Den republikanske abortekstremismens andlet

Av | 27. oktober 2012

Republikanarane har hatt ein forunderleg evne i denne lange valkampen til å spenne bein for seg sjølv ved stadig å skremme veljarane med sin sosialkonservatisme. Kongressrepresentanten Todd Akin stiller til senatsval frå Missouri og var alt før nominasjonsvalet rekna som den mest risikable av dei moglege kandidatane. Men nett kor stor risiko han innebar, vart ikkje klart før kort tid etter at nominasjonen var vunne. Utsegna hans om at eit forbod mot abort ikkje trong noko unnatak for graviditet som følgje av valdtekt, fordi biologien på ein eller annan måte ville syte for at kvinner ikkje vart gravide etter det han kalla ein “ekte valdtekt”, gjorde at han meir eller mindre der og då tapte valkampen mot den sitjande senatoren, demokraten Claire McCaskill.

Det er vanskeleg å vere like kategorisk på Richard Mourdock sine vegner, men senatsutfordraren frå Indiana har uansett hamna i hardt ver for noko han svarte om abort i ein TV-sendt kandidatdebatt denne veka. Til liks med Akin og mest eit dusin andre republikanske kandidatar, ønskjer Mourdock å forby abort også for valdtekts- og incestoffer. Då er liv og helse det einaste unnataket som står att. Mourdock sa følgjande:

I struggled with it myself for a long time, but I came to realize that life is that gift from God. And, I think, even when life begins in that horrible situation of rape, that it is something that God intended to happen.

Reaksjonane lot ikkje vente på seg. Andre republikanarar i Indiana tok til orde for at Mourdock burde be om orsaking. Partistrategen Haley Barbour frå Mississippi kalla utsegna “sprø”. Demokratane freista omgåande å knyte Mitt Romney til Mourdock, ettersom presidentkandidaten berre dagar tidlegare hadde gått ut med støtte til Mourdocks kandidatur i ein høgt profilert TV-reklame. Men republikanarane, som berre månader tidlegare hadde frose ut Akin, har ikkje gjort seg bryet med å kutte støtta til Mourdock. Til det er det ganske enkelt for kort tid til valet, og skal partiet ha nokon sjanse til å vinne attende fleirtalet i Senatet, er dei nøydde for å vinne i Indiana.

Saka vert ytterlegare komplisert av at den demokratiske kandidaten, kongressrepresentanten Joe Donnelly, ikkje utgjer den tydelegaste moglege kontrasten til Mourdock. Også Donnelly er abortmotstandar, om enn han stør dei vanlege unnataka og har oppmoda Mourdock om å be om orsaking for kommentaren. Men det er heller ikkje godt å vite kor stor skilnad Mourdocks sjølvpåførte problem kjem til å gjere. Meiningsmålingane har vore overraskande jamne i Indiana i lang tid. Det var ikkje meininga at republikanarane skulle få problem her, men den hardhende ideologiske kursen til Mourdock har openberrt skremt veljarar som elles har vore vane med å røyste på den meir moderate republikanaren Richard Lugar, som Mourdock slo i nominasjonsvalet og som etterpå har nekta å støtte han.

Det mest forvirrande i heile saka for ein som ser dette utanfrå, kan likevel vere måten Mourdocks utsegn har vorte debattert på. Ein skulle kanskje tru at fokuset ville liggje på det politisk ekstreme i Mourdocks standpunkt (han vil tvinge valdtekts- og incestoffer til å bere fram overgriparens barn!), eller at han ønskjer å gjere seg til moralsk dommar over kvinner som i ein fortvila situasjon vil nytte seg av ein rett Høgsteretten har gjeve dei. Kanskje kunne ein til og med ha sett føre seg at dette ville setje igang ein debatt om kva slags høgsterettsdommarar presidentkandidatane kan tenkjast å oppnemne dersom dei vinn? Men, nei. Istaden for ein substansiell debatt, har vi fått ein debatt om kor direkte ein skapande Gud agerer i liva våre. Den største kontroversen har ikkje knytt seg til det at Richard Mourdock vil forby abort i mest alle høve, og såleis tvinge mange amerikanske kvinner til abort-turisme eller farlege mørketalsabortar, men kor vidt han har sagt og meint at det er Guds vilje om folk vert utsett for valdtekt. Det slår meg som ei urimeleg vrangvillig lesing av Mourdocks kommentar, men viktigare er det at det er ei avsporing.

Abortrettar er for viktig, både frå eit politisk og eit partitaktisk synspunkt, til å vert reduserte til eit spørsmål om tru og semantikk. Viss Barack Obama vinn presidentvalet, og viss demokratane held fleirtalet i Senatet, vil det ikkje minst vere fordi dei har eit godt grep om dei kvinnelege veljarane. Dei er opptekne av å verte handsama som myndige borgarar, som ikkje treng republikanske overdommarar til å ta avgjerder om si eiga livssituasjon, kropp og helse. Demokratane gjer klokt i å drive valkamp på dette grunnlaget.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*