Den 1. november skal Danmark velge nytt Folketing. I den anledning har Skrivekollektivet laget et hendig oppslagsverk som du kan bruke til å gjøre deg kjent med stort og smått fram mot valget. Dette er tredje del. Les første del her! Les andre del her!
Signaturen –jl er Jørgen Lien. –sol er Stein Ove Lien.
Vil du ha mer? Les Jørgens førvalgsanalyser her!
Enda mer, sier du? Les våre ABC-er om kommunevalget 2009, folketingsåret 2009 eller folketingsvalget 2015!
S
Sang. Under pandemien ble Philip Faber plutselig en slags superkjendis. Dirigenten fikk nemlig ansvaret for å lede nasjonen i tv-sendte allsangprogrammer på Danmarks Radio, som ble en seervinner når alle likevel bare skulle være innendørs. Selv Højskolesangboken ble en bestselger. Men i november 2020 kom en ny utgave av boken, og da var befolkningen vant med korona, og igjen klare til å krangle om innholdet. Året før ble det kjent at Isam Bs nyskrevne ballade Ramadan i København var en av sangene som ble vurdert til den første revisjonen av utvalget. Dansk Folkeparti og Liberal Alliances Henrik Dahl var ute med kritikk allerede da, og debatten ble gjentatt da den var ett av de 151 nye valgene i sangboken. «Helt skørt», uttalte Dahl denne gangen. DFs Morten Messerschmidt mente teksten ikke holdt mål.
Ramadan i København deler for øvrig nå plass mellom stive permer med Den danske sang er en ung blond pige, som for noen år siden ble gjenstand for en av tidens trøttende kanselleringsdebatter etter at en lærer ved Copenhagen Business School fant allsangvalget ekskluderende. (se også krænkelsesparat). -sol
Svingdør. I Danmark er det, i motsetnad til i Noreg, enkelt å seie frå seg plassen i nasjonalforsamlinga viss ein politikar skulle finne meir interessante oppgåver andre stader. Dette, kombinert med nokre av verdas mest lempelege karantenereglar for overgangen mellom politikk og private verksemder og/eller påverknadsindustrien, gjer at det ikkje er uvanleg at eks-politikarar meir eller mindre omgåande byter beite til å søkje gjennomslag hjå tidlegare kollegaer. I den leia finn me til dømes eks-justisminister Nick Hækkerups direktørjobb i Bryggeriforeningen (sjå også øl), sosialdemokraten Henrik Sass Larsens stilling som sjef for interesseorganisasjonen for danske venturekapitalfond, Karsten Lauritzens (V) sporskifte til Dansk Industri, eller for den sakas skuld, Mette Frederiksens tidlegare politiske rådgjevar, Martin Rossen, som i dag jobbar i selskapet Danfoss. No freistar SF igjen å få i gang debatten om karantenetid. -jl
T
Tommel. Her: Digitalt ikon nytta til å uttrykkje støtte til, semje med, sympati/åtgaum for, glede over (osb.) innlegg og ytringar i sosiale medium.
I midten av november, berre to veker etter folketingsvalet, sit Dansk Folkepartis leiar, Morten Messerschmidt, igjen på tiltalebenken i byretten i Lyngby. Det skjer fordi dommaren som opphavleg dømde Messerschmidt til seks månaders fengsel for dokumentforfalsking og svindel med EU-midlar, seinare blei avslørt som overdrive aktiv med tommel-ikonet på DF-kritiske Facebook-innlegg, og kjend ugild. Formelt sett er det ein upletta partileiar som i første omgang kjempar for sitt politiske liv 1. november.
Rettsskandalen til sides, så gjev saka om EU-midlane ei episk og tragisk påminning om kor høgt fallet er for Messerschmidt og partiet. Den Messerschmidt som skal ha fingert eit EU-seminar for DFs folketingsgruppe for å trekkje pengar ut av EU-systemet, hadde 465.000 personrøyster i ryggen frå EU-parlamentsvalet i 2014, der DF blei største parti.
