ABC til det danske folketingsvalget, del II: J-R

Av | 27. oktober 2022

Den 1. november skal Danmark velge nytt Folketing. I den anledning har Skrivekollektivet laget et hendig oppslagsverk som du kan bruke til å gjøre deg kjent med stort og smått fram mot valget. Dette er andre del. Les første del her!

Signaturen -jl er Jørgen Lien. -sol er Stein Ove Lien.

Vil du ha mer? Les Jørgens førvalgsanalyser her!

Enda mer, sier du? Les våre ABC-er om kommunevalget 2009folketingsåret 2009 eller folketingsvalget 2015!

J

Jobcenter. Kommunalt kontor for arbeidsformidling og oppfølging av arbeidsledige. Fordi det er brei semje om at dei ikkje fungerer tilfredsstillande, har både Socialdemokratiet og Venstre nytta innsparingar på dette feltet som ein måte å finansiere andre satsingar på. Venstre, Nye Borgerlige og Alternativet vil leggje ned ordninga, medan Enhedslisten vil diskutere endringar. -jl

Juridisk kjønnsskifte. Den sosialdemokratiske regjeringa har føreslått å fjerne den nedre grensa for når ein person kan endre juridisk kjønn i folkeregisteret. Det har utløyst ein todelt kritikk, ikkje minst frå borgarleg hald. Inger Støjberg (DD) hoppar over gjerdet det er lågast. Ho raljerer med at regjeringa vil opne for “juridisk kønsskifte til spedbørn” (frå 5:27), og meiner det er «mærkeligt» å bruke tid på slikt. Birgitte Bergmann frå Dei Konservative pakkar sin kritikk inn i den snusfornuftige vendinga “la[d] børn være børn”.

Framlegget har fått støtte på venstresida, mellom anna ivrig sekundert av Milo Kinnck og mor hans, tidlegare statsminister Helle Thorning-Schmidt. Milo og familien har sett andlet, kropp og røyst til noko som er levde kvardagsliv for høgst reelle menneske i Danmark, bortanfor teoretiske spedborn. Engasjementet syner at også dei små framstega betyr noko.

(sjå også Normstormerne) -jl

Jurist-kjendisar. Korona-relevante forskarar er ikkje den einaste akademiske faggruppa som har blitt gjengangarar i alle kanalar dei siste åra. Riksrettssaka mot Inger Støjberg og den grunnlovsstridige minksaka auka arbeidsbyrda for landets førande juss-autoritetar. Professorane Jørn Vestergaard (em., strafferett) og Jens Elo Rytter (forfatningsrett) blei viktige formidlarar til ålmenta og ditto premissleggjarar i båe sakene. I minksaka er dei del av det store fleirtalet som vurderer at Mette Frederiksen neppe vil bli dømd viss saka kjem til riksretten, men kollegaen deira ved Aarhus Universitet, Lasse Lund Madsen, er av ei anna oppfatning.

(Til slutt: Advokatane Offersen & Christoffersen er ikkje henta frå ei barneregle av Andre Bjerke, men frå forsvararteamet til Inger Støjberg.) -jl

Jyderi. Sjølvhevding på Jylland sine vegner. Uttrykk brukt av folketingsmedlem Bertel Haarder (V) særleg om Inger Støjbergs «flove» offermentalitet. Jyllands-Posten har elles teke på seg oppdraget med å syne at der det finst makt, finst det jydar. (sjå også københavneri) -jl

Jysk. Som i “for nu at sige det på jysk”. Talemåte for folk frå Jylland, som grovt sagt kan omsetjast til “underdriving”. -jl

