Er Fred Thompson i ferd med å bli fråløpt?

Av | 9. august 2007

I byrjinga av juni skreiv eg ei grundig utgreiing om kvifor Fred Thompson kunne sjå ut til å passe som hand i hanske som den kristenkonservative kandidaten til republikanarane sin presidentnominasjon neste år. Han har ein voting record på dei viktige verdispørsmåla som er meir overtydande enn alle dei andre favorittane, og han har den føremonen at det er ein stund sidan han hadde politisk ansvar, noko som gjer at han ikkje like lett kan knytast til dei daglege kontroversane. Men no ser vi konturane av ei litt overraskande utfordring for Thompson. Sjølv om det er tidleg å synse, så byggjer det seg opp ei kjensle av at Thompson-leiren alt har sine beste dagar bakom seg. Eller, sagt på ein annan måte; kvifor i alle dagar er Fred Thompson framleis ikkje offisiell kandidat?

Førre gongen eg skreiv om han, så hevda eg, i tråd med dei fleste amerikanske politiske kommentatorar, at Thompson truleg kom til å gå ut med eit offentleg kandidatur rundt nasjonaldagen fjerde juli. No skriv vi istaden august, og det einaste vi har sett frå hans side dei siste vekene er dårleg nytt. Den strategien han har vald, med oppretting av ein komite for undersøkje interessa for eit presidentkandidatur (alle amerikanske kommentatorar brukar omgrepet testing the waters-commitee, som på si side står i ein litt uklar kontrast til den meir vanlege utgreiingsfasen, ein såkalla presidential exploratory committee), gav han rett nok høve til å sirkle rundt feltet og sole seg i glansen frå både ei entusiastisk grasrotrørsle og ei velvillig presse, men når presset på Thompson no aukar, kan denne strategien syne seg å ha vore for billig og feig.

Fordi Thompsons kampanjekomitè må leve etter så spesielle reglar, er det litt vanskeleg å vite kva ein eigentleg kan lese ut av hans førebels pengeinnsamlingstal, men ein kjem uansett ikkje unna at det ser ut til å vere ein viss avstand mellom hypen og dei faktiske resultata. Thompson-kampanjen rapporterte å ha samla inn cirka 3 millionar dollar, noko som plasserer han milevis bak til dømes pengeleiaren Rudy Giuliani, og omtrent på same nivå som den libertarianske rabulisten Ron Paul. For ikkje å bryte med reglane for ein testing the waters-committee, må Thompson vakte seg vel for å gje for sterkt offentleg inntrykk av å vere ein offisiell kandidat, noko som mellom anna set grenser for kor mange pengeinnsamlarfolk han kan ha tilsett, men fordi ryktet hans har gjeve han så stor fallhøgd, så vart pengerapporten tolka som eit tilbakeslag for kampanjen.

Det er også mykje som tyder på at tolmodet til både media og grasrota er i ferd med å ta slutt. Media reknar seg no som ferdige med artiklane om at Thompson kan endre dynamikken i det republikanske feltet, og har istedet vendt seg til kva mannen faktisk meiner, noko det tidlegare var vanskeleg å lese seg fram til for all den andektige hyllinga. Denne nye tilnærminga har resultert i nokre mindre positive oppslag om hans karriere som lobbyist, ein profesjon som verkeleg ikkje står høgt i kurs hjå veljarane om dagen, etter dei siste åras korrupsjonsskandalar. I dei nykonservatives jakt på dei reine og ranke tek det seg ikkje godt ut å ha teke lobbyoppdrag for ei gruppe som er for abort, sjølv om det er aldri så mange år sidan. Tidlegare kritikk av hans forsvar for den avskydde valkampfinansieringslova, kjend som McCain-Feingold etter dei to opphavssenatorane, har kome opp att. Interessegrupper på høgrefløya ser på denne lova som ei knebling av deira høve til å setje viktige verdispørsmål på dagsorden, og som eit åtak på deira grunnlovsfesta ytringsfridom, sjølv om Høgsteretten har avvist dette. Det har i tillegg vore populært å peike på manglande samsvar mellom kva Thompson meinte om innvandring gjennom tida i Senatet, med den harde lina han førespråkar idag.

