Vinnie, Vinnie, Vinnie – a man after midnight…

Av | 27. september 2008

Den tidligare Wimbledon-sjefen Joe Kinnear vart i går tilsett som ny manager i Newcastle United – på ein korttidskontrakt ut oktober. 61-åringen har ikkje trent eit lag sidan han var i Nottingham Forest i 2004, men viste langt på veg på 90-talet kva kvalitetar han innehar. Frå 1992-1999 styrte han Wimbledon med stødig hand opp mot og inn på øvre halvdel av Premier League-tabellen, og laget vart fort omdøypt til The Crazy Gang ettersom spelestil og utstråling utarta seg.

Dei fleste hugsar nok også skruknottslitar Vinnie Jones frå glansdagane på midten av 90-talet, og den tidligare forsvarsklippa som no har gjort filmstjerne (!) av seg i Hollywood og flytta til Los Angeles, er ein kjend beundrar av sin tidligare manager. 43-åringen uttalte seg i dag til The Sun om irskfødde Kinnears inntog på St. James’ Park og lufta samstundes ideen om at han sjølv kunne tenkt seg eit anna verke i nokre veker:

«Joe will be better than the fans think. He was probably the best man-manager I ever played for because he treated players like adults. He will breeze into Newcastle and I can guarantee he will make everyone feel at ease because he won’t be overawed by what is in front of him. I’d be back in England like a shot if Joe wanted any help.

I’m sure he will be able to turn the club around and if he feels I’d be able to contribute in any way, I’d get the next plane back from LA. I’m not filming for a few weeks so there is absolutely nothing to stop me if I get a call.»

At ingenting kan stoppa Vinnie Jones er vel strengt tatt ikkje noko nytt. Tidligare Wimbledon-formann Samir Hammam uttalte ein gong at Jones er i besittelse av ein «mosquito brain«, og tek ein seg tid til å lesa litt rundtom på nettet om Vinnie Jones vil ein fort sjå kva årsakane er, om ein ikkje allereie har brukt store delar av 90-talet til å følgja den vandrande motorsagmassakren.

Tilbake til Joe Kinnear. Underteikna ser på det som positivt at ting skjer i Newcastle. Og Joe Kinnear er ingen dårleg mann. Men eg stiller meg undrande til at valet vart teke uavhengig av kva spelarane tenkte og ønskja (slik Shay Given òg stilte spørsmålsteikn ved i SkySports idag), og det skal bli spennande å sjå kva Kinnear klarar å få til dei vekene han skal regjera. Newcastle-eigar Mike Ashley skal visstnok vera i samtalar med nye investorar som skal vera interesserte i å kjøpa klubben, og håpet er jo at desse eventuelt nye eigarane kan gå i ny dialog med Kevin Keegan (og Terry McDermott) for å henta han (dei) tilbake til klubben.

Joe Kinnear sa sjølv i går at han forsto at han fekk tilbod om jobben fordi ingen andre ville ha den, at han forsto at supportarane og spelarane ønskjer Keegan tilbake, og trudde òg at dette kunne vera ein moglegheit når kontraktsperioden til Kinnear går ut i slutten av neste månad. Han spekulerte til og med i om Alan Shearer kunne dragast med på lasset når Keegan eventuelt på ny entrar St. James’ Park., og meinte han i grunnen berre hald setet varmt for desse. Denne slutninga om Shearer stiller underteikna seg heller tvilande til, sjølv om tanken jo kan lyda forlokkande. Me ønskjer Joe Kinnear lukke til med det arbeidet han har framfor seg, og vonar sjølvsagt at ein kjem til ei snarleg løysing vedrøyrande det reint administrative på Tyneside.

Seint i går kveld kom det spreidde meldingar om at eit nigeriansk konsortium har lagt inn eit bod på meir £200 millionar på klubben, og ifølgje den ikkje alltid like pålitelege blekka The Sun skal Mike Ashley i eit møte med Joe Kinnear i går ha fortalt at denne gruppa veit kva dei driv med – og at dei ønskjer Kevin Keegan tilbake så fort som mogleg. Kinnear sjølv har rekna ut at han nok vil sitja i førarsetet i mellom seks og åtte kampar, og vil prøva å gjera det beste ut av situasjonen. All honnør til han for det. Klarar Ashley å selja klubben òg, samstundes som dei nye eigarane har klare mål og ei klar forståing av kva dei ulike rollene i ein klubb inneber, kan rammevilkåra sjå gode ut for at Kevin Keegan – tiårets managerkupp – igjen akslar den magiske treningsdressen.

Konklusjon: Vonet er der, og snøret heng ikkje like ille som før.
______________________________________________________________________________________
Dette innlegget er òg publisert på bloggen «Statskanalen«.

En tanke om “Vinnie, Vinnie, Vinnie – a man after midnight…

  1. Tilbakeping: Det Tore skrev | popcultpolitics

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*