K

Khader, Naser. Avtroppande, partilaus folketingspolitikar med ein lang, berg-og-dal-baneliknande karriere bak seg. Han fekk sitt nasjonale gjennombrot i Det Radikale Venstre, og som talsperson for nettverket Demokratiske muslimer i samband med karikatur-krisa i 2005-6. Khader kjende seg etter kvart framand i Radikales venstreliberalisme, og danna partiet Ny Alliance i 2007. Etter ein katastrofal valkamp, der både strategi og politikk fekk eit brutalt møte med først røynda, så veljarane, rygga NA inn i Folketinget med oppslutnad like over sperregrensa og ei gruppe som sprikte i alle retningar, men utan mandata til å isolere Dansk Folkeparti, slik målet var (sjå også Fremad i første del av ABC-en). Khader mista gradvis kontroll over partiet (som Anders Samuelsen støypte om til Liberal Alliance) og melde til slutt overgang til Dei Konservative. Her var han ei markert, men kontroversiell røyst, som liksom aldri heilt steig i gradene. I 2021 kan noko av grunnen ha komme for ein dag. Først blei det avslørt at Naser Khader ved fleire høve og over fleire år hadde truga kritikarar med å kontakte arbeidsgjevaren deira. Så blei det kjent at det fanst truverdige skuldingar om seksuell trakassering og trugande åtferd frå Khader mot fleire kvinner. Han blei ekskludert frå Dei Konservative i 2021, og stiller ikkje til val som såkalla «løsgænger». -jl

Kjøtfrie dagar. Det utløyste ei føreseieleg bølgje av kritikk då Alternativet først føreslo å innføre kjøtfrie dagar i offentlege institusjonar for å lette utsleppsbyrda, men etter valkampen å dømme kan vinden ha vendt. Ikkje berre er det tradisjonelle gardbrukarpartiet Venstre varsam tilhengjar av ei CO2-avgift i landbruksnæringa. No hevdar til og med Venstre-leiar Jakob Ellemann-Jensen – mannen som fekk sitt store gjennombrot som statsråd då han avvæpna ein dyrevelferdsaktivist med replikken “Jeg elsker bacon!” – at han et mindre kjøt enn før. (Partileiardebatt, 05.10.22, DR/TV2) -jl

Kongehuset. Margrethe rundet 50 år som dronning av Danmark i januar 2022, men på grunn av koronapandemien ble feiringen utsatt til september. Noen dager i forkant av den nye datoen døde den britiske kollegaen dronning Elisabeth II, etter 70 år på tronen. Den danske feiringen ble tonet ned. Noen måneder før bestemte kronprins Frederik og kronprinsesse Mary at sønnen prins Christian ikke lenger skulle gå på den private kostskolen Herlufsholm, som i mai ble gjenstand for en kritisk dokumentar på danske TV 2. Til familiens sjokk erklærte dronningen i september at prins Joachims barn fra nyttår mister sine rojale titler. Prinsen var ikke imponert. I et intervju med nettavisen B.T. kom han med kritikk av beslutningen, som han hevdet at han fikk vite om bare fem dager før den ble offentliggjort. -sol

Krænkelsesparat. [adj. Person eller organisasjon som, på eigne eller andres vegner og ofte på tynt grunnlag, erklærer seg krenkt, såra, uthengt, utsett for brun-/raudskvetting o.l., på ein måte som ikkje står i forhold til sjølve krenkinga og kan utløyse auka positiv merksemd eller understreke eit allereie kjend poeng.]

Etter at Karen Riis-Jørgensen, tidlegare sentralstyremedlem og EU-parlamentarikar (V), kalla det eit «svig mod Venstres vælgere» at Inger Støjbergs danna Danmarksdemokraterne, varsla Støjberg at det «gør det bestemt ikke nemmere (…) at finde fælles fodslag [bli samd, mi omsetjing]» med Venstre. // Det må kunne kallast ein kalkulert overreaksjon på kommentarar frå ein person utan framståande tillitsverv i partiet. -jl

Københavneri. (1) Sjølvhevding på hovudstaden sine vegner. (sjå også jyderi). (2) Det dei, ifølgje Inger Støjberg (DD), er opptekne av i «de finere saloner i København». Støjberg har villig fortalt om korleis lenkjelivet i Hadsund og den påfølgjande bortvisinga frå Christiansborg har gjeve ho eit nytt syn på samanhengskrafta i samfunnet. Danmarksdemokraterne skal representere «folk, som de er flest», fjernt frå storbyeliten i hovudstaden. «Salonerne» byrja som ein metafor, men har etter kvart blitt fylt opp mellom anna Socialdemokratiets klimapolitikar Ida Auken, den sosialliberale folketingskandidaten og sykkel-lobbyisten Klaus Bondam, og Georg Metz, journalist, forfattar og mångsysslande venstreorientert surgubbe.

