Eit litt frekt forslag

Av | 3. november 2013

Bård Vegar Solhjell har ofte fatt i noko når han melder seg på i det offentlege ordskifte. Det kan handle om venstresidas frykt for religion, eller om trongen for eit betre vern for frivillig sektor mot marknadssamfunnet. Sameleis er det ikkje gjeve at SV-nestleiaren nødvendigvis tek feil når han luftar ønskje om å slå saman sitt eige parti med Miljøpartiet dei Grøne. Utfordringa er snarare at timinga kring høgttenkjinga kan gjere ideen endå mindre appellerande for båe partar.

Han har naturlegvis rett i at det finst ein reell fare for røystesvinn når miljørøystene deler seg på mange parti. Dessutan er det truleg rett at dei politiske skilnadene mellom SV og MdG er til å oversjå, som Klassekampens Kjell N. Kallset også hevda på fredag. I utgangspunktet kan det også gje meining at diskusjonen bør komme opp no, medan såra framleis er ferske etter SVs katastrofeval. Men så likevel ikkje: Det er vanskeleg å sjå føre seg eit tidspunkt kor desse to partia har nok med seg sjølve i så stor grad som no. I SV oppfattar mange dette som ein lett fordekt omkamp om partisjela, slik den kom til syne i leiarstriden som krona Audun Lysbakken ifjor. Hjå nykommaren MdG er det tilsvarande lett å førestille seg at dei ser på utspelet til Solhjell som ikkje så lite frekt. Mange miljøpartistar vart trekte i den leia i vonbrot over SV, og så vil ikkje Solhjell eingong unne dei ein eigen sjanse til å smake på maktløysa? Det er nesten lumpent, det heile.

Spøk til sides: Det er noko lettare arrogant over denne typen valtaktiske prøveballongar, anten dei kjem frå Solhjell eller frå ein fordums partikjempe som Stein Ørnhøi. Dei har det vesentlege sams at dei tek som utgangspunkt at SV er den naturlege kjernen i ei slik partidanning, og MdG har med å underordne seg. Eg er disponert for å tenkje slik sjølv, ettersom SV har røynsler, medlemmer og organisasjon som vantar hjå MdG. Men ingen i SV kan idag snakke med uomstridd autoritet om at SVs historiske rolle nødvendigvis vil føre med seg at SV blir verande ei slik leiande kraft på den grøne og raude venstresida. Så stor var skilnaden i oppslutnad mellom dei to partia faktisk ikkje.

Og framleis er det mest ingen som spør MdG kvifor dei stiller seg så avvisande. Ingen let til å ta det på alvor når MdG hevdar at det ser på seg sjølv som blokkuavhengig. Istaden er framståande SV-arar opptekne av å hamre inn kor innlysande idefellesskapen mellom partiprosjekta deira er, og i forlenginga av det, kor takksamt Miljøpartiet dei Grøne bør vere for at SV vil ha det med på laget i det heile.

Eg seier ikkje at dette aldri kan bli ein realitet. Kan hende treng mange berre tid til å venne seg til tanken. For mange i SV, som parallelt med dette kanskje skal tenkje over tilhøvet til Raudt, er tankar om samanslåing med andre ikkje nødvendigvis til å jamføre med Sosialistisk Valforbund. For stolte SV-arar er truleg Arbeidarpartiets grunnleggjande uvilje mot å innsjå at det måtte gje opp åleinegangen ein like nærliggjande referanse. Det gjekk seg til, men det kosta såra stoltheit og pragmatisk røyndomsorientering. I første omgang er det viktigaste at SV og MdG finn ut kva parti dei sjølve er.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*