Høgre har framleis ingen svar om alternativet til formuesskatt

Av | 23. november 2012

Ein sjeldan gong er det for underskrivne faktiske meir å vere samd i enn usamd i med ein leiartikkel i Bergen Tidende, og det skjedde her til morgonen. La gå at eg ikkje aksepterer avisas lettvinte framstilling av raud-grøne argument for formuesskatten som eit retorisk grep for å «flå de rike», og at vi difor bør bevege oss vekk frå diskusjonar om å korleis vi avgrenser rikdom til korleis vi kjempar imot fattigdom. Det er ikkje fruktbart å setje opp eit skilje på denne måten. Boka The Spirit Level (2010) har dokumentert dei positive effektane av relativt små økonomiske skilnader, og for å oppnå dette må nokre må også betale meir. Difor treng vi eit nokonlunde progressivt skattesystem.

Då er det lettare å seie seg samd når leiarskribenten peikar på at Høgres framlegg om å fjerne formuesskatten kan undergrave skatteviljen hjå den vanlege skatteytar. Sjølv om Høgre, truleg i takt med bølgjeskvulpa frå meiningsmålingane, har moderert både avviklingstakta for formuesskatten og nivået for andre skatteletter, står ein ting fast: Formuesskatten skal avviklast, uansett.

Det inneber at staten går glipp av omlag tolv milliardar kroner i inntekter, hovudsakleg betalt av landets aller rikaste. I tillegg fører det, som så vel Bergens Tidende som Klassekampen strekar under i dag, til at mange av landets aller rikaste menn (og dei er stort sett menn) i praksis vert nullskattytarar, fordi dei ikkje har anna skattbar inntekt. Det uroar imidlertid ikkje det tradisjonelt så økonomisk ansvarlege Høgre, fordi dei ganske enkelt ikkje aksepterer problemstillinga: Å seie at Høgre på denne måten vil gje store skatteletter til dei aller rikaste er feil, insisterer Jan Tore Sanner til Klassekampen, fordi Høgre sjølvsagt vil komme opp med ein metode for å syte for at også desse folka yter sin skjerv: «Vi er klare på at vi ikke vil fjerne formuesskatten før vi får på plass et nytt system som skal sikre at alle, også dem med størst lommebok, bidrar». Fint, seier eg. No kan vi snakke.

Problemet er berre at vi ikkje har noko å snakke om. Høgre har nemleg endå ingen klar plan for kva som skal erstatte formuesskatten når den er avvikla, berre forsikringar om at den kjem. «Vi trenger en grundig faglig vurdering før vi kan legge fram konkrete forslag til endringer i skattesystemet,» held Sanner fram. Men endringane kjem, forsikrar Sanner og freistar å jage nullskattspøkjelset på dør, «fordi vi sier vi skal gjøre det».

Når eg likevel ikkje er overtydd, skuldast det at Høgre har sagt nett det same i årevis, tilsynelatande utan å ha komme eit steg nærare ei konkret løysing på nullskattytar-problematikken. I 2009 snakka Jan Tore Sanner om formuesskatt med VG. Her er eit representativt utdrag:

«- Hvis vi fjerner formuesskatten helt, må vi finne andre måter å sikre at også de aller rikeste betaler skatt, sier Sanner til VG.

– Hvordan?

– Det har jeg ikke noe klart svar på nå. Men jeg er helt sikker på at det er mulig å finne løsninger, sier Sanner.»

Viss du held pusten i påvente av Sanners klare svar, kjem du til å døy.

Veka etter dette intervjuet i 2009, gjekk dåverande stortingsrepresentant Torbjørn Hansen (H), berre for å vere på den sikre sida, ut for å så tvil om kor vidt det i det heile fanst noko slikt som «nullskattytarar». Bakgrunnen den gongen var at SV hadde dokumentert at nullskattyting var ein konsekvens av Høgres ivring for fjerning. Hansen freista istaden å snu heile diskusjonen på hovudet. No skulle det ikkje lenger handle om individuell skattlegging, men om at dei rikaste gjerne eig verksemder som betaler skatt. BA skreiv følgjande (11.07.2009):

«Hansen medgir at fjerning av formuesskatten gir lavere skatteinnbetaling for privatperson[er], men han vil ikke vedkjenne seg begrepet «nullskattyter».

– Men syv av ti rikfolk i Hordaland blir jo beviselig nullskattytere dersom formuesskatten fjernes?

– Disse personene eier også bedrifter som betaler skatt. Denne presentasjonen viser et utrolig skjevt bilde av den skatteinnbetalingene disse menneskene faktisk står for, sier Hansen.»

