Frelsaren frå Tennessee?

Av | 4. juni 2007

Den tidlegare senatoren Fred Thompson (R) er førebels ikkje erklært presidentkandidat, men berre forventinga om at han ein gong kjem til å bli det er sterk nok til at han fortener å bli teken på alvor. Og no tek han altså dei første stega på vegen mot eit offisielt kandidatur. Nedsettinga av ein såkalla undersøkingskomite er for Thompson truleg mest ein sjarmøretappe som gjer det mogleg for han å førebu troppane, før han venteleg spring ut offentleg rundt nasjonaldagen 4. juli.

I utgangspunktet kan det vere vanskeleg for oss ikkje-amerikanarar å fatte kvifor ein konservativ skodespelar (etter at han gjekk ut av Senatet har han vore fast inventar i NBCs dramaserie Lov og orden) kan skape så stor entusiasme i det republikanske feltet. For å finne svaret på dette må vi bevege oss litt bortanfor det openberre, nemleg at folk tenkjer attende på den førre skodespelaren som ville bli president, Ronald Reagan, med varme kjensler. Thompsons kandidatur avslører først og fremst to ting; at den nykonservative fløya i det republikanske partiet framleis ikkje er klar for å gje slepp på makta, og at den same fløya er djupt misnøgd med dei tre største favorittane i det republikanske feltet til no, senator John McCain, tidlegare borgarmeister i New York, Rudy Giuliani, og tidlegare guvernør i Massachusetts, Mitt Romney. Dette tyder ikkje at Fred Thompson ikkje sjølv har nokre eigenskapar som kan gjere han til ein interessant kandidat, men det står ganske klart at han ikkje ville ha vore aktuell dersom andre, meir truverdige nykonservative (til dømes den tidlegare speaker i Representanthuset, Newt Gingrich frå Georgia, som framleis ikkje vil utelukke eit eige kandidatur) hadde vore erklærte kandidatar.

Per no er det Rudy Giuliani som er å rekne som favoritten til å vinne den republikanske nominasjonen, og dette er noko som opprører høgrefløya i partiet. Dette skal sjølvsagt ikkje forståast som at Giuliani tilhøyrer noko slags venstreside hjå Republikanarane, for slikt finst ikkje, men fordi den nykonservative fløya har hatt grepet om partiet heilt sidan Reagan vart nominert for mest 30 år sidan (så kan vi diskutere kva fløy Bush d.e. høyrde til), så har kandidatane si haldning i dei såkalla verdispørsmåla (forbod mot abort, nei til homoekteskap, ja til sterke familiar osb.) fått avgjerande tyding. Og her er Giuliani ein raud klut.

Etter å tidlegare ha vore medvite uklar om si haldning til abortspørsmålet, har han dei siste vekene bekrefta og forsterka sitt forsvar for kvinnas rett til å velje. Dette har eigentleg vore hans standpunkt heile vegen, og kjem ikkje som noko overrasking på dei nykonservative, men Rudy har altså no kome fram til at han kan ha meir å tene på å fortelje dei ubehagelege sanningar, enn på å konkurrere med Mitt Romney om å vere den mest hyklerske konservative kandidaten. Truleg tenkjer Giuliani også som så at han ikkje kan gjere så mykje med korleis dei republikanske primærvaldeltakarane oppfattar han. Då er det klokare å satse på at dei vil velje han uansett, basert på hans store autoritet mellom anna i tryggingspolitikken, og såleis sleppe å måtte re-posisjonere seg for å vinne attende midten i det endelege valet, der han uansett vil stå ovanfor ein demokrat som stør abortvedtaket (abort er heimla i ein høgsterettsavgjerd frå 1973, Roe v. Wade).

Giuliani får ikkje særleg anerkjenning for si insistering på at han heller bør dømmast etter kva dommarar han vil utnemne til Høgsteretten enn sitt eige abortsyn. Han har lova å utnemne dommarar som held seg strengt til grunnlova, og som ikkje vil nytte domstolen som ein aktivistisk kampplass. Sjølv om retorikken er hol, så tyder det at han vil utnemne dommarar som vil avgrense retten til abort. At dette neppe er noko mindre av sosialpolitisk aktivisme enn det motsette standpunktet, er her underordna. Det viktigaste er at den neste presidenten truleg får erstatte to dommarar, og gjer den republikanske presidenten jobben sin, kan det skjøre fleirtalet bak Roe v. Wade ryke. Problemet for Rudy er at grunnfjellet ikkje litar på at han vil gjere den jobben.

