Stikkordarkiv: Venstre (DK)

Danmark: Mads Fuglede går frå Venstre til Danmarksdemokraterne

Av | 20. mars 2024

I arbeidet med å selje inn Troels Lund Poulsen som ny leiar i Venstre, var det særleg eitt argument som gjekk igjen: I motsetnad til Jakob Ellemann-Jensen som, fortent eller ikkje, blei oppfatta som ein sosialliberal representant for «by-Venstre», kunne deltidsbonden med kallenamnet «Traktor-Troels» og tilhald i distrikts-Danmark, dempe misnøya med regjeringsprosjekt i Venstres kjerneområde… Les mer »

Før den nye samlingsregjeringa kan skipast må Ellemann stogga grasrotopprøret mot midten

Av | 12. desember 2022

I kveld er det kalla inn til ekstraordinært sentralstyremøte i Venstre (V). Her kjem partileiar Jakob Ellemann-Jensen etter å dømme til å presentere regjeringserklæringa som er tinga fram mellom V, Socialdemokratiet (S), Moderaterne (M) og Det Radikale Venstre (R). Framleis er det mykje me ikkje veit: Skal R og M vere med i ei fleirtalsregjering?… Les mer »

Danmark: Mette Frederiksen vil regjere med dei borgarlege

Av | 5. oktober 2022

Tysdag føremiddag heldt statsminister Mette Frederiksen (Socialdemokratiet) ein mykje rost tale ved haustopninga av Folketinget (video frå 17.52). Når ho ikkje nytta høvet til å skrive ut nyval, sjølv om eit mistillitsframlegg truga i horisonten konkluderte journaliststanden difor at det mest truleg ville skje på onsdag. Det var bakgrunnen for hennar lattermilde reaksjon på spørsmålet… Les mer »