Lytt og lær!

Av | 4. juni 2015

Det danske valet kan følgjast på mange måtar, og den neste veke vil sannsynlegvis til og med norske media skalere opp dekninga. Sjølv om all merksemd om eit slikt viktig val i utgangspunktet er av det gode, har likevel røynsle med at analysane kan bli i overkant enkle og med kort tidshorisont. Då er det ofte meir gjevande å dukke ned i korleis danskane sjølve dekkjer valkamp, I tillegg til å lese danske nettaviser og sjå TV-sendingar, tilrår vi difor her fire podkastar som kvar på sin måte vil gjere deg betre skodd til å forstå kva som står på spel i valkampinnspurten.

Det Røde Felt

Høveleg nok for ein nettstad med skribentar trygt plasserte på venstresida, byrjar vi med dette debattprogrammet, leidd av Lars Trier Mogensen. Han var tidlegare ein del av kommentatorkorpset i den venstreliberale avisa Politiken, men er idag journalist i Information. På leiarplass kan avisas profil minne om den sosial-radikale arven frå Dagbladet og den reinhåra sosialdemokratismen til Dagsavisen, og omtrent slik er det å høyre på Det Røde Felt. Trier Mogensen presenterer programmet som «Danmarks eneste venstreorienterede debatprogram», og viss vi tek med avisbransjen, er han ikkje langt frå å ha rett. Det politiske ordskiftet i Danmark vert ført på høgresidas premissar, sjølv om landet har ei sosialdemokratisk regjering, og slik vert Trier Mogensen, som burde vore ein establishment-meiningsdannar, faktisk ei viktig motrøyst. Han har nyleg omtalt seg sjølv som «liberal sosialist». Den største styrken til Det Røde Felt er at Trier Mogensen har to heile radiotimar til rådvelde. Han kan vere ein påståeleg og (diverre) ikkje alltid like raus utspørjar, men likevel er han istand til å finne gjester, tema og vinklingar som gjer at saker som elles er prega av føreseieleg grøftegraving kjennest friske. Uredd, men ikkje ukritisk, inviterer han folk som står både til venstre og til høgre for han sjølv, og lukkelegvis er dei korkje berre politikarar med ein partidagsorden eller forskarar som er engstelege for å trakke utanfor sitt eige felt. Det er vanskeleg å oppsummere kva som er ei god og typisk sending, men spesialsendingane frå Grønland ifjor haust er døme på eit djuptborande temaval eg lærte mykje av. (Når: Måndagar)

Situationsrummet 

Lars Trier Mogensen dukker opp her også, som venstrealibiet i Radio24syvs daglege morgonvalkampmorgon. Han er flankert av dei borgarlege meiningsdannarane Jarl Cordua (kjent for somme som bloggar på Berlingske) og Torben Steno, som kvar torsdag gjev ein borgarleg vri på aktuelle emne i Cordua & Steno. Den vennlege, men samstundes alvorlege kjeklinga om valkampens skeive gang er interessant i seg sjølv, men Situationsrummet gjev også eit effektivt påfyll av meiningsmålingar, analysar og ein og annan personleg kjepphest. Kvar sending inneheld i tillegg ein aktuell duell med inviterte debattantar, og eit intervju med ein kandidat som gjerne er litt meir meiningssterk og mindre føreseieleg enn dei som vanlegvis får ordet på radio i valkamptider. (Når: Måndag-fredag)

Søndagspolitikken

Dette magasinet minner mykje om Danmarks Radios no nedlagde Politisk Debat, og gjev deg ei oppsummering av stort og smått frå den politiske veka, leidd av Jesper Thermandsen, politisk redaktør i Radio24syv. Programmer bringer intervju og meiningsstoff, men ikkje sjeldan går det også rett til kjelda, det vil seie inn i møteromma på Christiansborg for å finne ut korleis pølsene blir laga, Nokre innslag skal du kanskje vere over gjennomsnittet interessert for å få utbyte, men det er jo tida for å gje seg over. (Når: Søndagar)

Policast

Og apropos djup interesse; Vi avslutter med den venstreliberale avisa Politikens vekevise podkast, leidd av talknusar og supernerd Sigge Winther-Nielsen. Særleg meir detaljert og inside baseball blir det ikkje – men vi liker det slik. Winther-Nielsen, som skriv den faste spalta Skyggekabinettet for avisa og nettstaden, trekkjer på eit rullerande panel av tidlegare spinndoktorer og partistrategar for å endevende veka i dansk politikk. Det kan konvensjonelt – førestill deg ein diskusjon av kvifor veljarane forlet Det Radikale Venstre – eller ikkje – tenk ein rundebordsdiskusjon om kven som er den mektigaste departementsråden i Danmark.

Når det er sagt: Det er ikkje alt ved denne podcasten som funkar – enno. Sjølv om Kåre Quist gjer noko liknande i partileiarutspørringa på DR1, så er det ikkje alltid Winther-Nielsens første punkt på dagsorden – ein ja/nei-runde til paneldeltakarane spissformulert i påstands form – gjev det ønska, opplysande resultata. Etter dette følgjer to større temadiskusjonar, innan episodane vert avslutta med litt unødvendig innslag kor ein skal gisse seg fram til opphavspersonen bak eit utvald sitat. Likevel: For kjennarar og entusiastar er det mykje å hente i Policast kvar veke. (Når: Torsdagar)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*