Ein ny type EU-debatt?

Av | 29. november 2012

Det er eit oppsiktsvekkjande utspel generalsekretær Kirsti Mehti i Europarørsla kjem med i Klassekampen idag, og truleg eit mange medlemer og sympatisørar vil bli overraska over. Mehti konstaterar på organisasjonens vegner at debatten om norsk EU-medlemskap er så godt som daud, og at økonomiske og andre faktorar gjer at rørsla difor bør nytte høve til å frigjere seg frå diskusjonen om medlemskap eller ikkje. Det er ein spennande tanke, og sjølv om det i utgangspunktet gjer litt vondt å innrømme det, så kan ho ha eit poeng.

Først; eg har sjølv vore medlem av Europarørsla tidlegare, eg stør norsk EU-medlemskap, og det låg ikkje nokon usemje med organisasjonens strategiske mål eller innretting i at eg etter kvart slutta å betale medlemspengane. Eg meinte og meiner at Noreg treng ein organisasjon som tilrår norsk EU-medlemskap, både fordi eg meiner Noreg bør vere representert der kor det blir utøvd makt, og fordi EU har vore eit prosjekt som i stort har ført med seg betre samarbeidsrelasjonar i Europa. Eg kan, frå sak til sak, vere usamd i kor langt nasjonalstatane skal gå i å samordne seg, eller i kor raskt det skal skje, men eg stør EU-prosjektet. Difor uroar det meg dersom Europarørsla, etter Mehtis utspel, skal forandre karakter frå ein organisasjon som først og fremst arbeider (Mehti er nøye med å streke under at organisasjonen ikkje endrar syn på ønskjet om medlemskap, berre på strategiske vurderingar på stuttare sikt), til å bli ein slags folkeopplysningsorganisasjon for korleis EU påverkar Noreg, og kva (positive, får vi tru) konsekvensar dette har til dagen.

Når meiningsmålingane ligg slik an som dei gjer, er det sjølvsagt på ein måte forståeleg at ein vil endre arbeidsform. Det er fint lite som tyder på eit snarleg omslag i retning korkje ein ny medlemskapsdebatt, eller eit folkeleg krav om det same. Men likevel er det noko nedslåande med utspelet: Skal ein istaden berre slå seg til ro med at stoda no eingong er slik, og late det vere med det? Normalt handlar jo meiningsskifte i eit demokrati om at somme held fram med å fronte standpunkt også når det er få som vil høyre, standhaftig, heilt til tilstrekkjeleg mange endrar meining, og lyttarkrinsen og gjennomslaget aukar?

Om du vil, kan synspunktet mitt kokast ned til noko slikt som dette: Nokon må vel ha ansvar for å halde spørsmålet varmt? Eg er redd eg møter meg sjølv litt i døra her, men likevel: Under og etter Israels totalt uproporsjonale krig mot Gaza i 2008/09 kritiserte eg FrP-leiar Siv Jensen fordi ho tidlegare hadde sagt at FrP tok på seg å framføre pro-israelske synspunkt, fordi også dei måtte høyrast i debatten. Eg meinte ho hadde dårlege argument for dei konkrete tinga ho hevda om krigens realitetar og korleis dei blei dekt i mediene, men i ettertid hadde eg etter kvart betre kunna forstått motivasjonen, om den ikkje ganske raskt hadde forfalt til posør-ekstremisme under tilvising til at det er sunt for debatten at nokon kjem til orde med det. Men eit faktabasert, uhysterisk forsvar for norsk EU-medlemskap? Det må vel gå an?

Eit raskt blikk på Europarørslas nettsider forsikrar meg dessutan om at signala frå Mehti er meint på ein ganske mye mindre bombastisk måte enn ein kan få inntrykk av. Medlemskap er framleis den føretrukne tilknytingsforma. Å fokusere på andre sider av europeisk samarbeid kan jo også på lengre førebu ein ny medlemsskapsdebatt, og generelt auke kunnskapsnivået om og interessa for europeiske spørsmål. Og det finst utan tvil ei rekkje saker som er særs viktige, og som ville tent på ein edrueleg diskusjon kor medlemsskapspørsmålet ikkje heile tida spøkte i bakgrunn; anten det gjeld arbeidsrettar, EØS-avtalen, eller den irriterande ryggmergsrefleksprega reaksjonen på fredspristildelinga til EU.

Så sjølv om eg altså kan la meg frustrere litt over den defensive innstillinga som ligg til grunn for å leggje sjølve medlemsskapsdebatten til sides for ei stund, så har eg full forståing for ein ting: At Europarørsla vil ut av det Mehti kallar “tvangsekteskapet med Nei til EU”. Det herskar liten tvil om at Heming Olaussen er ein særs dyktig og slagkraftig leiar for nei-sida, men måten han og organisasjonen hans set premissane for korleis vi diskuterer det meste som har med EU å gjere her i landet, har gjort debatten dårlegare og meir polarisert enn den trong vere. Fredspristildelinga er nemnd, men det finn knapt den sak frå EU som ikkje får det til å kile i den overtrente nei-muskelen til Olaussen. Om Europarørsla på denne måten kan rive til seg eit pusterom til å diskutere europeiske utfordringar på ein litt annan måte, så lover eg å seinke pulsen litt likevel.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*