Ferdigtenkt Obama stør homoekteskap

Av | 9. mai 2012

Kommentariatet var i villreie etter visepresident Joe Bidens intervju på debattprogrammet Meet the Press på søndag. Var kommentarane kor han uttrykte støtte til homoekteskap berre eit uttrykk for den same rett-frå-levra-haldninga som har gjort han til eit ynda intervju-objekt og ein uregelmessig tabbemakar og stein i skoen for Obama, eller var det ein prøveballong som skulle leggje grunnlaget for hans personlege ambisjonar, eller for større nyhende frå presidenten sjølv ved eit seinare høve? Dei fleste landa på ein mellomposisjon. Inst inne trudde dei nok at Biden uttrykte noko Obama sjølv meinte, men ikkje torde seie, iallfall ikkje enno. Betre då å leggje det i munnen på ein nær medarbeidar, som openberrt hadde ei veldig personleg tilnærming. Teamet kring president nytta då også søndagen til å understreke at Biden eigentleg ikkje hadde sagt noko anna enn det presidenten hadde meint i årevis; at han er imot diskriminering, og at han registrerer at nasjonens haldningar er i endring.

Problemet var berre at ingen trudde på han. For det første hadde jo Biden ganske åpenlyst gått lenger enn det. Og for det andre ville det auke presset på Obama til sjølv å klargjere kva han meiner om saka. Under landsmøtet på seinsommaren ville han uansett måtte ta stilling til eit programforslag om homoekteskap, og det nytta neppe å gøyme seg bak at hans eige syn var «under utvikling» særleg mykje lenger. Likevel var det nok ikkje så mange som venta at konklusjonen frå Obama skulle komme så raskt og vere så eintydig. I eit intervjua med ABC idag avslørte Obama at hans personlege reise er avslutta, og at han meiner homofile bør ha dei same ekteskaps- og juridiske rettane som alle andre.

Det er sjølvsagt veldig gledeleg, og plasserer Obama i historiebøkene. Han har nettopp gripe ein historisk sjanse til å påverke den nasjonale debatten om rettar for homofile. Frå før han han leidd ei regjering som har avskaffa innreiseforbodet for HIV-positive, oppheva forbodet mot opne homofile i militærvesenet, og instruert justisdepartementet om ikkje lenger å forsvare Defense of Marriage Act (ei lov som gjer at homoekteskap i delstatane ikkje blir anerkjende på føderalt nivå, noko som fråtek desse ektepara ei rad juridiske rettar) i rettsapparatet.

Det trekkjer også opp ein klar kontrast til hans republikanske motkandidat i november, tidlegare Massachusetts-guvernør Mitt Romney. Det er neppe til å komme vekk frå at situasjonen er ubehageleg for mannen som, den gongen han var motkandidaten til det liberale ikonet Ted Kennedy (D-MA) lova å vere «betre [enn han] på homorettar» (1:40). I mellomtida har Romney teke sjumilssteg til høgre for å tilpasse seg eit stadig meir konservativt parti, og ikveld er han nøydd for å gå til åtak på Obama for å undergrave ekteskapet og dei tradisjonelle familieverdiane. Faktisk har Romney ikkje utelukka at han kan vere interessert i eit landsomfattande grunnlovstillegg som slår fast at ekteskapet ein institusjon for ein mann og ei kvinne.

Det bringer sjølvsagt tankane attende til presidentvalkampen i 2004, som for ettertida vil bli ståande som ein valkamp utkjempa mellom anna med homospørsmålet som brekkstong i fleire vippestatar. Her var forbod mot homoekteskap på røystesetelen, og sjølv om dei ikkje avgjorde valet, verka dei utan tvil mobiliserande på konservative republikanske kjerneveljarane. Det skal bli interessant å sjå korleis Romney, som jo helst vil at dette valet skal handle om økonomisk politikk, handterer presset frå grasrota om å gjere verdispørsmåla til ein sentral del av kampanjen. Det kjem særleg ubeileilig ettersom Romney i førre veke avsette ein kontroversiell utanrikspolitisk rådgjevar. Han kunne og burde kanskje ha gjort det på grunn av mannens tendens til å seie ufine og sexistiske ting om folk som programleiaren Rachel Maddow og Newt Gingrichs kone Callista, men presseoppslag tyder på at Richard Grennell i praksis vart oppsagt fordi han er homofil. Den sosialkonservative fløya ga klar beskjed om at dei var ukomfortable med ein homofil talsperson sentralt plassert i Romney-kampanjen, og sjølv om Romneys folk insisterer på at dei ikkje hadde problem med det, gjorde dei heller ikkje noko for å ta han i forsvar. Han blei istaden i det stille skuva ut i kulda.

