Danmark: SVM-regjeringa mister sitt faste fleirtal. Det er berre vekas nest viktigaste politiske hending

Av | 18. november 2023

I september fekk statsminister Mette Frederiksen eit trumfkort å spele ut mot dei i Socialdemokratiet (S) som framleis meinte at ho burde testa det latente sentrum-venstre-fleirtalet etter folketingsvalet, i staden for å skipe ei historisk fleirtalsregjering med den borgarlege erkerivalen Venstre (V) og eks-statsminister Lars Løkke Rasmussens nye parti, Moderaterne (M): Då Theresa Scavenius melde seg ut av det grøne venstrepartiet Alternativet på grunn av ein intern konflikt og blei uavhengig representant, blei det vanskelegare å argumentere for at S kunne basere ei regjering på mellom andre Alternativet sine røyster.

Men denne argumentasjonen kan vendast båe vegar. Ikkje lenge etter gjorde ein representant for SVM-regjeringas parlamentariske grunnlag det same: Moderaternes kultur- og utanrikspolitiske talsperson, Jon Stephensen, blei tvinga til å forlate partiet, etter å ha send upassande meldingar til ein medlem av ungdomspartiet. Også Stephensen heldt fram i Folketinget som uavhengig, etter å alt vore i Moderaternes fryseboks i nokre månader. Det fekk dei politiske kommentatorane til å ta fram kuleramma; viss no berre ein representant til frå regjeringspartia fekk det føre seg å bryte ut eller byte parti, ville kvar einaste potensielle dissident i S, V eller M i teorien sitje med regjeringas liv i hendene, dersom ei sak blei sett på spissen.

No er det scenarioet ein realitet. Eg veit ikkje korleis dei rekrutterer kulturpolitikarar i Moderaterne, men fredag kveld fortalde Jon Stephensens etterfølgjar på posten, Mike Fonseca, at han har meld seg ut av partiet, men vil halde fram som uavhengig folketingsmedlem. Bakgrunnen skal vere at Fonseca har brote Moderaterne sine etiske retningsliner ved å ha eit forhold til ein person under 18 år. Eller, som partileiar Lars Løkke Rasmussen sa til dansk TV2: «Det er mig, der har skrevet til Mike Fonseca, at han ikke kan være i Moderaterne mere. Selvfølgelig kan man ikke repræsentere Moderaterne, hvis man har seksuelle relationer med børn, der går i 8. klasse. Det er bundlinjen i den her sag.»

Dermed har Moderaterne mista ikkje mindre enn tre folketingsmedlemer på eit drygt år: Stephensen og Fonseca er reine veteranane jamført med Kristian Klarskov. Han fekk berre ei veke som arbeidande parlamentarikar innan han trekte seg. Avisa Jyllands-Posten avslørte at han skrytte på seg merittar som næringsdrivande som ikkje tolte samanlikning med røynda. Men det er ein vesentleg skilnad mellom Klarskov og dei to andre, nemleg at han ga mandatet sitt vidare til nestemann på Moderaternes liste. I dag er det moderaten Mohammed Rona som sitt på hans plass. Det gjev låg odds å tippe på at Lars Løkke vil leggje press på Fonseca for å få han til å seie seg mandatet, som Bent Winter spår i Berlingske. Om det lukkast, er ei anna sak. Dei siste folketingsperiodane er fulle av folk som har sete i einsam fred fram til veljarane fekk høve til å skifte dei ut.

Sjølv om det ser knapt ut papiret, er det likevel neppe SVM-regjeringas svakt fluktuerande fleirtal som uroar Mette Frederiksen når ho tenkjer på arbeidskvardagen overfor Folketinget. Den danske tradisjonen for breie forlik syner att i at regjeringa framleis ikkje har trunge å utnytte statusen som fleirtalsregjering; alle saker har fått støtte frå minst eitt anna parti. Det er ikkje mykje ein opposisjon som femnar frå det venstresosialistiske Enhedslisten til nasjonal-liberalistiske Nye Borgerlige kan einast om (1). Og me har heller ikkje høyrt noko frå Mike Fonseca sjølv om korleis han har tenkt å stille seg andsynes regjeringa. Jon Stephensen har til dømes sagt at han langt på vef kjenner seg forplikta av regjeringsprogrammet, sjølv om han står utanfor Moderaterne.

Skulle det verste skje for regjeringa og den risikerer mistillit eller nederlag i møte med ein samla opposisjon frå Enhedslisten til Nye Borgerlige, kan den moglegvis også aktivere støtta frå tre representantar frå Grønland og Færøyane. Dei såkalla «nord-atlantiske mandata» plar til dagen å vegre seg for å blande seg inn i dansk kvardagspolitikk, men dei kan kanskje nyttast som ei ekstra sikring.

Med det i mente, er det truleg Venstres landsmøte Mette Frederiksen vurderer som helgas viktigaste hending. I dag skal Troels Lund Poulsen på kort varsel klappast inn som ny partileiar etter Jakob Ellemann-Jensen, og vona både i Venstre og i Socialdemokratiet er at hans tydelegare forankring i Venstres kjerneland og -verdiar i det minste kan stabilisere partiet og byrje attopprettinga av tilliten frå veljarane. Det blir ein tung jobb, og det er uvisst om grunnfjellet i partiet har tolmodet til å fullføre den frå regjeringsposisjon, viss meiningsmålingane ikkje rettar seg ganske raskt.

**********************************

(1) Men det er ei sak: Mandatet til granskinga av kva som hende i sakene mot tidlegare forsvarsetterretningsjef Lars Findsen og tidlegare forsvarsminister Claus Hjorth Frederiksen. Båe blei sikta for å ha lekt statsløyndommar om eit dansk-amerikansk datasamarbeid som mest hadde status som ein offentleg løyndom. Fordi saker på dette nivået må klarerast med justisministeren, har det vore reist mistanke om utilbørleg politisering av påtalemakta. Når sakene så kom til rettsapparatet blei dei plutseleg trekt, ifølgje påtalemakta fordi det blei for mykje openheit i rettssalen. Heile opposisjonen – Enhedslisten, Socialistisk Folkeparti, Alternativet, Radikale Venstre, Det Konservative Folkeparti, Dansk Folkeparti og Nye Borgerlige, i tillegg til Stephensen og Scavenius – har kravd ei gransking som kan gå både breiare og djupare inn i materien. Den vil dessutan at granskinga skal vere forankra i Folketinget, ikkje i Justisdepartementet, som regjeringspartia ønskjer. Mike Fonseca er i første omgang sjukmeld. Det tyder at regjeringa ikkje har fleirtal for si innstilling.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*