Danmark: Å stige i det stille

Av | 10. oktober 2016

Lesaren lyt bere over med at eg innleier endå ein artikkel med ein parallell til norsk politikk, men ein kjapp skisse (48:15) av den aktuelle politiske situasjonen i grannelandet frå kommentatoren David Trads gjorde freistinga for stor: Trads greip fatt i at opposisjonspartiet Socialdemokratiet for tida aukar på meiningsmålingane, samstundes som det medvite legg fram så lite konkret politikk som råd er. Slikt ergrar den borgarlege statsministeren, Lars Løkke Rasmussen. Venstre-regjeringa hans har lege fram ein detaljert finansieringsplan for fleire sider ved dansk økonomi fram mot 2025, med alt kva det gjev av høve for opposisjonsparti til både høgre og venstre til å hogge laus mot feilprioriteringar. Socialdemokratiet konsentrerer skytset om å peike på konsekvensane av regjeringas politikk, men når det kjem til å presentere eit alternativ har partiet til og med gått så langt som til ikkje å leggje fram eit eige, alternativt budsjettframlegg.

Trads meiner den fåmælte strategien er smart, iallfall så lenge S held fram med å auke oppslutnaden. Regjeringa gjer på sitt vis partiets arbeid for dei, i og med at den føreslåtte 2025-planen er så full av ambisiøs og ideologisk tydeleg borgarleg politikk (skatteletter, mindre studiestøtte, høgare pensjonsalder, osb.) at Socialdemokratiet kan kommunisere eit slags prosjekt gjennom utelukkande å fortelje kva det er imot. Mette Frederiksen spekulerer, ifølgje Trads, i at splittinga på borgarleg side om 2025-planen kan komme til å tvinge fram eit tidleg folketingsval, eit val sentrum-venstre-opposisjonen ligg an til å vinne. I det valkampen startar, kan Frederiksen så bli meir konkret, men før vi kjem så langt skal V-regjeringa frå pine seg sjølv til døde.

Strategien har både klare likskapstrekk og klare kontrastar til måten Jonas Gahr Støre greip an den første tida som Ap-leiar. Til liks med danske sosialdemokratar, som kom ut av ein periode med regjeringsansvar og kompromiss under Helle Thorning Schmidt, verka Ap i byrja av Støre-æraen meir enn klart for å frigjere seg fra arven etter dei raud-grøne. Jo visst var det takksemd og rake ryggar for kva ein hadde fått til, men med opposisjonsrolla og ei ny leiing fekk partiet høve til å tenkje ut primærstandpunkt på eit friare grunnlag enn på lenge. I dansk sosialdemokrati har det gjeve utslag i ein tydelegare velferdsprofil og, kan hende overraskande, ein (endå) strengare asylpolitikk. Men langs dei lange linene har Frederiksen og Støre følgt ei oppskrift som liknar: Oppmoding til forlik og samarbeid, kombinert med udogmatisk høgttenking og få bastante konklusjonar. Jonas-effekten var særs merkbar, slik Socialdemokratiet også i all hovudsak har vore på stigande kurs sidan leiarskiftet i 2015.

Men lærdommen frå Støre kan også stå som ei potensiell åtvaring for Mette Frederiksen: Med framgang kjem auka merksemd frå ei kritisk og utolmodig presse og eit mistenksamt veljarkorps. Det sette seg over tid eit, etter mitt syn urimeleg, inntrykk av at Arbeidarpartiet anten ikkje hadde nokon politikk, fordi ein framleis var undervegs med å diskutere i partiet, eller at Støres partiinterne takhøgd og retoriske flygehøgd var uttrykk for medveten dobbeltkommunikasjon. Skulle det ta tid før folketingsvalet kjem, må Mette Frederiksen vere klar for å gje veljarane klare svar, også i ei anna form enn eit valprogram.

Det er råd å late seg fascinere av kor komfortabelt Frederiksen tilsynelatande sit, og samstundes dele Lars Løkke Rasmussens frustrasjon over kor vanskeleg det er å få Socialdemokratiet til å forplikte seg til noko. Det tydelegaste dømet for meg, er at partiet ikkje vil leggje fram eit eige forslag til statsbudsjett for 2017 før ein veit korleis tingingane om 2025-planen sluttar. Sett frå ein taktisk ståstad er det slik David Trads roser, fordi det gjer at S slepp å bindre til potensielt vanskeleg gjennomførbare lovnader. Men i ytste konsekvens er dette også med til å tappe det offentlege ordskiftet for meining. Kvifor skal borgarane bry seg om løpande debattar mellom vala, viss ulike synspunkt og ideologiske prioriteringar ikkje kan utsetjast for presis kritikk? Dette, i kombinasjon med den romantiske draumen om storkoalisjonar mellom tradisjonelle hovudmotstandarar, medverkar mest av alt til at talet på saker som ikkje blir tekne opp og haldningar som ikkje blir representerte, blir fleire. Det er ei demokratisk utfordring. Ikkje minst i eit land som Danmark, der misnøya med politikarar er tiltakande og nye, ytterleggåande høgreparti sår frø av nasjonalkonservatisme og framandfrykt.

Det første Socialdemokratiet kan gjere for å hjelpe, er å føre båten til land, setje ned foten og stå på den – som Jonas Gahr Støre kanskje ville sagt det. Det bør som eit minstemål tyde at partiet formulerer eit alternativt budsjettframlegg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*