Danmark: Viss dei aller rikaste er viktigast

Av | 8. september 2016

Skattestriden i det borgarlege Danmark minner om ei vidgjeten scene0 frå ein kandidatdebatt i den republikanske presidentnominasjonsvalkampen i 2011. Programleiaren ville vite om kandidatane kunne gå med på eit kompromiss der dei fekk ni dollar i kutt for kvar dollar som gjekk til nye offentlege investeringar. Den underliggjande premissen var at ei slik gåve måtte vere uimotståeleg. Men nei. Ein etter ein heva dei hendene for å avvise kompromisset. Den siste dollaren var visst (minst) like viktig som dei første ni.

Omtrent slik har Liberal Alliance stelt seg i dei føreståande forhandlingane om skatteletter og ein overordna plan for dansk økonomi fram mot 2025. Heilt sidan folketingsvalkampen i 2015 og offentleggjeringa av Venstre-regjeringa sitt regjeringsgrunnlag, har LA-leiar Anders Samuelsen gjort det klaren at toppskatten skal seinkast med fem prosentpoeng for alle, viss ikkje vil partiet ikkje lenger halde handa over den svake mindretalsregjeringa til Lars Løkke Rasmussen. I første omgang måtte ein aud0mjuka rett nok konstatere at flyktningauken tvinga regjeringa til å setje forhandlingane på vent frå våren 2016 til hausten, men Samuelsen forsikra om at han hadde både til å vente og tiltru til at han kom til å få gjennomslag.

Viss han var laga av slikt materiale, kunne Samuelsen lett ha bokført dette gjennomslaget no. Skatteframlegget frå V-regjeringa legg opp til å kutte toppskattesatsen frå 15% til 10% for alle med inntekter inntil ein million danske kroner. Men fordi det etterlet seksti tusen millionærar utan ei slik skattelette Samuelsen har sett si æra i å levere, har han istaden brukt veka sidan planen blei lagt fram til å auka fallhøgda. At skattekutta skal gjelde heilt til toppen av innteksstigen er like ufråvikeleg som før, men no gjer han det samstundes klart at dei fem prosentpoenga berre eit utgangspunkt. Aller helst vil LA ha ei halvering av dagens sats, til 7,5%.

Samuelsen veit godt at skatteletter til millionærar speler falskt i øyro på leiaren i Dansk Folkeparti, Kristian Thulesen Dahl. Partiet hans har vakse til å bli Folketingets nest største, ikkje minst ved å marknadsføre seg som den borgarlege blokkas sosial(demokratisk)e samvit. Då høver det dårleg å la seg tvinge til å stå som garantist for skattekutt til dei aller rikaste. Rett nok er det slett ikkje usett i nyare dansk politisk historie at DF kan lokkast til å akseptera ein usosial skattepolitikk dersom partiet samstundes får gjennomslag for strengare asyl- og innvandringspolitikk. Løkkes og Venstres utfordring er likevel todelt: For det første er asyltala uansett for nedgåande, så det er ikkje råd å redusere dei noko særleg på kort sikt, og dessutan har DF allereie uttrykt mistru til kor reelle innstrammingane som ligg i planen faktisk er.

Skulle planen om eit 2025-kompromiss som femnar om heile borgarleg side mislukkast, anten det er fordi Liberal Alliance står for hardt på skattekutta, eller fordi DF faktisk står ved sin erklærte motstand, har Lars Løkke likevel ei anna moglegheit. Han kan satse på å puste nytt liv i det uortodokse trepartisamarbeidet mellom Venstre, DF og Socialdemokraterne. Det var slik han redda seg ut av floka med dagpengane tidlegare i år, og toppar i både S og DF har i ettertid snakka pent om ein slik samarbeidskonstellasjon. Med fare for å gjenta meg, slår eg også fast at S under Mette Frederiksen verkar å ha som strategi å forhandle Venstre ut av regjeringskontora. Då får det berre vere at den synlege skilnaden mellom blokkene blir mindre di oftare midtstreken blir viska ut.

Politisk kommentator og tidlegare partileiar i Det Konservative Folkeparti, Hans Engell, kan sjå føre seg at det er denne løysinga Løkke til slutt fell ned på. Men, understrekar han: Heller ikkje den garanterer at regjeringa overlever. Å gå utanom Liberal Alliance for å sleppe å gje millionærane lågare skatt, er jamgodt med at Løkke erklærer krig mot Anders Samuelsen. Regjeringa kan framleis bli felt av eit meir generelt mistillitsforslag.

Meiningsmålingane syner nær dødt løp, så kven som har mest og minst å frykte frå eit kjapt folketingsval er ikkje godt å seie. 2025-planen inneheld ei rekkje element, frå skatteletter til kutt i studiestøtte og høgare ,som venstresida kan mobilisere veljararar på, men usemja internt på sentrum-venstresida er minst like stor som mellom dei borgarlege. «Luften skal rænses», heiter det gjerne når danskane blir kalla til valurnene i utide. Tåka som ligg over kva Socialdemokraterne, Radikale Venstre, Socialistisk Folkeparti, Enhedslisten og Alternativet eigentleg kan bli samde om, er minst like tjukk som blodtåka over det borgarlege landskapet. Der har såra knapt nok grodd etter striden kring landbruksminister Eva Kjær Hansens (V) avgang i vår.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*