Men utfordringane til Giuliani stoggar likevel ikkje der. Sjølv om ingen republikanske kandidatar er for ekteskap for homofile, så er det fleire nyansar i denne debatten, og for den absolutte høgresida hamnar Giuliani på feil side. Med jamne mellomrom føreslår Republikanarane i Kongressen eit grunnlovstillegg som slår fast at ekteskap er ein konstellasjon som skal bestå av ein mann og ei kvinne, og som såleis legg ned eit grunnlovsfesta forbod mot ekteskap mellom homofile. Giuliani har sagt, til liks med til dømes senator McCain (som, ulikt Giuliani, faktisk må røyste kvar gong dette forslaget kjem opp) at han tykkjer dette er eit spørsmål som bør avgjerast av delstatane. Denne haldninga har rett nok medført at fleire statar idag har forbod mot slike ekteskap, men det er ikkje godt nok for høgrefløya. Dei held ofte fram det siste ballot initiative (forslag som blir lagt ut til folkerøysting i samband med eit føderalt eller delstatleg val) i fjor, då Arizona vart den første staten til å avvise eit slikt forslag, som prov på at dette er noko som må vedtas sentralt. Giulianis prinsipielle forsvar for  statane sin rett til sjølve å bestemme, vert av mange på den republikanske grasrota sett på som ei medviten svekking av den tradisjonelle, stabile (ha!) heteroseksuelle familien.

Og det fører oss til eit ankepunkt mot Giuliani som ein kanskje skulle trudd var irrelevant, men som nettopp for family values-fløya kan hende er viktigast av alt; mannens urolege familieliv. Giuliani er no inne i sitt tredje ekteskap, og dei to andre har vorte oppløyst med mykje offentleg støy (han forlet kone nummer to på ein særs offentleg måte, gjennom ein pressekonferanse, utan at ho sjølv var informert). Denne familiehistoria har i tillegg ført til at forholdet til borna er anstrengt, og vegen fram til den sunne kjernefamilien er såleis lang. Det er sjølvsagt lite som tilseier at ein dårleg familiemann ikkje kan vere ein brukbar president, men dette handlar ikkje berre om det mange på grasrota oppfattar som eit manglande samsvar mellom liv og lære. Skaden for Giuliani kan i like stor grad skje fordi dette minner kjerneveljarane om det moralske kaoset som herska under den akk så forhatte president Clinton, og det taktiske elementet i at ein ikkje kan spele ut det moralske overlegne mot Demokratane sin front runner, Hillary Rodham Clinton, dersom ein sjølv stiller med den knapt så monogame Giuliani, kan tenkjast å bli tillagt vekt.

Det at Rudy framleis leier på meiningsmålingane trass i alle desse konservativt funderte innvendingane, kan først og fremst tilskrivast den synkande påverknaden til dei nykonservative miljøa. Republikanarane er framleis eit breitt parti med rom for mange ulike synspunkt. Difor er det ikkje sikkert at den nykonservative kritikken råkar så hardt som dei kunne ønskt.

På den andre sida, så er det også slik at dei førebels har hatt mange kandidatar å motarbeide, samstundes som dei ikkje har hatt ein samlande eigen kandidat, som kan gjere det tydeleg kva og kven dei er for. Dette har mellom anna senator John McCain fått merke, men han har vald seg ein annan strategi enn Giuliani, truleg av di han idag sit i Senatet, og blir konfrontert med faktiske avrøystingar, der Giuliani står friare til å meine kva han sjølv vil.

