Etter folketingsvalet: Moderaterne

Av | 24. november 2022

Lars Løkke Rasmussen har aldri vore engsteleg for å spele høgt, så lenge den potensielle gevinsten er stor nok. Då han var i ferd med å verta felt som partileiar i 2014 fortelte han utfordraren, Kristian Jensen, at han var klar til å ta ei kampvotering. Den kunne han snøgt ha tapt, men Jensen våga ikkje. Som statsminister for ei rein Venstre-regjering kveila han seg i 2017 ut av ein politisk stillingskrig ved rett og slett å invitere rivalen Liberal Alliance inn i regjeringa saman med Dei Konservative. Når Venstre ikkje lenger hadde noko å tene på ei slik regjering varsla Løkke, utan ein gong å førebu sitt eige parti, at han ville freiste å skipe regjering med Socialdemokratiet etter valet i 2019. Og etter at denne manøveren til sist enda i skilsmål frå partiet han var medlem av i 40 år, etablerte han like godt eit nytt, Løkke-sentrisk mellomparti, Moderaterne. Hans vildeste sats til dato er no Folketingets tredje største parti.

Likevel er det som om Lars Løkke har måtta betale ned på gamal spelegjeld frå den augneblinken valdagsmålinga kom. Medan det framleis såg ut til at Moderaterne skulle få den avgjerande posisjonen som vippeparti mellom raud og blå blokk, heldt Løkke ein Fidel Castro-lang tale der han oppmoda Mette Frederiksen (Socialdemokratiet) til å levere inn nøklane til statsministerkontoret. Når det nokre timar seinare blei klart at raud blokk likevel hadde mandat nok til å ta frå Løkke draumerolla som kongemakar, framstod bodskapen hans som eit utslag av hybris. For somme kalla det fram minne om korleis dåverande opposisjonsleiar Helle Thorning-Schmidts ikoniske replikk «Vi gjorde det på valnatta i 2011 i praksis låste Socialdemokratiet til å lukkast med å danne ei ny regjering, koste kva det ville.

Løkkes insistering gjennom valkampen på at han «peger på noget, ikke på nogen» – altså at politiske saker er viktigare enn kven som blir statsminister – gav han sjansen til å fungere som ein slags kommentator mer enn partipolitikar. Men at Løkke under den såkalla «dronningrunda» slutta seg til å gje Mette Frederiksen førsteretten til å innleie regjeringsforhandlingar, tyder ikkje at han berre ville føye seg for at den gamle «raude» fleirtalsmoglegheita var intakt. Aaja Chemnitz Larsen, folketingsmedlem for Socialistisk Folkepartis grønlandske systerparti, IA, fekk allereie på valnatta ein telefon frå Løkke, som lurte på om dei kunne snakke saman. Det har blitt tolka som at Løkke forsøkte å slå sprekkar i Frederiksens fleirtal og auke den parlamentariske vekta til Moderaterne. På liknande vis inviterte Løkke Socialdemokratiets støtteparti, Det Radikale Venstre, til ein allianse for å tvinge S med på økonomiske reformer.

Dei politiske kommentatorane verkar nokolunde samde om at Løkkes høge spel etter valet førebels heller kan ha fungert motsett av intensjonen. (Her er eit representativt døme.) S har vist seg meir lojalt mot ideen om ei regjering på tvers av blokkene enn dei fleste trudde på førehand, men mykje tyder på at den heller omfattar Venstre enn Moderaterne. Sosialdemokratar som i utgangspunktet var skeptiske til regjeringssamarbeid med borgarlege parti kan samlast bak at mistrua til Lars Løkke stikk endå djupare. For Venstres del er spørsmålet om eit mogleg kompaniskap med arvefienden S ei lagnadstung avgjerd. Men det tel neppe i prosjektets disfavør at ei slik regjering kan etterlate den gamle Venstre-leiarens uprøvde parti i ei birolle i det nye Folketinget. Mange Venstre-folk håpar at det på sikt vil gjere at ikkje berre veljarane, men kanskje også Løkke sjølv, til sist mister interessen.

Moderaterne er framleis med i forhandlingane etter at Mette Frederiksen onsdag avslutta det ein kan kalle «fællesmengde»-treningsleiren, altså fasen der alle som ville kunne møte opp til ei form for kartleggingssamtalar om kva ein kanskje kan einast om i mellom anna utanriks- og klimapolitikken. Men det har neppe styrkt Løkkes sjanse til å komme i regjeringa at han denne veka mista ein av sine nyvalde folketingsmedlemer. I Jyllands-Posten kom det fram at Kristian Klarskov i beste fall har overdrive kva som ligg i sjølvnemninga «serieiværksætter». Moderatens claim to fame viser seg å vere ei rekkje einmannsføretak som aldri har tent pengar og dels er i gjeld. Ein kan meine mykje om i kor diskvalifiserande slike synder er, men i denne samanhengen stadfestar det truleg ein mistanke hjå dei andre partia om at Moderaterne, i den mon det ikkje berre er ei persondriven plattform for Løkkes ambisjonar, er eit for urøynd parti til å utgjere kjerna i ei stabil regjering.

(I parentes noterer me at det kan lette arbeidsvilkåra for avisa Politikens folketingsredaksjon. Frå no av må me tru at journalisten Kristian Klarskov, med sin daglege gange på Christiansborg, kjem til å få færre førespurnader om intervju frå nordjysk lokalmedia eller påverkarorganisasjonar for dette og hint.)