Danmark: Socialdemokraterne og Dansk Folkeparti nærmar seg kvarandre – ein kort historikk

Av | 20. september 2016

Då Jonas Gahr Støre som nyvald Arbeidarparti-leiar byrja å snakka meir ope om eit nærare samarbeid med Kristeleg Folkeparti, var eg mellom skeptikarane. Det galdt ikkje så mykje tanken i seg sjølv, men utover å vera forma av den raudgrøne epoken, var og er eg litt tvilande til om det er råd å byggja eit tillitsfullt samarbeid som kan resultera i nært parlaup allereie i neste valperiode. Partikulturane er ulike, og mange i båe parti har lagt mykje prestisje, for ikkje å seia delar av sin politiske identitet, i å streka under skilnadene.

Noko av det same har prega mi tilnærming til tilhøvet mellom Socialdemokraterne og Dansk Folkeparti. Noko av det er normativt – eg meiner DF er eit parti med massevis av standpunkt som står langt frå sosialdemokratiet. Men det handlar også om ein analyse av den politiske kulturen og historia til båe parti. Vi skal ikkje lenger tilbake enn til Poul Nyrup Rasmussens regjeringar (1993-2001, dagens DF vart skipa i 1995) før DF var totalt uakseptable for einkvar sosialdemokrat, ikkje minst av moralske grunnar («stuerene (…) bliver I aldrig«). Uansett om DF sa seg å høyra til i ein sosialdemokratisk tradisjon, så var det også eit parti som hundsa innvandrarar og flyktningar, ville isolera Danmark i Europa og svor til ein familie- og verdipolitikk som var alt anna enn progressiv (for å nemna noko). Under skiftande borgarlege regjeringar (Anders Fogh Rasmussen 2001-2009, Lars Løkke Rasmussen 2009-2011, båe frå Venstre i koalisjon med Det Konservative Folkeparti) fekk DF stor innverknad på innanrikspolitikken i stort, og ikkje minst innvandrings-, integrerings- og asylpolitikken. Etter nokre års identitetskrise, byrja så Socialdemokraterne å flytta sin politikk etter, samstundes som dei skjerpa kritikken av at DF var viljug til å akseptera høgreorientert økonomisk polikk, så lenge Venstre og Konservative let dei stramme inn asylreglane ein gong i mellom. I tillegg treivst DF fint med å setja eit meir nasjonalkonservativt stempel på mykje av kulturdebatten, frå innvandring og integrering til statskringkastingas rolle og kanonkåringar av viktige hendingar frå danmarkshistoria. (Klimaforskarar – som ikkje heitte Bjørn Lomborg – og menneskerettsforskarar hadde det heller ikkje lett.)

Analysen i Socialdemokraterne utover på 2000-talet dreidde seg i stendig større grad om at integreringspolitikken var eit slikt område som måtte nytenkjast frå botn. Utan ein truverdig integreringspolitikk ville tradisjonelle sosialdemokratiske veljarar som hadde strøymt til DF ganske enkelt ikkje gje dei øyrens lyd. Denne gradvise tilpassing til DFs asyl- og integreringsdagsorden skapte flengjer i samarbeidet med potensielle regjeringspartnarar, som dei tradisjonelt innvandringsliberale partia Radikale Venstre (R) og Socialistisk Folkeparti (SF), men ein vesentleg del av førebuinga av koalisjonen som gjorde sosialdemokraten Helle Thorning-Schmidt til statsminister (2011-2015) gjekk ut på at dei to juniorane anten tilpassa sin eigen politikk i mindre liberal retning (SF), eller dei beit tennene saman og kravde gjennomslag på andre område (R). Resultatet vart ei regjering som kunne konkurrere med DF i asylinnstrammingar. Til dømes vart landrapporten som opna for å returnera flyktninga til Eritrea utsett for knusande kritikk, men skiftande sosialdemokratiske statsrådar stod på sitt. Når attvalet nærma seg, smurte Socialdemokraterne opp valplakatar med slagordet: «Kommer du til Danmark, skal du arbejde», tilsynelatande vend til nydanskar, men i praksis plassert i augehøgda til Dansk Folkeparti sine kjerneveljarar. Statsministerduellane mellom Thorning-Schmidt og Løkke Rasmussen var langt på veg konkurransar om kven som hadde vore/kunne vera tøffast mot innvandrarar, og den einaste tydelege skiljelina gjekk på at Socialdemokraterne framleis nekta å gjeninnføra ein særskilt, låg integreringsstønad.