McCain har førebels hatt store problem med finne sin stil i denne primærvalkampen. Han var den viktigaste utfordraren til George W. Bush då sistnemnde gjekk sigrande ut av ein særs skitten primærvalkamp for åtte år sidan, og mange nykonservative yndar å vurdere McCain meir utifrå den kandidaten han var den gongen, enn den kandidaten han er idag. I 2000 bygde McCain opp eit populært bilete av seg sjølv om ein outsider som kunne snakka den pampete Washington-makta midt imot. Han førte kampanjen på å vere den ærlege og løysingsorienterte kandidaten, den som ikkje gav mykje for å fortelje om usemje der den fanst. Han vann mange vener utanfor republikanske partiet på denne måten, men det sikra han ikkje nominasjonen. Men sjølve valkampen var frisk, fordi han mellom mykje anna tok eit oppgjer med den kristne høgrefløya (den reaksjonære pastoren Jerry Falwell, som McCain rakk å bli forsona med før han døydde nyleg, vart ganske riktig kalla ”an agent of intolerance”). I Bushs første periode hissa han dessutan på seg høgresida ved å røyste mot dei djupt usosiale og ukloke skattelettene til Bush-administrasjonen, men også her har han seinare gjort tilbaketog. Det er i det heile eit gjennomgåande trekk ved McCains andre presidentkampanje at han forsiktig har freista leggje seg tettare opp til dei nykonservative posisjonane. Difor er han også den aller tydelegaste forsvararen av opptrappinga i Irak. Problemet hans er at kjerneveljarane neppe kjem til å løne han for det. Ikkje fordi dei ikkje stør krigen, men fordi andre spørsmål er viktigare, enn så lenge republikanarane ikkje har nokre tydelege krigsmotstandarar.

For sett med nykonservative auge er også McCain ein svak kandidat. Hans patetiske freistnad på å stemple seg sjølv som motstandar av Roe v. Wade gav han ikkje åtgaum som anna enn opportunistisk, og han har den same utilfredsstillande mellomposisjonen i høve til homofile rettar. Men viktigast kan det likevel vere at McCain vert rekna som ein blauthjarta liberalar når det gjeld innvandringsreform. USA har heile 12 millionar innvandrarar – særs mange av dei frå grannelandet Mexico – som oppheld seg ulovleg i landet, og innanrikspolitisk har det siste året gått med på å diskutere kva ein skal gjere med desse. Argumenta frå haukane på høgrefløya er velkjende og fordomsfulle; innvandringa bidreg til ein flaum av framandfolk, og det er særleg farleg i ei tid prega av terrortrugsmål. Dessutan er dei redde for at desse snyltarane skal undergrave den amerikanske levestandarden. Når McCain har teke innvandrarfolkesetnaden generelt i forsvar, og understreka kor avhengig landet er av dei for å få unna dei oppgåvene som held samfunnet gåande, vert han umiddelbart skulda for å ville gje kollektivt amnesti til 12 millionar menneske. Amnesty er i det heile i ferd med å verta eit like stygt skjellsord på høgrefløya som liberal alltid har vore.

Likevel skulle ein kanskje tru at dei same haukane kunne finne ting å gle seg over i det innvandringskompromisset som nyleg vart tinga fram. Det nye forslaget set opp ei rad strenge kriterium for når og korleis ulovlege innvandmmrarar skal kunne vurderast for fullt statsborgarskap, og liberale krefter (representert mellom anna gjennom delar av det demokratiske partiet, og leiarsida i The New York Times) meiner at kompromisset går så langt i å setje grenser for innvandringa at det er eit svik mot grunnleggjande amerikanske tradisjonar. Mellom anna krev forslaget at alle som vil søkja om lovleg status må reise ut av landet for å søkje frå heimlandet, i tillegg til å betale $5000, ca NOK 30.000, for å verta vurderte. Dette er veldig strenge krav, og det kan argumenterast godt for at det er meir sannsynleg at eit slikt system vil gjere den illegale innvandringa endå meir naudsynt enn at den faktisk vil føre til at folk går den lovlege vegen. I nykonservative krinsar ser ein imidlertid eit smutthol til amnesti, og John McCain må rekne med å få smake deira vrede.

Innvandringsspørsmålet kjem høgt opp når republikanske veljarar vert bedne om å gje opp dei viktigaste sakene i deira val av presidentkandidatar. Kan hende gjer republikanske kandidatar klokt i å bu seg på at dette først og fremst tyder krav om ei strengare lovgjeving, men dette skuldast i tilfelle i hovudsak at dei som tek del i primærvala ofte er meir konservative enn den jamne republikanske veljaren, og folket som heilskap. Difor er det ikkje sikkert at det er ein føremon for McCain at mange amerikanarane stør hans intensjon om å gje ein lovleg veg inn for dagens illegale innvandrarar, så lenge primærveljarane ser på den same politikken som eit liberalt svik.