Rett skal vere rett. Torbjørn Hansen sit ikkje lenger på Stortinget, og kanskje har Høgre difor no tru på sjølve prinsippet om personleg skattlegging i tillegg til skattlegging av verksemder, men summen av summen av desse to intervjua og det faktum at Høgre ikkje ser ut til å ha kome noko nærmare eit svar på korleis eit alternativ til formuesskatten skal sjå ut, gjer det ikkje urimeleg å vere skeptisk til kor seriøst ein kan ta det når Sanner insisterer på at det er tilstrekkjeleg å berre ta han på ordet, endå ein gong.

I 2009-intervjuet kokte tillitsargumentet til Sanner ned til at han ikkje trudde landets rikaste hadde noko ønskje om å bli nullskattytarar. Rett nok kan det verke som om Sanner framleis baserer Høgres skattepolitikk på det han faktisk trur norske milliardærar ønskjer seg – altså ei fjerning av formueskatten – men å byggje opp heile skattesystemet på rikfolks gode vilje, er i beste fall naivt. Jo visst skal skattesystemet framstå som logisk, rettvist og rimeleg, men problemet med dagens skattesystemet er jo ikkje at dei rikaste bidreg for mykje. Det er motsett. Sanner kan understreke så mange gonger han vil at Høgre ikkje ønskjer å gjere dei rikaste til nullskatteytarar. Til no har hans kamp mot formuesskatten, og hans tiltru til Stein Erik Hagens og Olaf Thons sosiale sinnelag, vore langt meir oppeldna enn freistnaden på å forklare kva som er alternativet.

Norske veljarar uttrykkjer gong på gong støtte til tanken om at norsk velferd skal finansierast over skattesetelen, og for at systemet skal bidra til ei rettvis fordeling av godene. Noko av det viktigaset for å få formuesskatten til å fungere rimeleg, har vore å auke botnfrådraget, slik at fleire folk med relativt små formuer slepp å betale. Samstundes har ein auka skattlegginga i toppen. Det er freistande å anklage Høgre og Framstegspartiet for å nytte formuesskatten som ei veldig dyr og usosial brekkstong for å gå til endå hardare åtak på andre døme på progressiv skattlegging. Om formuesskatten blir fjerna risikerer ein, på grunn av ein kombinasjon av reduserte offentlege inntekter og svekkja tillt til at skattesystemet verkar på ein rimeleg måte, at den folkelege oppbakkinga til ei mildt progressiv skattlegging blir så redusert at ein kan demontere også andre omfordelingsmekanismar, under tilvising til at dette med omfordeling ikkje fungerer etter hensikten. Men åtaket på formuesskatten må slåast tilbake, uansett om det er del av ein større offensiv mot fellesskapstanken eller ikkje.

Somme ideologar på den norske høgresida klagar stundom over at høgrefløyspartia ikkje argumenterer tilstrekkjeleg ideologisk for kvifor lågare skattetrykk er naudsynt. I følgje desse, mellom anna representert ved den liberalistiske meiningsmaskina Jan Arild Snoen, må H og FrP snart leggje mindre vekt på påstanden om at skatteletter gagnar næringsutvikling, og istaden heve fana for at folk skal få ha større kontroll med eiga inntekt. Men dømet formuesskatt er interessant i så måte. Her freistar Høgre å gjere begge delar samstundes. Anklagen om at formuesskatten er urettvis er rett nok mindre brukt etter auken i botnfrådraget, men du finn den framleis. Samstundes argumenterer dei føreseieleg nok for at skatten verkar kvelande på skapartrongen. Poenget er ikkje at det er umogleg å argumentere ut frå to ulike omsyn på ein gong. Det er at ingen av poenga er særleg treffande, all den tid Noreg stadig får ros for å ha eit godt investeringsklima for folk som vil la pengane sine gjere nytte for seg.

Men fokuset på formueskatten bidreg iallfall til å gjere ein ting klart: Høgre og Framstegspartiet er dei to partia på borgarleg som har mest å samarbeide om. Media likar å skape inntrykk av at formuesskatten er ei lita symbolsak, og at skilnadene mellom dagens regjering og høgrefløya er blitt så liten etter Høgres retoriske sentrumsflørt. Ingen av delane stemmer. Sjølv om Høgre no legg opp til ei meir gradvis avvikling av formuesskatten enn tidlegare, vil dei altså med opne auge svekkje fellesskapsfinansieringa og gje gåver til dei rikaste. I tillegg kjem nye offensive åtak mot arbeidsmiljølova, for meir privatisering i helsevesenet og for ei ny liberalisering av privatskulelova. Regjeringa har nok å ta tak i, mindre enn eit år føre stortingsvalet.

**

NB: Innlegget lener seg i nokon grad på eit blogginnlegg eg skreiv i 2009, men oppdaterer og vidareutviklar resonnementet. Eg står framleis inne for innhaldet i begge innlegga.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*