(I parentes kan me merke oss at Støjbergs sirkulære salong-definisjon – «Hvis man ikke kan se salonerne, er det fordi, man selv sidder inde i dem» – minner mistenkjeleg om omgrepet «privilegieblind», eit perspektiv Støjberg normalt foraktfullt avfeier som identitspolitikk.)

(Her forklarer Rosa Lund frå Enhedslisten korleis positivt københavneri kan arte seg.) -jl

L

L-banden. Lite kreativt kallenavn på mellomledersjiktet i Venstre ca. 2020, som oppstod fordi Sophie Løde, Karsten Lauritzen og Troels Lund Poulsen alle hadde etternavn som startet med samme forbokstav. Ble tillagt stor makt av mediene, fordi Jakob Ellemann-Jensen sleit med å få dreis på ledergjerningen og kustus på folketingsgruppa (se også inger.dk og hjerneflukt i første del av ABC-en). Uoffisielt oppløst da Lauritzen forlot Folketinget for å bli samferdselslobbyist/da Inger Støjberg meldte seg ut/ da Ellemann kunne bruke debatten om forsvarsforbeholdet til å snakke om at han var soldat i yngre dager. -sol

Lex Paludan. Den rasismedømte provokatøren Rasmus Paludan fikk 1,8 prosent av stemmene ved valget i 2019 med partiet Stram Kurs, og var dermed tett på å komme inn i Folketinget. For å få lov til å komme på stemmeseddelen må partiene imidlertid oppfylle en rekke krav, og disse er nå innskjerpet. Stram Kurs har forsøkt seg på flere finter, blant annet å se stort på den syv dagers betenkningstiden som kreves for å få godkjent velgererklæringer. Deres innsendte lister hadde også et «overvældende højt antal dubletter i de mailadresser, som partiet har indsendt til vælgererklæringssystemet», som Altinget formulerte det.  Partiet ble pålagt forbud mot å samle inn velgererklæringer i to og et halvt år, frem til september i år. Også Paludans forsøk på å omgå forbudet ved endre partinavnet til Hard Line er nå forbudt, med støtte fra alle Folketingets partier. Stram Kurs kom aldri i nærheten av de 20.000 erklæringene som trengs før valget i år, men Paludan stiller som «løsgænger». Ingen har blitt valgt inn alene på personlige stemmer siden komikeren Jacob Haugaard ble valgt inn fra Aalborg i 1994. -sol

Liberal Alliance. Liberalistisk parti som har nytta inneverande valperiode til å byggje seg opp att etter nær-døden-opplevinga i regjering med Venstre og Konservative (2017-2019). Frå at LA på partistiftaren Anders Samuelsens tid reindyrka rolla som kompromisslaust skattereduksjonsparti, har etterfølgjaren, Alex Vanopslagh, gjeve partiet eit meir solid politisk og verdimessig fundament. I valkampen har han refsa partileiarkollegaene for å vere «uærlige», når dei ikkje vil fortelje kor dei skal kutte etter valet for å få inflasjonen under kontroll. Han har avvist å gje meir i næringsstøtte for å hjelpe med høge straumkostnader, og sosiale medier-kampanjen «Du kan godt» vender seg til borgarane med bodskapen om at alle kan gjere noko for å betre sin eigen situasjon. -jl

Lynetteholm. Ny halvøy i København, planlagt fullført i 2070. Daværende statsminister Lars Løkke Rasmussen (den gang for Venstre) og den nå forhenværende overborgmesteren i København, Frank Jensen, kunngjorde byggingen av den nye bydelen Lynetteholm i 2018. Det er et enormt prosjekt, som skal huse flere titalls tusen boliger og arbeidsplasser, og også bidra til sikre hovedstaden mot oversvømmelser. Et flertall i Folketinget har godkjent planene, men klimaaktivister, Enhedslisten og Sverige er skeptiske. DR har laget en pedagogisk explainer. -sol

M

Makrell. Feit fisk i tomatsaus, dandert på rugbrød, så fotografert og presentert på sosiale medium, og til slutt, får me tru, eten av Danmarks statsminister. Takksamt objekt for gastro-kremlologisk bilet- og motivanalyse frå politiske kommentatorar. Det er viktig og vektig journalistikk, fordi fisken på disken er at Mette Frederiksen har funne ut korleis ho kan vere folkeleg på avstand. Liknande hyperventilering blei det då ho song saman med det folkekjære bandet Kandis tidlegare i år. -jl