Det er i desse farvatna den tredje topp-kandidaten, outsideren Mitt Romney, fiskar. Han er i utgangspunkt for ein republikansk våt draum å rekne; ein kjekk og veltalande sjølvskapt forretningsmann, men skeptiske nykonservative er ikkje lette å lure. Romney freistar, på ein langt meir konsekvent måte enn McCain, å spele på deira kjensler, men det er ikkje sikkert han lukkast. På mange måtar var – før Thompson kom inn i biletet – det minste ondet, men heller ikkje noko meir og bedre. Romney har ei politisk forhistorie som gjer at mange konservative har vanskeleg for å lite på at han verkeleg er ein av dei, og han gjer heller ikkje mykje for å styrkje sitt eige truverd.

Gjennom heile sin karriere som guvernør i Massachusetts har Romney til dømes administrert og støtte abortlovgjevinga, sjølv om han no hevdar at han tykkjer abort bør verta forbode.  Dette er som kjent eit av dei spørsmåla der det ikkje er rom for tvil og nyansar for dei nykonservative, og Romneys omvending vert møtt med djup mistru. Når han freistar å vende denne og andre liberale misgjerningar til ein fordel for seg sjølv, ved å vedgå at det var ei tvangstrøye han måtte kle seg i for å verta vald til guvernør i ein liberal stat, vert effekten ofte den motsette av kva han ønskjer. Istaden for å byggje opp eit inntrykk av ein mann som gjennom ein lang tankeprosess har kome på betre tankar, så sit mange att med ei kjensla av at forandrar standpunkt alt etter kva val han vil vinne. Det same gjeld eit anna nykonservativt favorittdøme på korleis Romneys politiske metamorfose nærmar seg ryggeslause, nemleg hans skiftande haldning til homofile rettar. Når han freista utfordre den særs røynde senator Ted Kennedy (D), ein av Senatets mest liberale representantar, ved  valet i 1994, skal han ha sagt omtrent dette: ”Eg skal vere betre på homorettar enn Ted Kennedy”. Det seier seg sjølv at dette svekkjer hans strenge fokus på kjernefamilien.

Romney skal sjølvsagt ikkje undervurderast, ettersom det er naturleg viss republikanske veljarar føredrar ein kandidat som meiner det same som dei på ein lite overtydande måte, framfor ein kandidat som meiner det motsette av dei. Men lista over saker der det lyser opportunist og desperat populist av Romney kan diverre gjerast enda lengre. Styrkt av gode pengeinnsamlingstal i årets første kvartal, ville Romney profilere seg sjølv som motstandar av våpenkontroll, samstundes som han kunne henge ut Rudy Giuliani for hans kritiske haldning til våpenspørsmål. Dette skjedde ved at Romney skraut av at han hadde vore jegar heile livet. Dette var i og for seg ikkje heilt usant, men sanninga var nok likevel ein nedtur for våpenvenene. Romney hadde rett nok gjennom store delar av livet, men totalt berre to – 2 – gonger, og då med nesten 40 års mellomrom. Det er ikkje mykje å skryte av. Og Romney bestod heller ikkje den andre testen, ettersom han ikkje hadde vore medlem av våpeneigarorganisasjonen National Rifle Association (NRA) i meir enn eit drygt år. Det skulle vere unødvendig å seie at det ønskte bykset på meiningsmålingane uteblei.

I tillegg til slike openberre truverdsproblem, kjem særleg to andre faktorar som gjer at Mitt Romney får ein lang veg til nominasjonen. Den viktigaste kan fort vise seg å vere at han er mormonar. At mormonarane ofte har problem med å bli tekne på alvor som ordentlege kristne er ikkje nokon boost for Romneys forsvar for den tradisjonelle familiestrukturen. Som ein ironisk kommentar kan det skytast inn at Romney er den einaste republikanske topp-tre-kandidaten som framleis held fast ved sitt første ekteskap, men det er ikkje sikkert at dette er nok til å overtyde skeptikarane. Mange veljarar seier til meiningsmålarar at dei ikkje vil røysta på ein presidentkandidat som er mormon, og det er kanskje grunn til å tvile på at Mitt Romney har dei statsmannseigenskapane som skal til for å vinne skeptikarane, som John F. Kennedy synte med sin tale om sin katolske tru foran valet i 1960. Førebels har Romney berre teke opp religionsspørsmålet på ein indirekte og/eller spøkefull måte, men Slate-kommentator John Dickerson har på overtydande vis skrive om kvifor Romney bør freiste rydde spørsmålet av vegen før valkampen tetnar til for alvor. Slate presenterte elles artikkelen med den mykjeseiande teaseren It’s time to talk Mormon, Mitt.

