Før RNC ’12: Siste heildagsseminar med gjengen

Av | 27. august 2012

Det republikanske nominasjonslandsmøtet skulle eigentleg ha byrja idag, men måtte utsetjast ein dag grunna stormen Isaac. Imidlertid tjuvstarta festen i randsona av partiet alt søndag kveld, då presidentkandidat og kongressmann Ron Paul (R-Texas), inviterte til eit siste heildagsseminar med gjengen etter to gradvis meir suksessfulle presidentkampanjar. Vi har skrive om mannen og politikken før, og skal ikkje gjenta alt her. Likevel er det verd å stoppe opp ved den oppsiktsvekkjande karrieren som no går inn i sin siste haust. Paul tek ikkje attval til Representanthuset i november.

For ikkje mange år sidan var det å vere libertarianar noko ein smykka seg med fordi det var så eksklusivt. Eksklusivt, i den forstand at det fanst så få av dei. Det har Ron Paul, som sjølv ikkje kallar seg libertarianar, gjort sitt beste for å endre på. Eg har fleire gonger tenkt at libertarianismen, med sin konsekvente kombinasjon av livsstils- og økonomisk liberalisme, hadde stått fram med sterkare veljarappell om ikkje den fundamentalistiske frimarknadslina som blir konsekvensen av den økonomiske filosofien, hadde gjeve så barbariske utslag. Såleis representerer både det mest og det minst libertarianske med Ron Pauls politiske standpunkt det som gjer han vanskeleg å svelgje for ein som meg. Ja, vi er samde når det kjem til synet på overvaking, antiterrorlovgjeving, ytringsfridom og andre borgarrettar, pluss delar av forsvars- og utanrikspolitikken, men vi skil lag i den økonomiske politikken, kor eg ville ha nytta skattesystemet til å omfordele ressursar og dessutan bygd ut det sosiale tryggingsnettet. Men på same tid har Ron Paul nokre sosialkonservative trekk som eg ikkje deler, i og med at han til dømes er abortmotstandar og har eit strengare syn på innvandring enn det som er vanleg hjå folk med eit libertariansk sinnelag. Eg tykkjer dessutan, som eg har skrive før, at han står for ein slags konstitusjonell fundamentalisme som er totalt umogleg å gjennomføre i praksis. (Og så er det den vesle detaljen med førehistoria som redaktør for eit nyhendebrev med hyppige hatmeldingar i alle retningar, då.)

Men poenget er at Ron Paul har gjort det ikkje berre akseptabelt, men tilmed kult å vere libertarianar, eller i alle høve å innta dei standpunkta Paul har. Det kan utan tvil få gamle, «ekte» libertarianarar til å gå inn i ei identitetskrise – kva skjer eigentleg med folk viss verdssyn har vore bygd kring eksklusivitet, dersom det plutseleg blir ein del av hovudstraumen? – men no har dei faktisk tilmed byrja få innverknad på kva politikk det republikanske partiet skal føre. Pauls gamle kongstanke om å kikke sentralbanken i korta er no standard i GOP-krinsar; diskusjonen om ein mindre offentleg sektor gjev iallfall retoriske nikk til ei røyndomsforståing forma av dels Paul Ryan, dels Ron Paul; og det har blitt enklare å snakke om forsvarskutt i ein gjeldskontekst. Ungdommar lyttar merksamt når gamlingen lekser opp om kvifor dei bør syte for å avvikle offentlege pensjonsordningar, for deira eiga skuld, og dei let seg rekruttere som landsmøteutsendingar og lokale aktivistar.

Dette høyrest kanskje ut som ein tradisjonell puff piece, men det er i tilfelle ikkje meininga. I sum er eg ikkje viss på om Paul-fløyas auka innverknad er til det beste, korkje for det republikanske partiet eller for USA som sådan. Men tendensen er interessant, ikkje minst fordi det berre er Ron Paul som no trer til side. Onsdag inntek sonen Rand Paul, juniorsenator frå Kentucky, talarstolen på det republikanske landsmøtet. Han er allereie omsnakka som ein potensiell presidentkandidat sjølv i 2016, anten i eit ope primærval, eller, som dei mest stridslystne libertarianarane ser for seg, som ein utfordrar til president Romney frå høgre. Motsett far sin har Rand nemleg gjort sitt beste for å opparbeide seg tillit internt i partiet, til det punkt at han også har gjeve offisiell støtte til Mitt Romney. Det kan høyrest ut som ein dristig strategi for ein tea party-yndling, men ein treng heller ikkje vere den mest konspiratoriske personen i verda for å tenkje seg at det samstundes kan gje han ei friare rolle til å kritisere Romney frå innsida, uansett utfallet i november.

Sjølvsagt finst det naudsynte spørjeteikn knytt til Rands framtidige karriere. Ved sidan av spørsmålet om kor vidt han sjølv reint faktisk ønskjer å ta opp presidentkandidat-arven etter far, gjeld det mellom anna om han, som Politico spør idag, har det som skal til for å halde rørsla til faren ihop. Den har ofte hatt preg av å vere like mykje av ein personkult som ei rørsle sameint av politisk semje, og førebels er det ikkje godt å seie om Rand har den karismaen og overtydingskrafta faren har vist. Kan slikt gå i arv?

Men det hersker liten tvil om at Rand Pauls opptreden under landsmøtet er noko ein bør merke av i kalenderen. Landsmøte har skapt stjerner før, og Rand Paul har eit fastare fundament å stå på enn kva Barack Obama til dømes hadde då han held sin vidgjerne hovudtale til demokratane som var samla i Boston i 2004.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*