Danmark: Konservative kan utløysa regjeringskrise

Av | 24. februar 2016

Ikkje før hadde det hardt pressa Konservative Folkeparti (K), frå eit tilvere kring sperregrensa, med stive smil og heva glas feira sine første eitt hundre år, innan det kan kome til å felle ei borgarleg regjering. I ytste konsekvens kan det verta utfallet av at partileiar Søren Pape Poulsen og landbrukspolitikar Rasmus Jarlov toga mellom mikrofonar og krisemøte for å forklare sitt krav om at Venstre-regjeringas landbruksminister, Eva Kjer Hansen må gå av. K meiner ho har gjeve Folketinget misvisande tal for kor mykje sprøytemidlar danske bønder får høve til å sleppe ut i den nye landbrukspakka som partiet elles har røysta for. No må statsminister Lars Løkke Rasmussen avgjere om han er viljug til å ofra Eva Kjer Hansen for å sikra regjeringas vidare liv.

Saka er samansett i seg sjølv, og med dei politisk-taktiske reknestykka vert den endå vanskelegare å løysa. Konservative insisterer på at det er Kjer Hansen, ikkje Venstre-regjeringa som heilskap, som er problemet. I prinsippet kan Løkke altså skifta ut ein av mannskapet og halda fram med sitt smale, borgarlege fleirtal. Men politikk fungerer ikkje alltid slik. Parlamentarisk er det vanlegare å sjå på regjeringa som ein einskap, og då vert mistillit mot ein statsråd til mistillit mot alle. Men slike nervekampar har sin eigen dynamikk. Eit byte av landbruksminister inneber at Løkke ikkje berre erkjenner politisk veikskap for open scene. Han må også falla ein av sine eigne i ryggen, sjølv om Kjer Hansen sikkert for syns skuld går sjølv.

I tillegg er det heller ikkje semje mellom dei borgarlege om det saklege grunnlaget for K-kritikken av Kjer Hansen. Tvert imot hevdar både Dansk Folkepartis Hans Christian Skibby og Simon Emil Ammitzbøll frå Liberal Alliance at Konservative medvite mistolkar tala for å tene på det politisk. Konservative er det minste partiet i den borgarlege blokka og har lenge leita etter ei sak å skilja seg ut på. Venstre kjempar på si side for å vinna attende misnøgde distriktsveljarar frå Dansk Folkeparti, og det tradisjonelle landbrukspartiet har frå regjeringas første dag signalisert at dei vil slakka på miljø- og dokumentasjonskrav på brei front. Som einaste borgarlege parti med ein forsøksvis grøn profil, kan ikkje Konservative anna enn å oppfatta dette som ein provokasjon.

Så kva skjer no? Det er ikkje godt å vita, sjølv om det er nærliggjande å tru at ein unngår regjeringskrise og nyval. Slik meiningsmålingane ser ut for tida, er det korkje i Konservative eller Venstre si interesse. K ligg så dårleg an at eit val i utide som i tillegg risikerer å gje det skulda for borgarleg kaos og eit mogleg nederlag, kan senda partiet under sperregrensa og heilt ut av Folketinget. Historia syner at det er vanskeleg å reisa seg frå noko slikt.

Samstundes har statsminister Lars Løkke Rasmussen trass alt ein veg ut: Han kan finna ein ny landbruksminister. Vel har Eva  Kjer Hansen vore ein tydeleg statsråd, men ho burde kanskje vore rokert ut no uansett. Saka om mogleg villeiing av Folketinget er ikkje den einaste mørke skya som heng over hovudet hennar. Opposisjonen har dessutan kritisert henne kraftig for tette band til interesseorganisasjonen Bæredygtigt Landbrug, som står eit stykke unna landbrukspolitisk konsensus. Kor lenge er Løkke eigentleg tent med ein fagstatsråd som snublar i journalistar i slalomlaupet mellom opne høyringar?

Politikken kan halda fram sjølv om mannskapet skifter. Dessutan kan eit nyval fort verta ein mardraum også for Venstre. Det forferdelege valresultatet på 19,5% er i den høge enden av kva oppslutnad partiet har oppnådd på målingane etter valet.

Uansett kva som skjer, kan det framleis gå noko tid før prosessen har gått sin gang. Mistillitsframlegget kjem ikkje opp før neste veke, og politiske kommentatorar flest er mest overraska over at Lars Løkke vågar å spele så høgt med samarbeidstilhøvet til Venstres tidlegare regjeringspartnar Konservative. Når det er sagt: Viss nokon kan hogge over gordiske knutar utan at tilskodarane heilt forstår korleis, så er det Løkke.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*