Det er ikkje på nokon måte verdt å avskrive Thompson enno, men det blir stadig viktigare at han snart innser i kva retning kampanjen hans er på veg. Han trudde neppe at alt skulle gå som på skjener, men all den negative merksemda i det siste tilseier at han kan vere på veg til å miste grepet om si eiga annonsering. Dei siste vekene har fleire leiande medarbeidarar forlate kampanjen, og det blir rapportert om gnissingar mellom framståande rådgjevarar og Thompsons kone, Jeri Thompson, som ifølgje mange er den som i praksis styrer skuta. Det kan ikkje gjentakast for ofte at det ikkje nødvendigvis er samsvar mellom det som politiske kommentatorar er opptekne av, og det som opptek vanlege veljarar, men det er uansett vanskeleg å sjå føre seg ein situasjon kor intern uro kan leie til noko positivt.

Spekulasjonane om kvifor Fred Thompson framleis står utanfor feltet er mange, men ein teori som har vorte stadig meir populær utover i august, er at den tidlegare senatoren vil vente til etter det innverknadsrike partimøtet i Ames i den tidlege primærvalstaten Iowa på laurdag, før han kastar seg inn for fullt. Ames-møtet tek opp ei meiningsmåling (straw poll) mellom deltakarane, og denne er rekna som ein viktig peikepinn på korleis kandidatane ligg an. Teorien går ut på at Thompson ved ikkje å stille opp i Ames kan halde ved like inntrykket av at han er ein joker, samstundes som han førebels ikkje treng leve opp til forventningane. Men det må takast høgde for at eg no er for influert av dei kommentatorane som følgjer valkampen frå time til time, og som difor ikkje berre har byrja tvile på oppdrifta til Thompson, men som også insisterer på at Barack Obamas kampanje er på ein nedadgåande trend. Dei veljarane som faktisk uttaler seg i nasjonale meiningsmålingar gjev trass alt Thompson nesten 20% oppslutnad. Det er kanskje ikkje så lett å fatte i Washington.

Eit anna argument for at Thompson-kampanjen framleis er i ein god posisjon, og særleg hjå den republikanske høgrefløya, er dei siste indikasjonane om at Newt Gingrich no verkar mindre interessert i å stille som presidentkandidat. Gingrich er eit kjent namn, og når han no seier at han vil sjå an Thompson før han sjølv tek ei avgjerd, så blir dette lese som ei viktig legitimering av Thompsons kandidatur. Gingrich er ikkje nødvendigvis ein god kandidat (av så mange grunner at det ikkje plass til å gå inn på dei her), men han har eit godt grep om viktige delar av partiet. Han sit på ein endorsement som faktisk kan gjere ein reell politisk skilnad. Sjølv om han førebels berre har gått halve vegen, så ligg Thompson godt an til å tene på det den dagen Gingrich bestemmer seg for å gjere seg sjølv uaktuell. Fordi Gingrich er minste like glad i seg sjølv og merksemda som det Thompson har vore så langt, kan det nok ta si tid, men når eventuelt skjer, kan det vere viktig.

Men sjølv om biletet syner både gode og dårlege teikn for Thompson, så trur eg han gjer eit stort mistak viss han ikkje snart forpliktar seg til presidentkampanjen. Det handlar ikkje berre om at det finansielle og organisatoriske forspranget til Rudy Giuliani og Mitt Romney blir større for kvar dag som går, men også, og kanskje først og fremst, om at tilhengjarar og tvilarar fortener eit svar. Møtet i Iowa i helga vil vonleg rydde opp litt i feltet, ved at nokre av dei håplause høyrefløyskandidatane gjev opp, men partiaktivistane veit samstundes at det gjev eit ufullstendig bilete, ettersom korkje Thompson, Giuliani eller John McCain deltek. Om det drøyer så mykje lenger, kan det tenkjast at det konservative grunnfjellet blir lei av lurepasseren Thompson. Og skjer det, kan det til og med hende at Gingrich tenkjer seg om ein gong til.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*