Ei mengd spørsmål og svar etter Super Tuesday

Av | 8. mars 2012

Nokre gonger går det nesten an å synest synd på tidlegare Massachusetts-guvernør Mitt Romney. Han er ein klossete valkjempar, javisst, men han gjer jo ikkje berre sitt beste, han gjer det faktisk best. På supertysdagen 6. mars, då ti delstatar heldt republikanske nominasjonsval, vann han seks av dei. Men viss du berre las overskriftene i amerikanske medier dagen etterpå, var det ikkje eingong sikkert du fekk det med deg. Der handla det mest om at veljarane delte seg mellom tre kandidatar – tidlegare kongressmann Newt Gingrich, tidlegare Pennsylvania-senator Rick Santorum og Romney – og i verste fall om at Romney nok ein gong mislukkast i å vinne tilliten til dei mest konservative veljarane. Dessutan var sigeren i Ohio, kampstaten over alle, så knapp at han knapt fekk positiv merksemd for den i det heile.

Men han vann, iallfall. Romney-kampanjen vil insistere til dei blir blå i andleta sine på at dei heile vegen visste at vegen til nominasjonen kunne bli lang og kronglete, men sjølv ikkje den mest kyniske pessimisten i Romney-leiren kan ha sett føre seg at det skulle bli slikt eit blodslit. Istaden for å sveipe vekk rival etter rival gjennom overtydande sigrar frå kyst til kyst, har kampanjestaben måtta setje seg ned med regelbøker og kalkulatorar for å finrekne seg fram til korleis Romney får hendene på dei drygt 1100 landsmøteutsendingane han treng for å vinne nominasjonen. Det er i dette lyset sigrane i Ohio, Alaska, Vermont, Massachusetts, Virginia og Idaho hjelpte han; ikkje så mykje at dei vil gje han veljar- og mediemessig medvind. Media har ein interesse av at denne konkurransen har saft og kraft i seg så lenge som mogleg, og det er framleis ein stund til Romney kan hevde at leiinga hans er uinntakeleg.

Viss Romney fekk mindre ut av supertysdagens resultat enn han kanskje hadde fortent, så er det ein som fekk langt meir enn sluttresultata skulle tilseie; nemleg Newt Gingrich. Å vinne heimstaten bør eigentleg reknast som obligatorisk, mest uansett margin, og uansett om det er ein stor stat med mange utsendingar i spel. Det kan lett konstruerast eit argument for at Newt faktisk hadde ein miserabel supertysdag: Det var meininga at han i tillegg til Georgia skulle gjere det sterkt i Oklahoma og Tennessee. Men han kom på tredje plass begge stader, bak både Santorum og Romney. Når Gingrich likevel ikkje er dømt ute, er det fordi fokus no blir flytta til sørstatane. Først kjem Alabama og Mississippi, og seinare i månaden også Louisiana. Geografiske grunnar og vanetenkjing gjev Gingrich heimefordel her. Det kan sjølvsagt skje. Men Gingrich-kampanjen har ikkje nett arbeidd for å seinke forvetningane. Tvert om har valkampleiar RC Hammond på det næraste sagt at Newt ikkje har nokon framtid som kandidat dersom han ikkje sveiper med seg heile sør, slik Mike Huckabee sette ein forseinka støkk i John McCain på same tidspunkt i 2008. Og media speler villig med, med spekulasjonar om kor vidt Gingrich atter kan detronisere Santorum som anti-Romney-kandidaten, dersom sørstatsvala går som han håpar.

For Santorum må tysdagen ha vore ei blanda oppleving. Som i Michigan kom han i Ohio smerteleg nær ved å gje Romney-kampanjen eit banesår. Nokre få prosentpoeng til, og den tidlegare uunngåelege førehandsfavoritten hadde vore noko nær erklært politisk ferdig av kommentariatet. Men Santorum trekte det korte strået ved båe høva, og som vi i klisjetenesta har peika på tidlegare; i momentum-samanheng er ein siger ein siger. Santorum har imidlertid lukkast i å grunngje kvifor kampanjen hans kan halde fram så lenge han sjølv har tolmod; han vann tre statar, North Dakota, Oklahoma og Tennessee, og skal i prinsippet vere godt plassert for å gje Gingrich kamp til døra i sørstatane. Så skundar vi oss å leggje til at dette sjølvsagt stadig er eit draumescenario for Romney, og ganske særleg no når delegatmatematikken ser ut til å bli avgjerande ikkje berre for kven vinnaren til slutt blir, men også når han kan kårast. Å sjå Gingrich og Santorum dele høgrefløya mellom seg, er ein draum som ikkje tek slutt med det første for Mitt Romney.

Såleis er han ikkje nødvendigvis avhengig av å gå sigrande ut av kvar einaste nyheitssyklus. Di lengre det er fire kandidatar å dele røystene på, di betre stilt er Mitt Romney. Då har han kanskje tilmed råd til å avskrive nokre av dei komande sørstatsvala. Nokre røyster i partieliten kjem utan tvil til å murre over at Romney tilsynelatande framleis er ute av stand til å vinne i hjartet av det republikanske Amerika, men ingen er likevel i tvil om at sørstatane kjem til å røyste på den republikanske kandidaten i november. Mange parallellar til Clinton vs. Obama i 2008 er søkte og malplasserte, men denne passer. Det var uvesentleg når Clinton-kampanjen stadig hevda at Obama var immun mot å vinne kjernedemokratiske statar som California og Massachusetts. Det var ein grunn til at veljarane der var kalla kjerneveljarar. Det kom til å røyste demokratisk uansett, om kandidate heitte Obama eller Clinton. På same måte er det med Romney i sørstatane.

Men det er ikkje dermed sagt at det er utan tyding at nominasjonsstriden på republikansk side ser ut til å trekkje ut. Motsett kva som hende hjå demokratane for fire år sidan, er det lite som indikerer at den lange valkampen gjer republikanarane ei teneste. Alle kandidatane deira blir mindre omtykte di meir veljarane blir kjende med dei, og dei blir tvinga til å snakke om saker som tek merksemda vekk frå det som skulle vere hovudoppgåva; å leggje grunnlaget for den vinnande kritikken av president Obama. Her taper republikanarane tid for kvar veke som går, og i allfall så lenge dei istaden riv einannan i stumper og stykke.

Det har vore gjort eit poeng av at Obama heller ikkje har blitt meir populær, sjølv om motstandarane driv med sjølvskading og økonomien er i betring. Men det er ikkje sikkert det tyder noko. Viss alternativet er uspiseleg, så vinn Obama uansett. Og på valkampsentralen i Chicago har dei berre nett byrja oppvarminga.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*