Danmark: Fortida heimsøkjer Ellemann-Jensen på veg tilbake

Av | 1. juni 2023

Etter å ha vore sjukmeld med ei stressliding i lengre tid, er Jakob Ellemann-Jensen «fast besluttet på» å komme tilbake som forsvarsminister, visestatsminister og Venstre-leiar frå 1. august. Men på pressekonferansen der fungerande forsvarsminister og politisk leiar, Troels Lund Poulsen, sleppte gladsaka, understreka han også at den politiske kvardagen Ellemann-Jensen til returnerer er om mogleg endå tøffare enn før.

No tyder mykje på at det ikkje berre gjeld arbeidet med å forankre Venstres plass i den nyskapande koalisjonen med Moderaterne og arvefienden Socialdemokratiet, som ifølgje meiningspmålingane berre har fyrt opp under partiets skarpt fallande veljaroppslutnad. Fleire saker gjer Ellemann-Jensen sårbar for skuldingar om at han har synt ein liknande mangel på respekt for Folketinget som han gjennom ein lang valkamp skulda statsminister Mette Frederiksen (S) for i førre periode.

Kort tid etter at den nye regjeringa blei danna skar det seg mellom forsvarsministeren og ein samla opposisjon. Ellemann-Jensen ville i utgangspunktet krevje at alle parti i forhandlingane om eit forlik om framtidas forsvarspolitikk skulle akseptere regjeringas framlegg om å avskaffe ein offentleg fridag som ein del av finansieringa. Kravet blei lagt vekk etter kort tid, men det skapte eit tidleg inntrykk av at han og regjeringa handterte usemje på ein arrogant og uforsonleg måte, som ikkje markerte eit tilstrekkjeleg tydeleg kontrast til Mette Frederiksens første regjering. Kor reelle kunne forhandlingane seiast å vere viss regjeringa uansett ikkje var til å rikke?

Dårleg samarbeidsklima er ille, men påstandar om at ein ministeren har villeidd eller løynd opplysningar for Folketinget er verre. Den siste veka har fleire medier skrive om prosessen med å bestille militært materiell som skal erstatte det som Danmark har lovd vekk til Ukraina. I januar bad dåverande forsvarsminister Ellemann-Jensen Folketinget hastegodkjenne eit pristilbod frå den israelske leverandøren Elbit, som ifølgje han hadde ein akseptfrist på mindre enn ei veke. Men det viser seg at fristen var betydeleg lengre. Fungerande forsvarsminister, Troels Lund Poulsen, har forsvart seg med at eit kjapt svar var naudsynt for at Danmark kunne rykke fram i leveringskøen, men ei rekkje parti krev likevel at ministeren kjem til Folketinget og forklarer seg.

Nett no er det formelt sett Lund Poulsen som sit med ansvaret, men feila er det Ellemann-Jensen som har gjort. Difor er det også alvorleg at Altinget skriv at han ga ei feilaktig framstilling av endå ei side ved kjøpet. Ifølgje han var det fleire som leverte bod i prosessen. Men det franske selskapet Nexter Systems hevdar at det aldri fekk komme med noko tilbod. Viss det stemmer, kan det nærme seg at forsvarsministeren har halde tilbake eller gjeve Folketinget feilaktige opplysningar, seier Det Radikale Venstres partileiar, Martin Lidegaard. Fordi Elbit leverer utstyr til den israelske okkupasjonsmakta, er selskapet allereie omstridd. Difor understrekar Lidegaard at det ein no veit kunne ha gjeve ei anna avgjerd viss dette hadde vore kjend. Opposisjonen kjem heilt sikkert til å krevje at at Ellemann-Jensen får ein sanksjon, og slike saker har ein tendens til å få sin eigen dynamikk, sjølv om regjeringa i utgangspunktet kan bruke fleirtalsmakta si til å avvise kritikken.

Viss det kjem fleire saker, eller opposisjonen klarer å halde saka varm på anna vis, risikerer Ellemann-Jensen ikkje berre at den stel tid og merksemd frå arbeidet med å skape ny giv i Venstre for regjeringsprosjektet. Den kan også skape eit inntrykk av at kompaniskapet med Mette Frederiksen har smitta partileiaren med nokre av dei karaktertrekka partifellane misliker mest ved statsministeren: Maktarroganse og tanken om at middelet er underordna målet. I aller ytste konsekvens kan alt saman opne diskusjonen om han er blitt så kontroversiell at Venstre er best tent med ein ny leiar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*