langtidssjukemeld står Nye Borgerlige framleis utan representasjon på Christiansborg, etter at først Mette Thiesen og Mikkel Bjørn Sørensen, og seinast Kim Edberg og Pernille Vermund forlet partiet. Det har allereie gjort at partiet ikkje kan stille til val til EU-parlamentet i juni (Martin Henriksen var nominert som listetopp), og i neste omgang tyder det at arbeidet fram mot neste folketingsval ikkje minst må handle om å samle inn underskrifter til å oppfylle krava til å stille lister. Slikt kan tappe eit parti for krefter. For det notorisk småpartiet Kristendemokraterne som, til liks med Nye Borgerlige, har folkevalde i kommunar og regionar, gjekk det så langt at ein etter folketingsvalet i 2022 vurderte å gje opp ambisjonen om å vinne mandat i nasjonalforsamlinga. Utan den potensielle merksemda talarstolen på Christiansborg gjev, må aktivistane innstille seg på at kampen for å komme tilbake kan bli både hard og lang.

Skjønt det finst ein potensiell snarveg: Å lokke den femte, tapte folketingsmedlemen, Lars Boje Mathiesen, tilbake til Nye Borgerlige. Han blei utnemnd til Pernille Vermunds etterfølgjar for eit drygt år sidan, men ein månad, eit påstått ublu lønskrav og nokre oppsiktsvekkjande konspirasjonsteoriar seinare vart han istaden partiuavhengig. Frå denne posisjonen har den dyktige provokatøren likevel framleis ein av dansk politikks største følgjarskarer i sosiale medium, og Nye Borgerlige-kjennaren Lars Kaaber er mellom dei som meiner at ei gjenforeining med Lars Boje Mathiesen er den einaste måten NB kan overleve på. Det trur eg han har rett, men det spørs kor sannsynleg det er. Då spørsmålet om å føre partiet vidare først kom opp, uttrykte fleire potensielle leiarkandidatar at dei ikkje ønskte Boje Mathiesen tilbake i sine rekkjer. Boje Mathiesen sjølv føler neppe at han skuldar Nye Borgerlige noko, og i politikk skal du aldre undervurdere dei små skilnaders narsissisme: No har eks-partileiaren varsla at han snart lanserer eit nytt parti.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*