Venstresida ser etter nye partnarar etter Mette Frederiksens skilsmisse

Av | 9. januar 2023

Det er ikkje berre partia til høgre for det nyslegne sentrumspartiet Venstre – me kan kalle dei «det rest-borgarleg» blokk – som skal terpe nye replikkar når Mette Frederiksen no med mykje møye har fått oppført sjangerhybriden «S-V-M-regjeringa». Framandgjeringseffekten er minst like stor på Socialdemokratiets tidlegare truppefellar i Socialistisk Folkeparti og Enhedslisten. (Etter denne metaforens logikk føretrekkjer leiinga i Det Radikale Venstre å gjere strykningar i teksten, for å setje opp sin eigen versjon i dunkel lyssetting på ei dårleg besøkt kjellarscene.)

Særleg i Enhedslisten er frustrasjonen stor over at S danna regjering med Venstre og Moderaterne. Som SF før det, gjorde partiet alt det kunne for å bli ein påliteleg og konstruktiv partnar for den sosialdemokratiske soloregjeringa i førre periode, også sjølv om det både kosta veljarar og skapte intern strid. EU-politikken er lagt om i pragmatisk lei, med asyl- og innvandringspolitisk opposisjon på liknande vis prioritert ned i møte med eit bastant innstrammingsfleirtal. I lys av det kan Mette Frederiksens markante høgresving påverke kva veg resten av venstresida slår inn på.

På den eine sida i Enhedslisten står tidlegare talsperson Pernille Skipper. Ho var i vekene etter partiets overraskande svake valresultat (1) klar med ein særs kritisk analyse: Dei som hevdar at partileiinga er for eigenrådig andsynes partiet (2) og for imøtekommande andsynes regjeringa, har ikkje forstått problemet. Om noko, er det Enhedslistens interne organisering og politiske kultur som gjer det vanskeleg å skape politikk og vere relevant: «Partiets organisation er groft sagt stadig indrettet til et venstrefløjsparti i 70’erne, hvor interne diskussioner og uendelige ’demokratiske’ processer er vigtigere end at komme ud over rampen», skriv den nyss avgåtte folketingsmedlemen.

Interne kritikarar har innvendt at analysen hennar vantar sjølvkritikk av den politiske linja. I ein situasjon der der ein trong lupe for å sjå skilnad på SF og regjeringspartiet, og kor S til overmål gjekk til val på å dele regjeringsmakta med høgresida, burde Enhedslisten ha vore ein naturleg heim for søkjande venstrefløysveljarar. Dei spør om ikkje svaret på valnederlaget kan skimtast i at ELs politikk er blitt for kompromissvillig og uklar. Men Pernille Skippers analyse går dessutan inn i ein kontinuerleg debatt om kva rolle eit venstreradikalt parti skal ha. Skipper vil flytte avgjerdsmakt til folketingsgruppa og legg vekt på å auka gjennomslag via det parlamentariske arbeidet- Men på grasrotnivået er Enhedslisten ofte eit parti av aktivistar. Folketinget er ikkje den einaste vegen til demokratisk organisering, og mange legg ned like mykje tid i utanomparlamentariske rørsler, til dømes fagforeiningar, klimaorganisasjonar, studentpolitikk, freds- og solidaritetsarbeid eller organisert EU-motstand. Det har openbert vist seg vanskeleg å vinne folkemeininga for gradvise framsteg på Christiansborg. Då kan ei mogleg løysing vere å mobilisere eit folkeleg press utan- og nedanfrå istaden.

Diskusjonen om den interne organiseringa kjem til å halde fram, men Mette Frederiksens nye regjering kan gjere at Enhedslisten slipp å velje mellom ei pragmatisk-parlamentarisk tilnærming og ei som spring ut frå folkerørslene. Iallfall på stutt sikt. Idet Socialdemokratiet medvite vraka eit latent sentrum-venstre-fleirtal mista pragmatikarar som Skipper sitt beste argument for at Enhedslisten skulle bruke kompromisset som metode. Og realitetsorienteringa slo inn omgåande. Til frammøtte journalistar utanfor forhandlingslokalet erklærte partileiar Mai Villadsen at det var ein «kæmpe katastrofe» for klimaet og fordelingspolitikken at S snudde seg til høgresida. I det heile verkar det som om partiets toppfolk har funne seg godt til rette i rollen som attoppstått venstreopposisjon.

Under ei fleirtalsregjering er dei tradisjonelle spelereglane i dansk politikk suspendert. Framover kjem ikkje venstresida til å få meir makt og merksemd enn regjeringa er villig til å gje ho. Den andre moglegheita er å gjere seg interessant med nyskapande politikk enn andre overraskande utspel. (3) Enhedslistens invitasjon til ein «stærk alliance til venstre» med SF og Alternativet – og ein eigen statsministerkandiat – er eit talande døme på det siste. Kor alvorleg ein vel å ta framlegget vil variere etter temperament. Det fungerer på eitt nivå som endå ei påpeiking av at frustrerte venstrefløysveljarar har andre alternativ enn å vente på at Socialdemokratiet «vender heim» til raud blokk. Ein treng heller ikkje ta ideen om eit eige regjeringsalternativ utan S bokstavleg for å sjå potensialet i at venstresida i det minste samsnakkar seg ein smule for den dagen då ei regjering på sentrum-venstresida er aktuell igjen. Den tragikomiske oppflisinga av borgarleg blokk i seinhaustens valkamp bør kunne skremme einkvan til samarbeid.

Under Pia Olsen Dyhrs leiing har samarbeid med Socialdemokratiet nærast vore ein integrert del av SFs sjølvforståing. Dersom SVM-konstellasjonen skulle vise å vere solid nok til å søkje attval, er det ikkje godt å seie kor det etterlet partiet. Enhedslistens høgttenking om å gjere SF-leiaren til statsministerkandidat vekkjer berre måteleg interesse; sjølv om gruppeleiar Karina Lorentzen er open for samarbeid, er vona framleis at Mette Frederiksen til slutt skal snu. Men viss den draumen brest og SF konkluderer med at tida er inne for å stå fritt, ville det også vere naturleg å skifte frontfigur.

______________________________

1) 5,2% er ELs dårlegaste oppslutnad i eit folketingsval sidan 2007, og nedgang for andre gang på rad.

2) Kritikken mot partileiinga og folketingsgruppa for å slå ned intern debatt har ei lang førhistorie. Jonathan Simmel blei i to omgongar pressa til å seie frå seg varaplassen i Folketinget fordi han har nekta å ta avstand frå væpna revolusjon. Det likte ikkje venstrefløya i partiet. Den seinaste kontroversen dreidde seg om at Mai Villadsen gjekk i rette med folketingsmedlem Christian Juhl og leiar i ELs internasjonale utval, Mikael Hertoft, etter utsegner om USA og NATOs «medskyldighed» i Russlands åtak på Ukraina.

(3) Ettersom mange politiske saksområde er omfatta av tverrpolitiske forlik, har Dansk Folkepartis leiar, Morten Messerschmidt, skissert ein alternativ måte Folketinget kan avgrensa fleirtalsregjeringas makt på. Inngåtte avtalar kan ikkje endrast med mindre alle partar er samde om det, og Messerschmidt føreslår ein «musketered» mellom opposisjonspartia for å verne kvarandre sine hjartesaker og hindre at regjeringspartia set opposisjonen opp mot kvarandre.