Danmark: Mads Fuglede går frå Venstre til Danmarksdemokraterne

Av | 20. mars 2024

I arbeidet med å selje inn Troels Lund Poulsen som ny leiar i Venstre, var det særleg eitt argument som gjekk igjen: I motsetnad til Jakob Ellemann-Jensen som, fortent eller ikkje, blei oppfatta som ein sosialliberal representant for «by-Venstre», kunne deltidsbonden med kallenamnet «Traktor-Troels» og tilhald i distrikts-Danmark, dempe misnøya med regjeringsprosjekt i Venstres kjerneområde og såleis samle partiet.

Det var iallfall teorien. I praksis er den forteljinga er alvorleg svekt etter at den jyske Venstre-representanten Mads Fuglede tysdag stilte opp til pressemøte med Inger Støjberg for å kunngjere at han (til liks med Kim Edberg Andersen, som opphavleg blei vald for Nye Borgerlige) har meld seg til teneste for Danmarksdemokraterne. Fugledes argumentasjon for partibytet handlar ifølgje han sjølv ikkje minst om at Venstre i regjering med Moderaterne og den historiske erkerivalen Socialdemokratiet har forplikta seg til å innføre ei avgift på CO2-utslepp i landbruket. Det er nett den typen opprør Troels Lund Poulsen blei vald til leiar i Danmarks tradisjonelle bondeparti for å avverje.

Reaksjonen frå lojale Venstre-folk minner ikkje så reint lite om den ironisk-bitre mottakinga Jan Bøhlers overgang til Senterpartiet fekk frå Ap-hald; statsråd og nestleiar Stephanie Lose er overraska, partiveteranen Søren Gade meiner Fuglede manglar ryggrad når han ikkje varsla folketingsgruppa i framkant, og i lågare rekker synest dei avhopparen er ein utakksam opportunist. (Mads Fuglede meiner han har uttrykt intern motstand mot CO2-avgift og djup skepsis til regjeringssamarbeidet i lang tid, og sånn sett åtvara om det nærma seg tolegrensa hans.) Men sjølv om dei såra kjenslene er forståelege, bør Venstre heve blikket. At Fuglede har floge, utfordrar partiet på minst to måtar.

Frå i går morgon til i dag svekkjer det Venstres posisjon i regjeringa, og regjeringa overfor Folketinget. Venstre har investert mykje prestisje i at spørsmålet om C02-avgifta skal handsamast i eit fleirpartsutval, der vona er at landbruks-, miljø- og klima- og industriorganisasjonane skal bli samde om ein modell som i neste omgang skal verne Venstre mot kritikk for å «svike» landbruket. Utvalet skal etter planen leggje fram arbeidet sitt på forsommaren, men no tyder det altså på at Venstre, heller enn å kjøpe seg tid, berre har utsett ein seigpiningsprosess kor den interne uroa kan vekse medan avgiftsmotstandarane testar ut kva reknestykke over tapte arbeidsplassar som gjev best resonans i ordskiftet. Viss Mads Fuglede er representativ for korleis Venstre reagere så tidleg i prosessen, må det gjere partileiarkollegene i regjeringa, statsminister Mette Frederiksen (S) og utanriksminister Lars Løkke Rasmussen (M) utrygge på om Troels Lund har den naudsynte autoriteten i sitt eige parti.

Det er for tidleg å seie om og eventuelt korleis vil tilpasse seg at det no i teorien kan etablerast eit fleirtal utanom SVM. Til no har regjeringspartia lukkast i å lokke til seg frå minst eitt opposisjonsparti i alle saker, eit teikn på at det danske forliksdemokratiet har sterk normativ kraft, båe vegar. Men kor mykje av dette skuldast at SVM har kunne truge med å vedta statsbudsjett, løyvingar og lovframlegget seg i mellom? Som bråket kring avskaffinga av store bededag, vedtaket av koranbrenningsforbodet og kontrollen med dei hemmelege tenestene har synt, finst det saker der opposisjonen til høgre og venstre kan snakke seg saman. Det må regjeringa ta større omsyn til no.

Men det er negativ parlamentarisme i Danmark. Regjeringa fell ikkje med mindre heile opposisjonen røystar for eit mistillitsframlegg (føresett at representantane frå Grønland og Færøyane held seg nøytrale). Det viktige for Venstre er ikkje at ein mann mindre i folketingsgruppa gjer kvardagsarbeidet meir plundrete, eller at han gjorde det lett for seg på veg ut av døra. Det er viss Mads Fugledes farvel er eit varsel om meir. At Venstre alt har mista mange urbane veljarar til Moderaterne og Liberal Alliance, gjer det ikkje i seg sjølv lettare å tilfredsstille dei som kan lokkast av Danmarksdemokraternes distriksfrieri og avvisning av CO2-avgift. Når Venstre til slutt må ta stilling til kva det meiner, har Mads Fuglede gjeve ikkje berre veljarar, men også folketingsrepresentantar ryggdekning til å forlate partiet.

**

KVA ANDRE SEIER:

Bent Winter (Berlingske)

Lars Trier Mogensen (Information)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*