Den siste utfordringa Romney har, var eg så vidt inne på tidlegare i teksten. Mange konservative republikanarar blir urolege berre nokon nemner den liberale bastionen Massaschusetts, og Romney har ein lang veg å gå når han skal fortelje korleis han, viss han er den grunnleggjande konservative mannen han seier han er, klarte å vinne guvernørposten der. Dette er på mange måtar eit tap-tap-spørsmål for Romney. Viss han køyrer på med at det var det demokratiske delstatsfleirtalet som hindra han i å føre konservativ politikk, vil han bli konfrontert med at han var for tilpassingsdugeleg (sjå over). Viss han på den andre sida freistar venda denne fleksibiliteten til å verta eit prov på at han er ein valbar kandidat, fordi han kan samarbeide til begge sider, risikerer han ikkje berre å støytte frå seg kjerneveljarane, men også å styrkje oppfatninga om at han er ein politikar som først og fremst meiner det han trur han har noko å tene på å meine. Det ironiske er difor at sjølv om Romney står for den mest konservative politikken av alle kandidatane, så har han kan hende likevel lengst fram til nominasjonen.

Om ein først godtek dei konservative veikskapane til topptrioen, så er det difor forståeleg at Fred Thompson er ein tiltrekkjande kandidat. Han har ei plettfri avrøystingshistorie mot abort og homorettar, er atterhaldslaust for skattesenkingar, og han er ein hardliner på utanrikspolitikk. Men etter at Thompsons kandidatur har blitt alt meir sannsynleg, har media også byrja fokusere på dei mindre kjende sidene ved den tidlegare senatoren, som kan by på utfordringar i samband med sjølve kampanjen.

Det finst nokre små politiske problem, til dømes at han var vinglete i sin kritikk av dei moderate i innvandringspolitikken medan han sjølv sat i Senatet; at han røysta imot å stille Bill Clinton for riksrett; og at han støtta den såkalla McCain-Feingold-lova, som avgrensa interesseorganisasjonar og verksemder sitt høve til å gje pengar til politiske kandidatar (lova er avskydd av nykonservative), men desse syndene er ikkje større enn at dei kan tilgjevast. Dei største utfordringa ligg kanskje i Thompsons personlege eigenskapar.

Det kan nemleg verke som om mange konservative stirer seg blinde på at ettersom Thompson er skodespelar, så må han også vere eit under av karisma. Eg presiserer her at eg ikkje har sett Thompson opptre live enno, og at denne teksten berre er ein freistnad på ei samanstilling av mitt inntrykk av dei ulike kandidatane, men Thompsons første store tale, i California for ei veke sidan, foran eit meir enn velvillig publikum, blir framstilt som skuffande. Han har alle dei rette meiningane, og han er sagt å kunne vere både overtydande og sjarmerande, men eit generelt inntrykk eg sit att med, er av ein mann som ikkje eigentleg trivst så veldig godt med å vere politikar. Dette kan sjølvsagt vere ein del av forsøket på å framstille seg sjølv som ein anti-Washington-kandidat, men balansegangen kan vere vanskeleg. Veljarane vil neppe ha ein kandidat som gjev inntrykk av å ikkje brenne tilstrekkeleg for det han seier.

Men så lenge Thompson får tid på seg til å bli trygg i rolla, og så lenge ein litar på at republikanske veljarar er meir opptekne av politikk (Thompson) enn av presentasjon (Romney), så kan ikkje den nykonservative wonderboyen reknast ut enno. Han er førebels ikkje så viktig personleg, men han kan bli veldig avgjerande i forhold til å gje den nykonservative delen av partiet tilbake trua på at stordomstida ikkje er over. Kanskje kjem Frelsaren frå Tennessee likevel?

**

Innlegget vart opphavleg publisert på bloggen No Surface, All Feeling.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*