Mink. Dyret som via omvegar er grunnen til at det er valkamp. Regjeringa tok avgjerda om å avlive all mink i korona-førebyggingas namn, men utan å sikre seg at det fanst lovheimel først, noko som er i strid med grunnlova. Kompensasjonsordninga til minkavlarane kom opp i 19 milliardar kroner, og den såkalla Mink-kommisjonen dokumenterte ein «stærkt kritisabel» politisk prosess, som også impliserte Mette Frederiksen. Det Radikale Venstre har sagt at det var Socialdemokratiets lite audmjuke reaksjon på kritikken som fekk det til å krevje nyval. (Meir her.) -jl

Moderaterne. «Enten må jeg acceptere, at den politiske dør er lukket bag mig. Eller også må jeg snurre rundt på hælene og slå den ind igen.» Slik formulerte tidligere statsminister Lars Løkke Rasmussen sitt dilemma i en bok høsten 2020. På dette tidspunkt var han nokså nylig utmeldt av Venstre, og tok frilansoppdrag – en spalte i avisen B.T.; en realityserie over Atlanterhavet; en bok til – simpelthen det meste annet enn å skjøtte vervet som folketingsmedlem.

Det var ingen stor overraskelse at han valgte å danne et nytt parti, men prosessen tok sin tid. Lange, pandemipregede nettmøter, innsamling av velgererklæringer, til og med avsløringen av partiets navn lot vente på seg. Men i valgkampen i 2022 er Løkkes moderater akkurat der de ønsker å være: mellom høyre og venstre – ikke røde, ikke blå, men lilla – med stigende meningsmålinger og muligheter for å bli partiet som avgjør hvem som blir statsminister etter valget. Løkke er av politisk observans en borgerlig teknokrat (noen vil si at det kan skimtes her), så det mest naturlige ville vært å peke på en blå regjering, men hele prosjektet er bygget på ønsket om å holde «ytterfløyene» borte fra makten, helt i tråd med tankene i bokutgivelsen (ja, enda en) under valgkampen i 2019.

Hvor langt kan det gå? Flere kommentatorer mener at han nå i realiteten er statsministerkandidat i egen rett, selv om han nekter for det. Med seg på laget har han 40 kandidater, hvorav mange kan forvente en plass i parlamentet etter valget. Få av dem har noen selvstendig politisk profil, så den tidligere statsministeren bærer hele børa alene. Det ser ut til å gå bedre enn noen våget å tro. -sol

N

Nestorer. Mette Frederiksen kunne utskrevet valget under innlegget ved Folketingets åpning 4. oktober, men hun ventet med å gjøre det til dagen etterpå. På den måten fikk hun en ekstra mulighet til å målbære Socialdemokratiets nye strategi om samarbeid over blokkgrensene, og grepet hun valgte ble godt mottatt i alle leirer. I en personlig innledning snakket statsministeren direkte til tre av nasjonalforsamlingens superveteraner, istedenfor å rette talen til presidenten, slik man skal. En av disse nestorene var rett nok presidenten selv, Henrik Dam Kristensen (S), som forlater Christiansborg etter 32 år, kun avbrutt av fire år i Europaparlamentet. De to andre var De Radikales tidligere leder, Marianne Jelved, (valgt første gang i 1987) og Folketingets alderspresident, Venstres Bertel Haarder (første gang valgt i 1977 (!), også tidligere europaparlamentariker).

En annen superveteran manglet imidlertid i Frederiksens tale: Venstres tidligere finansminister, Claus Hjort Frederiksen. Det skyldtes neppe at han «bare» kom inn i Folketinget ved valget i 2005, etter mange år som partisekretær, men nok snarere at han et par måneder tidligere var siktet for å ha røpet sensitive (om enn ikke særlig skjulte) sikkerhetsopplysninger. Han ble reddet av at Det Konservative Folkeparti etter en tids vingling valgte å ikke oppheve immuniteten folketingsmedlemmer har mot rettsforfølgelse. Han fikk ingen hilsen fra statsministeren. Og nå er han snart ikke immun lenger, heller. -sol

