Revolusjonsretorikken hemmer Raudt

Det er ei naudsynt men keisam øving som dei fleste parti i krise føler at dei må igjennom, den Mimir Kristjansson no skal setje igang for det sjølverklært revolusjonære småpartiet Raudt. Som Kristeleg Folkeparti gjorde det etter det dårlege kommunevalresultatet i 2003, og som Bjarne Håkon Hanssen gjorde på Arbeidarpartiets vegner etter katastrofen i 2001, har Raudt sett ned eit strategiutval som skal analysere seg fram til kva som gjekk gale, og korleis partiet igjen kan veksa. Skjønt, for Raudt er det siste litt ekstra vanskeleg. Når skilnaden mellom eit godt og eit dårleg valresultat står på så få desimalar, er det ikkje heilt enkelt å vite kva som vil gje den etterlengta utteljinga. Men det er helst for oss som står – til dels langt – utanfor partiet at øvinga er keisam. For Raudt-medlemer inneber den vonleg til slutt eit høve til å lufte ut nokre gamle dogmer, men før dei kjem så langt må folk som Kristjansson igjennom intervju i Klassekampen (14. januar) kor dei snakkar småkritisk men uforpliktande om den ikkje spesielt lyse situasjonen. Det er meint å vere slik, sjølvsagt. Arbeidet har jo ikkje byrja for alvor enno. Men det er altså ikkje veldig interessant.

Det minner førebels litt om dei intervjua stortingsrepresentant Ola Borten Moe ga då han for nokre år sidan fekk i oppgåve å utarbeide ein ny bypolitikk for Senterpartiet. Han vedgjekk at partiet ikkje hadde lukkast i å gjere seg relevante i mange saker som var viktige for veljarane, og ønskte å hente inspirasjon frå andre land. Samstundes understreka han ein eller annan variasjon av at det viktigaste var å bli tydelegare, altså at hovudproblemet likevel var at veljarane førebels ikkje hadde skjøna at Senterpartiet alt hadde ein politikk som var minst like god for bybuarar som for bygdefolk. Overført til Raudt og unge Kristjansson tyder det mellom anna å konstatere at partiet ikkje har nytta høve til å fylle det opposisjonelle tomrommet etter SV godt nok, og at det ikkje held med luftige skrivebordsteoriar og von om at veljarane vil strøyme til det han kallar “SV uten kompromisser”. Istaden må ein freista få fotfeste mellom arbeidarveljarane gjennom å føreslå som rører ved deira konkrete arbeidskvardag, og dessutan bevege seg vekk frå kjensla av å vere eit parti som har gode samfunnsanalysar men få løysingar. Korleis det problemet skal handterast skal ein altså ta seg heilt fram til landsmøtet i 2012 til å tenkje over.

Alt dette er eigentleg vel og bra, om enn det ikkje er noko nytt. Eg trur imidlertid at Kristjansson undervurderer kor framandgjerande omgrepet ‘revolusjon’ verkar på nett den arbeidarklassen som Raudt seier dei vil nå. Klassekampen, som dei seinaste åra har hatt stor glede av å rippe opp i nye og gamle konfliktar og skiljeliner i partiet, kan heller ikkje denne gongen dy seg for å spørje om revolusjonsretorikken framleis høyrer heime i vokabular, truleg fordi dei veit at Kristjansson er forplikta til å svare ja. Og det gjer han då, også, lojalt og føreseieleg. Deretter gjev han seg rett nok ut i ei lengre utgreiing om korleis revolusjon og reformisme eigentleg kan gå hand i hand, fordi – forstår vi – systemendringane skal skje over lang tid, og i eit behageleg tempo. Og dersom ein revolusjon plutseleg tyder at ein berre gradvis tenkjer og vedtek seg fram til ein økonomi og ein samfunnsmodell som fungerer betre og meir demokratisk enn den vi har idag, er det sjølvsagt vanskeleg å arrestere han på noko. Men kva er då skilnaden på Mimir Kristjansson og den radikale reformisten og ministerssosialisten Audun Lysbakken (unntatt det der med ‘minister’)?

Eller sagt på ein annan måte; uansett kor mykje tid vi gjev Raudt og Raudt gjev seg sjølve til å komme attende med eit svar, slepp dei ikkje unna spørsmålet: Kvifor tvihalde på ein framandgjerande retorikk som ein aldri har klart å fylle med meining, dersom det ein faktisk meiner like gjerne kan formulerast på ein måte som ikkje støytter vekk nesten heile den venstreorienterte veljarmassen? Det burde gå an å formulere desentralisering av makt, verksemdsdemokrati og satsing på offentleg velferd som positive målsetnader, utan å kle dei inn i ein revolusjonær retorikk som partiet sjølv heller ikkje veit kva dei skal med. Men det har sjøvsagt med tradisjonar, og dermed med sjølvforståing å gjere. Det har alltid vore RV/Raudts oppgåve å vere landets revolusjonære ‘arbeidarparti’. Slik gjev ein ikkje opp så lett, sjølv om det om ikkje så lenge kan stå om livet.

Sjølvpåførte skader er elles ikkje noko som er avgrensa til norske radikalarar. Etter at han tok over det svenske Vänsterpartiet frå Gudrun Schyman (som seinare braut med partiet og danna Feministiskt Initiativ istaden) vart det ein del oppstuss over at partileiar Lars Ohly framleis kalte seg kommunist. Det ga assosiasjonar til dengong då partiet heitte Vänsterpartiet Kommunisterna og hadde eit mindre avklart syn på demokratiet. Media gjorde eit stort poeng utav det, men Ohly stod på sitt. Han var i sin fulle rett til å kalle seg kommunist, meinte han, og hadde sjølvsagt rett i det. Problemet var berre at han tilsynelatande også forventa å heilt uforstyrra sjølv kunne definere kva han meinte med det, utan at folks oppfatning av kva det vil seie å vere kommunist kom i vegen for forståinga. Men det gjekk sjølvsagt ikkje, og Ohly har lege kommunistretorikken på hylla for lenge sidan. Det var smart av han.

Det er ikkje dermed sagt at kommunistspøkelset ikkje kjem attende når ei stadig meir trengd borgarleg regjering skal bruke hausten på å åtvare mot ein raudgrøn svensk regjeringskonstellasjon. Noko slikt kjem truleg aldri på tale for Raudt, men lærdommen er likevel nokolunde den same. Rydd vekk dei enklaste hindra for auka oppslutnad først. Eitt av dei kan vere å snakke ikkje berre om folk, men også om seg sjølve, i eit språk som er lettare å sympatisere med.

Jørgen Lien

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*