Dersom Messerschmidt til slutt blir dømd, er det venta at avløysaren hans i EU-parlamentet, Peter Kofod-Larsen, tek over leiarvervet. Dit er det framleis langt fram, i ei sak som har teke ekstremt lang tid også frå EU-systemets og dansk Økokrims side. -jl
Trepartssamarbeid. Framforhandla, langsiktig løysing på komplekse samfunnsproblem, med deltaking frå arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane, samt frå statleg hald. Avgjerande komponent i Socialdemokratiets plan for å løyse bemannings- og rekrutteringskrisa i fleire sektorar av velferdssamfunnet. Symbolsk og handverksmessig minner det mykje om lanseringa av Arne-pensjonen (sjå Arne). No som då avstår S frå å definere nærmare kva grupper som (kanskje) kan vente seg (opptil) 2500 kroner meir i månaden, når reforma er fullt gjennomført, i 2030. Den konkrete fordelinga mellom faggruppene harm ein nemleg trepartssamarbeidet til å greie ut.
Socialdemokratiet satsar openbert på at minnene om at Arne-pensjonen faktisk blei gjennomført skal tvinge dei mange uavklarte sidene ved dette utspelet i bakgrunn, slik at det som står att er at S har den mest konkrete planen for å trygge framtidas velferd. Men framlegget har møtt kritikk frå mange hald. Etter at regjeringa (indirekte) avblåste ein langvarig sjukepleiarstreik for høgare løn, er det djup skepsis på den kanten, og borgarlege kommentatorar kallar det eit forsøk på å kjøpe seg oppslutnad.
Det mest omtalte motbodet har komme frå Moderaterne. Spesifikt for helsesektoren vil partileiar Lars Løkke Rasmussen, sjølv tidlegare helseminister, innføre eit mellombels lønnstillegg på 2500 kroner for tilsette som blir ståande i full stilling eller går frå deltid til heiltid. -jl
Tvekamp. Folketingsvalet handlar sjølvsagt om oppslutnaden til blokkene og dei einskilde partia, men ikkje berre det. Personrøyster har mykje meir å seie for kven som blir vald inn enn i eit stortingsval her heime, og særleg i parti som mister mandat kan det bli trongt om dei attverande plassane sjølv for store partiprofilar. Venstre ligg til dømes an til kraftig nedgang. Målingar indikerer at partistrategen Troels Lund Poulsen går ei nerveslitande valnatt i møte. I ein kommentar hjå nettavisa Altinget skriv Konservatives tidlegare spinndoktor, Benny Damsgaard, at to tilflyttarar i dagens folketingsgruppe, Britt Bager og Markus Knuth (båe kom frå V), kan bli dei første som fell ut viss målingane held fram ferda nedover. Til slutt er det ein interessant duell i Dansk Folkeparti: Meiningsmålingane tilseier at partiet klarer sperregrensa, men kven av partistiftaren Pia Kjærsgaard og den hardtarbeidande, men meir lågmælte finanspolikaren Renë Christensen som vinn det einaste sannsynlege DF-mandatet i Sjællands Storkreds, kan få sitt å seie for kva retning eit desimert parti tek. -jl
U
Unnskyldning. Siden 2005 har noen av de gjenlevende Godhavnsdrengene ønsket en unnskyldning fra den danske staten. Det statlige barnehjemmet Godhavn i Tisvildeleje var i drift mellom 1947 og 1976, og huset barn uten foreldre eller fra vanskelige kår. Flere av datidens beboere har fortalt om psykisk og fysisk vold og seksuelle overgrep far sin tid der, men uten en statlig unnskyldning har rettsvesenet gjentatte ganger avvist erstatningssøksmål under henvisning til foreldelsesfrister (den ble opphevet av Folketinget i 2018).
Tidligere forsøk på å fremtvinge stillingtagen fra skiftende regjeringer strandet, men kort tid etter at hun overtok som leder i Socialdemokratiet, erklærte Mette Frederiksen at hun angret på at partiet ikke forsøkte å rette opp feilen sist de var i regjering. Mens hun selv forhandlet om regjeringsmakten i juni 2019 varslet Frederiksen at hun aktet å gi en offisiell unnskyldning. Godhavnsdrengenes advokat, det tidligere folketingsmedlemmet Bjørn Elmquist, var forsiktig optimist, men turte ikke helt å tro på det. To måneder senere kom den: «På vegne af vores fortid, på vegne af vores nutid og på vegne af vores fælles fremtid vil jeg gerne se hver eneste af jer i øjnene og sige det eneste rigtige. Undskyld.», sa Frederiksen på Marienborg, med flere godhavsdrenge blant tilhørerne.