Nordisk råd. Tverrnordisk parlamentarikarforsamling som vedtek fråsegner og deler ut samfunns- og kulturprisar. I 2019 skapte det et voldsomt postyr då Jonas Eika – vinnar av litteraturprisen for den tilrådingsverdige, særeigne novellesamlinga Efter solen (no: Etter sola, Gyldendal, 2020) – fyrte av ei real bannbulle frå podiet, mot Socialdemokratiet og Mette Frederiksens klasseblinde sosial- og bustadpolitikk, og særleg asylpolitikken. Konklusjonen var, meinte forfattaren vend til regjeringssjefen på første rad, at “I Danmark er racismen både kulturel og juridisk. I Danmark har vi statsracisme.” Talen, som Weekendavisens Klaus Rothstein kalla “en flabet fuckfinger i systemets fjæs”, sparka i gang veker med debatt, men det er ikkje fritt for at forma fekk like mykje merksemda som innhaldet. -jl

Normstormerne. På liknande vis som Foreningen FRI i Noreg, reiser denne ideelle organisasjonen rundt på skular og held undervisingsopplegg om tema som «[k]ønsidentitet, seksuel orientering, anti-mobning og anti-diskrimination». Det har vekt ein veldig vreide mellom borgarlege politikarar i København. Niels Peder Ravn frå Nye Borgerlige meiner det undergrev familiens oppsedaroppgåver («Mine børn skal ikke have deres normer stormet.»), medan Dansk Folkeparti meiner slikt kan dekkjast i vanleg seksualundervising. Bystyremedlem Laura Rosenvinge (S) har teke Normstormerne i forsvar. Ho meiner det må vere opp til den einskilde lærar. Men saka er vanskeleg for Socialdemokratiet. -jl

O

Olje. Danmark skal fase ut all oljeproduksjon innen 2050. Det vedtok et bredt flertall av Folketingets partier i desember 2020. To år tidligere hadde mange av dem vært med på å åpne for nye konsesjoner, men etter at velgerne gjorde klimaspørsmål til det viktigste i valgkampen i 2019 (og et stort fall i oljeprisen), ble det med tanken. Regjeringens støttepartier ser dette som en av de største seirene i denne folketingsperioden. Statsminister Mette Frederiksen har sågar snudd i sitt syn på klimapolitikken, trolig hjulpet av Socialdemokratiets elendige kommunevalg i de store byene i 2021. Der hun tidlige omtalte seg som som «rød, før jeg er grøn», heter det nå at «det grønne ikke længere er sekundært». På klimatoppmøtet i Glasgow i fjor ledet klimaminister Dan Jørgensen an blant en gruppe land som ønsket stans i tildeling av oljelisenser umiddelbart. -sol  

P

Podkast. Statsministeren spørger er navnet på en podkastserie Socialdemokratiet ga ut i vår, med Mette Frederiksen ved mikrofonen. Her intervjuet hun folk som har god plass i mediene fra før: forgjengeren Helle Thorning Schmidt (S), selvhjelpsmeningsmaskinen Svend Brinkmann, sogneprest Sørine Gotfredsen osv. Den første episoden ble gjestet av Informations sjefredaktør, Rune Lykkeberg, som visstnok delvis var inspirasjonen bak hele prosjektet. Lykkeberg ble advart av pressekolleger («en logrende cirkuspudel for statsministeren», skrev Politikens Magnus Barsøe). Statsministeren selv ble først og fremst filleristet for at hun prioriterte å intervjue andre heller enn å stille opp til intervjuer selv. Det ene utelukker ikke det andre, argumenterte Socialdemokratiets mediepolitiske talsperson, Rasmus Sand Kjær. -sol  

Prest. Forkynnar i den statlege, danske Folkekyrkja; stilling det framleis er lovleg å nekte kvinner. Kyrkja har unnatak frå jamstellingslova med tilvising til religionsfridommen, men det vil kultur- og kyrkjeminister Ane Halsboe-Jørgensen gjerne endre på. Hennar føresetnad er at biskopane ønskjer ei slik endring. Og kan hende er den på veg. Til DR seier iallfall eit klart fleirtal av biskopane at unnataket bør fjernast. -jl