Når det er sagt, tyder dei første reaksjonane frå framståande sosialkonservative på at dei har lese Romney-leirens talepunkt. Den moralistiske flammesprutaren og tidlegare presidentkandidaten Gary Bauer, kritiserer Obama ikkje så mykje for å ha komme ut med støtte til homoekteskap, som for at saka tek fokuset vekk frå dei økonomiske spørsmåla. Det er ein avleiingsmanøver som er vidunderleg hyklersk frå ein person som Bauer, som i fleire tiår har hatt homohatske parolar som ein av sine spesialitetar, men det er iallfall lojalt mot Romney. Samstundes avslører det noko viktig om republikanarane sitt syn på saka: Når dei ikkje er opptekne av sjølve å skåre billige politiske poeng på folks fordommer, ser dei på homospørsmål som noko som handlar om ein liten og sytete minoritet. Dei kan ikkje førestille seg at deira eigne standpunkt faktisk går inn på eller utover nokon, og difor framstiller dei noko spørsmålet om homoekteskap som ei avsporing. Det er det same som ligg mellom linene når partileiar Reince Priebus (RNC) skuldar for å «playing politics« med saka.

Det kan såleis heller ikkje vere heilt enkelt å vere homofil aktivist i det republikanske partiet idag. GOProud, ei gruppe som jobber for homorettar innad i partiet, nytta til dømes først og fremst høvet til å kritisere Obama. Etter deira meining var det i overkant behageleg for Obama å venta til dagen etter at North Carolina hadde vedteke – med klart fleirtal i ei folkerøysting – å skrive forbod mot homoekteskap inn i delstatsgrunnlova, før han gjekk ut med sitt nye standpunkt. Og umiddelbart er det ikkje vanskeleg å vere samd i delar av kritikken. Viss han verkeleg ville setje noko på spel på kort sikt, kunne Obama sagt dette på måndag, istaden for idag. Men alle høyrer jo også at kritikken let hol: Obama er faktisk for homoekteskap, medan GOProud framleis lover udelt støtte til ein kandidat som vil motarbeide nett dei interessene organisasjonen deira er skipa for å kjempe for. Til dette vil dei sikkert svare at det at ein person er homo ikkje nødvendigvis tyder at han ikkje kan røyste på grunnlag av alle dei republikanske merkesakene – lægre skatt, ein mindre offentleg sektor, avregulering av næringslivet – men det hadde nok hjelpt om ikkje Grennell-saka netopp hadde synt at altfor mange i partiet framleis er ute av stand til å skilje mellom politikk og privatliv.

Til må eg berre understreke ein ting: Obama har ikkje gått lenger enn det Joe Biden gjorde i søndagsintervjua. Det er ikkje mi hensikt å underdrive tydinga av at verdas mektigaste statsleiar endeleg går inn for jamstelling av heteroar og homoar, men i praktisk politikk er det framleis uvisst kor mykje dette får å seie. Ei side av saka er korleis det vil slå ut i meir konservative vippestatar, som North Carolina og Ohio. Endå vesentlegare er det Obama slår fast at han framleis meiner det skal vere opp til delstatane sjølve å avgjere om dei vil tillate homoekteskap innanfor sine grenser. Det er med andre ord signal som er poenget, ikkje ei politisk endring over natta. Men det er det viktigaste – og modigaste signalet – på lang, lang tid. På felt etter felt har Obama tore gå dit Bill Clinton vek unna, eller trekte landet i feil retning. Det er det grunn til å gje han ros for, utan atterhald.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*