Det er den korte, lange historia om korleis Socialdemokraterne har nærma seg Dansk Folkeparti på saksfeltet som er aller viktigast for DF. Som eg skreiv om i førre veke, har utviklinga halde fram i raskt takt etter at Helle Thorning-Schmidt vart avløyst av Mette Frederiksen som sosialdemokratisk førstekvinne. Men sjølv om denne teksten kan skapa eit slikt inntrykk, er ikkje Frederiksens stutte leiarperiode ei eintydig historie om «høgredreiing». Noko av det som gjer at den vesle skepsisen som framleis finst internt i partiet mot den integreringspolitiske kursen er så liten, er at partiet samstundes har teke nokre steg til venstre i sine eigne hjartesaker. Det er lett å merka at sentrale tillitsfolk er takksame for å kunne markera avstand til arven frå Thorning-regjeringa, då Radikale, ofte sekundert av S-finansminister Bjarne Corydon, påla partiet å føra vidare Løkke-regjeringas økonomiske politikk «i bredeste forstand». Det tydde gjennomføring av ei dagpenge- og tidlegpensjonsreform ein var imot, og skatteletter til næringslivet vart finansiert med kutt i allereie knappe ytingar for dei minst ressurssterke. No har Socialdemokraterne lært, og i forhandlingane om hovudlinene i den økonomiske politikken fram mot 2025 nektar S plent å gå med på toppskattekutt. Både integreringspolitikken og velferdsfokusert er slikt som kan vinna attende «ufrivillig høgreorienterte arbeidarveljarar», meiner forfattaren bak debattboka Til Blå Bjarne – en debatbog om Socialdemokratiet, globaliseringen og fremtiden«, Rasmus Stokholm Holm-Nielsen.

Det høver tilfeldigvis heilt fint med krava Dansk Folkeparti stiller. DF-leiar Kristian Thulesen Dahl speler rolla som livbøyge for eit 2025-forlik internt i borgarleg blokk, men den tanken la han død meir eller mindre føre partnare kom fram til forhandlingsbordet. I staden vil han ha ein breitt forankra plan som samlar S, DF og V. Det er ikkje sannsynleg. Dessuten utelukker det kutt i toppskatten, noko som ville tvinga liberalistane i Liberal Alliance til å trekkja si støtte til Lars Løkke Rasmussen som statsminister. Slikt vert det fort folketingsval av.

Vel er DF vidt kjend som eit sentralstyrt parti, men det er knapt nokon høyrbar skepsis til Socialdemokraterne på partiets grasrotnivå. Mette Frederiksen har til og med sagt at ho meiner EU lyt ta ein tenkjepause når det gjeld tettare integrering, til glede frå sigerherrane etter førre års folkeavrøysting om overføring av makt over justispolitikken til EU.

Korkje Mette Frederiksen eller Kristian Thulesen Dahl ser føre seg eit regjeringssamarbeid mellom S og DF, men Frederiksen høgtrykksspyler Thulesen med kompliment i avisa Politiken. Samarbeidet mellom dei er «utrolig godt», og frå før har sjefsstrategen Henrik Sass Larsen skrive inn DF mellom Danmarks mest ansvarlege politiske parti. Då er det ikkje lenger moralsk vanskeleg å inngå kompromiss.

Framfor stortingsvalkampen i 2009 gjorde media mykje ut av kompisturane til Jens Stoltenberg og Lars Sponheim. Venskapen hindra ikkje Stoltenberg i å køyra knallhardt på at ei røyst på Venstre indirekte kunne vera ei røyst på Framstegspartiet i regjering. Kva munnhoggeri og jamne meiningsmålingar kan få Jonas Gahr Støre til å seia om Knut Arild Hareide (eller vice versa) det neste året, skal verta interessant å sjå. Tilhøvet dei imellom har iallefall det sams med tilhøvet mellom Mette Frederiksen og Kristian Thulesen Dahl at båe har våga å ta det lenger enn det tilsynelatande var grunnlag for i starten. Valordninga i Danmark gjer at dei to sistnemnde kan komma til å ha kortare tid til å verta ordentleg kjende med kvarandre enn Støre og Hareide har.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*