Psykiatri. I takt med at befolkningas uhelse er blitt betre dokumentert, har kravet om ein langsiktig, fullfinansiert plan for psykiatrien vakse fram. Det har teke lang tid, ifølgje helseminister Magnus Heunicke (S) fordi pandemien kom i vegen, men nokre veker føre valet fekk han iallfall nesten heile Folketinget med på eit forlik. Misnøya er likevel stor, hjå både opposisjonen og pasientorganisasjonane, for at det førebels ligg lite pengar i planen. Dei borgarlege lovar å opne nye forhandlingar viss makta skifter hender. Ein analyse frå Altinget peikar ut opprettinga av eit såkalla Kontrolråd med fagfolk og representantar frå organisasjonslivet som det kanskje mest interessante med avtalen. Om ikkje anna kan Folketinget ha sikra seg eit organ som tvingar dei til å komme tilbake til saka. -jl

Prut. (no: promp) Kjelde til metangassutslepp i jordbruket. Ordet Peder Hvelplund (Enhedslisten) brukte for å karakterisere vårens tverrpolitiske helsepolitiske forlik (“en meget lille prut”). Og flatulensreferansane stoggar ikkje der: Avisa Ekstra Bladet har i ei rekkje artiklar avdekka at landbruksminister Rasmus Prehn nytta departementets kredittkort i strid med reglane. Ei av sakene galdt ein middag med ein journalist, men ministeren oppgav eit slags kjeldevern for ikkje å fortelje kven journalisten er. På kvitteringa hadde han skrive namnet på ein journalist som beviseleg ikkje var til stades. Prehn kalla det heile ein “hjerneprut”. -jl

Q

Qatar. Vertsnasjon for fotball-VM for herrer i november og desember. Danmark er kvalifisert, og dermed er det forventet at en representant for regjeringen reiser til mesterskapet. Det er typisk kulturministeren, men Ane Halsboe-Jørgensen har foreløpig ikke bestemt seg. Mesterskapet er kontroversielt, både på grunn av måten Qatar fikk tildelt turneringen på, de mange dødsfallene blant gjestearbeiderne som har bygget arenaene og vertsnasjonens forbud mot homofili. En av dem som har trådt feil i denne saken er fotball-legenden Brian Laudrup (bror av Cepos-grunnlegger Michael, se Cepos), som mistet oppdrag for avisen Politiken og TV 2 etter at han medvirket i en reklamekampanje for Qatar. -sol

Qvortrup, Henrik. Skandalisert eks-redaktør. Henrik Qvortrup er anerkjent som en av Danmarks dyktigste politiske journalister, men er også den mest kontroversielle. I 2016 ble han idømt fengselsstraff i kjølvannet av den såkalte Se & Hør-saken, hvor bladet ble dømt for å betalt for tilgang til lekkede kredittkortopplysninger fra kjendiser og kongehuset. Etter dommen startet han podkasten Borgen Unplugged sammen med broren Thomas. Rehabiliteringen fortsatte hos radiokanalen radio24syv (som mediekritiker!), og deretter hos tabloidavisen Ekstra Bladet. Etter et kort gjestespill som politisk redaktør i konkurrenten B.T. vendte Qvortrup tilbake til EB i 2021, nå atter som sjefredaktør. Et oppsiktsvekkende fullbyrdet comeback, som ble møtt med skepsis blant mange politikere og mediefolk. De skulle få rett.

I et strategidokument la den nye redaktøren ut sitt mission statement. EB skulle være en avis for «den ukreative klasse, for hvem LGBTQ blot er tilfældige bogstaver fra alfabetet. Hvor spin hedder løgn, hvor man ikke er proud, men stolt, og hvor en regnbue er et naturfenomæn, ikke et flag». Suksessen uteble, mange ansatte sa opp, og medieleder Jan Birkemose anklaget avisen for å «grave grøfter, med det her verdensbillede.» Qvortrup fikk sparken som redaktør denne våren. Han er nå politisk kommentator samme sted. -sol

R

Radikale Venstre, Det. Sosialliberalt parti martra av paradoks:

