USA: Demokratar i strid med seg sjølve samlast i Philadelphia

Av | 25. juli 2016

Hillary Clinton har alt i fleire tiår omtalt den systematiske undergravinga av henne og familien hennar frå høgremedia som «the vast right-wing conspiracy«. Republikanarane, på si side, strekar gjerne under Clintons hardhendte politiske stil og påståtte kynisme ved å tale om «the Clinton machine». Spør du tilhengjarane til Bernie Sanders, vil dei sikkert svare at båe høver heilt fint på Hillary Clinton I 2016.

Det skuldast sjølvsagt at dei mest overtydde Bernie-støttespelarane ser på Clinton som ein høgresidekandidat. Mange av dei finn det nedlatande når folk frå Clinton-kampanjen snakkar om og til dei utelukkande som om dei har ansvar for å innsjå alvoret og falle inn på rekkje slik at demokratane kan slå Donald Trump. Det underslår at Clinton-Sanders-duellen mest handla om politikk, og Sanders-veljarane er framleis utrygge på om Clintons varsame steg til venstre er uttrykk for anna enn nett den gamle, kalkulerte metoden.

Etter å ha blitt avvist og latterleggjorde som konspirasjonsteoretikarar, har Sanders-folket no også fått handgripeleg prov på at det som liknar mistenkjeleg på at «Clinton-maskinen» hadde viktige talspersonar og tilretteleggjarar heilt inne i leiarskapen av partiets sentralstyre, Democratic National Committee. Hemmeleg dokument og e-postar offentleggjorde av Wikileaks syner at sentralt plasserte personar i DNC ikkje berre hadde ei fordomsfull og negativ innstilling til Sanders, men at dei la opp valkampen slik at den auka Clinton sine vinnarsjansar. I går måtte Debbie Wassermann Schultz, med bakgrunn som nasjonal kampanjeleiar for Clinton i 2008, trekkje seg frå leiarvervet i DNC. Det er gale nok, men det mest alvorlege at det stadfestar inntrykket av Clinton som ein politikar som ikkje heilt følgjer spelereglane, eller iallfall ser ein annan veg medan andre bryt dei, og som så nektar for det. Republikanarane har ikkje kome nokon veg med den tilbakeviste påstanden om ho har personleg skuld i at fire personar blei drepne under terroråtaket i Libya i 2012, men hovudgrunnen til at saka med Clintons private e-postserver er blitt ei så stor byrde, er at den på ein måte passer til folks verste frykt og fordommar mot ho.

Republikanarane har nett avslutta eit landsmøte som, sjølv om det ikkje gjekk knirkefritt, iallfall var konsekvent i si svartmåling av USA og kriminalisering av motkandidaten. Klisjeen om at «Democrats fall in love; Republicans fall in line» kan framleis vise seg å romme ei sanning. Meiningsmålingar tyder på at mange veljarar kjenner seg att i Trumps dystopiske samtidsskildring, og mellom partiaktivistane har sjansen til å mobilisere mot Hillary Clinton potensiale til å overskugge at mange av dei misliker Trump. Det demokratiske landsmøtet i Philadelphia opnar på si side med ein fersk skandale som gjer helings- og samlingsprosessen mellom Clinton- og Sanders-tilhengjarar vanskelegare, nett idet mange håpa og trudde at dei kunne skimte eit felles mål.

Det er viktig å puste med magen når ein les meiningsmålingar lenge før valdagen, og kanskje særleg med berre eitt av to landsmøte unnagjort. Men Trump har tilsynelatande fått det venta oppsvinget. Demokratane må bruke dagane under landsmøtet godt. Dei må vedta ein radikal, visjonar plattform og håpe at 2016 til sjuande og sist liknar på 2008. Den gongen fekk vonbrotne Clinton-veljarane brei mediedekning så fort dei nemnde at dei ikkje kom til å røyste på Barack Obama. Men flesteparten av dei røysta demokratisk når det gjeldt i november, og Obama vann klart.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*