  1. Sofie Carsten Nielsen innleidde sin leiarperiode med å varsle slutten på ultimative krav, men no seier R at det motset seg ei kvar regjering som går einegang frå dansk side for å opprette asylmottak i Rwanda (se også Rwanda).
  2. Partiet tvang fram eit folketingsval grunna mistillit til Mette Frederiksen, men melde på åpningsdagen at ho framleis er å føretrekkje som statsminister.
  3. Når draumen om ei brei(-are) regjering endeleg ser ut til å vere innanfor rekkjevidd, tyder ikkje det at Radikale har regjeringsmakta ved fingertuppane. Tvert om har partiet færre erklærte vener enn på lenge. Mette Frederiksen har utelukka ei regjering berre med R, Lars Løkke Rasmussen nemner Socialdemokratiet, Venstre og Moderaterne som naturlege regjeringsparti, eventuelt Dei Konservative. Radikale kjem i tredje rekkje.
  4. Det er fire år sidan Radikales Martin Lidegaards programerklæring «Lad os mødes på midten». Likevel er det nykomlingen Moderaterne veljarane flokkar seg kring. Også Socialdemokratiet har, i motsetnad til Radikale, faktisk vakse etter invitasjonen til borgarleg sentrumssamarbeid.
  5. Partiets sjølvforteljing handlar ikkje minst om økonomisk disiplin i tronge tider. No er det Liberal Alliance som dominerer i rolla som inflasjonshauk. -jl

Rossen og Bertelsen. Kontroversielle rådgivere for Mette Frederiksen. Martin Rossen og Mette Frederiksen har kjent hverandre siden tiden i Danmarks Socialdemokratiske Ungdom på 1990-tallet. Det var derfor ingen overraskelse at Rossen ble såkalt «særlig rådgiver» for den nye statsministeren etter regjeringsdannelsen i 2019. Langt mer kontroversielt var det derimot at han som ikke-valgt politiker også fikk plass i regjeringens mektige underutvalg. Lars Løkke Rasmussen, som den gang fortsatt var leder i Venstre, kalte det et «frontalangreb på den danske forvaltningstradition» og et eksempel på Frederiksens «magtfuldkommenhed», som snart skulle komme flittig i bruk om hennes lederstil. Rossen ble så omsnakket at journalistene Henrik Qvortrup (se også Qvortrup) og Mads Brügger hadde planer om en bok om spinndoktoren. Rossen sa opp jobben omtrent samtidig, så hva som skjer med boka er uklart. Hans erstatter Martin Justesen fikk ikke plass i underutvalgene.

Frederiksen la mye prestisje i å forsvare Rossen, men det blekner sammenlignet med hvor mye plass Barbara Bertelsen senere skulle få i offentligheten. De to ble kjent da Frederiksen var justisminister i Helle Thorning-Schmidts regjering, med Bertelsen som departementssjef. Det er en upolitisk rolle, som skal arbeide for den til enhver tid sittende minister, uansett partifarge.

Barbara Bertelsen ble departementssjef på Statsministerens kontor, og har blitt beryktet særlig for to ting: sin rolle under coronapandemien, hvor hun var en av arkitektene bak Danmarks nedstengning, og ikke minst i minksaken (se også mink), hvor hun blant annet slettet sms-meldinger om saken mellom relevante parter. Hun har fått en såkalt «advarsel», en tydelig, men relativt mild, offisiell kritikk. Hun er fortsatt i samme jobb. -sol

Rwanda. Land med autoritært styresett der Socialdemokratiet vil etablere asylmottak. Søkjarar som kjem til Danmark skal flygast til Rwanda og få saka si handsama der. S omtalar dette som ein solidarisk måte å stengje den livsfarlege sjøvegen til Europa på, medan mellom anna Enhedslisten og Radikale Venstre har stilt som ufråvikeleg krav at arbeidet med ein avtale stoppar. Forhandlingane med Rwanda er førebels på intensjonsstadiet, og dei blir ytterlegare komplisert av at ei liknande britisk avtale braut saman nyleg.

Det som etter kvart blei til «Rwanda-planen» er noko S gjekk til val på også i 2019. Den blir difor rekna som noko nær umogleg å forkaste for S, nærast uavhengig av om den let seg realisere eller ikkje. Ein kattelem kan finnast i og med at Radikale Venstre har sagt at ein kan diskutere bortsetting av asylhandsaminga – viss det skjer i EU-regi. På borgarleg side er Rwanda-planen breitt forankra. -jl