I 2021 ble 46 ofre tilkjent erstatning. Hva som skjer med de mange som vokste opp på andre statlige barnehjem i perioden, er mer usikkert. De er også gitt en offisiell beklagelse, men sakene deres er dårligere belyst enn ved Godhavn. Det gir en fare for forskjellsbehandling, skrev Rasmus Grønved Nielsen, adjunkt i forvaltningsrett ved Københavns Universitet, i avisa Information i fjor. -sol
Utslitingstaktikk. Mette Frederiksen har takka nei til nittifem prosent av alle intervjuførespurnader sidan ho blei statsminister. Dei få ho har gjort, har gjerne vore i prateprogram eller mjuke fjernsynsformat, som DRs Aftenshowet eller Go’ aften, Danmark på TV2. Etter å ha høyrt statsministerens seanse med nettavisa BTs podkastvert og politiske kommentar, Joachim B. Olesen (elles tidlegare folketingsmedlem for Liberal Alliance), er det freistande å tenkje på det som ein utslitingstaktikk. Viss eg seier nei mange nok gonger, slutter dei til sist å spørje. I høve BT-intervjuet skal det takast bokstavleg: Socialdemokratiets presseteneste tilbaud Olesen eit halvtimes intervju, viss det kunne kombinerast med ein spinningtime. Difor kan podkasten lære deg at Mette Frederiksen no til dags kan halde følgje den tidlegare kulestøytande, Skal vi danse?-vinnande kommentatoren; at ho kan halde tonen til Absolute Music-gjengangarar som Haddaway og 2Unlimited; og at stort sett ikkje vil svare på spørsmål. Litt hjelp får ho dessutan av ein instruktør som vil auke intensiteten i intervalltreninga nett i det Frederiksen skal kommentere saka mot tidlegare etteretningssjef Lars Findsen. (sjå også podkast, Absolute Music, Findsen, Lars) -jl
V
Vanopslagh, Alex. Du finn ikkje noko betre døme på at møkkasaker er lettare å handtere i medgang enn bustadsaka til leiaren i Liberal Alliance. I opptakta til valkampen avslørte avisa Information at Vanopslagh, som har slege seg opp på å kritisere at politikarar strør om seg med andre folks pengar, har disponert – og fått økonomisk kompensasjon for – ein eigen folketingsbustad i København utan å oppfylle krava. Etter å ha beklaga måtte Vanopslagh litt seinare erkjenne at han også snakka med rådgjevaren sin om at dette kanskje var på kanten av reglane.
Det er slikt som kan få ein valkamp til å gå av skjenene. Kan nokon førestille seg at til dømes Søren Pape Poulsen (K) kunne kome styrkt ut av ei slik sak? Ikkje di mindre er det det som ser ut til å vere tilfellet med Alex Vanopslagh. Bustadsaka har sklidd i bakgrunnen. I staden kan me alle vegner lese om LAs vellukka sosiale medier-strategi og oppdrift på meiningsmålingane. Her er fem bod på kvifor.
- Han erkjente feil(a) raskt, og bad om orsaking.
- Saka oppsto i den relativt vesle avisa Information. Den blei ikkje følgd opp med særskilt intensitet i større media.
- Sjølv om han kan skuldast for hykleri, mister historia litt av tyngda fordi Liberal Alliance er eit lite parti utan regjeringsambisjonar.
- Valkampen har vore omflakkande og fragmentert. Også viktige og alvorlege saker har blitt utkonkurrert frå nyheitsbiletet etter kort tid.
- Han har gjeve media noko anna å skriv om, anten det er artige videoar i sosiale media eller ein oppsedarmelding til borgarane. -jl
Varmecheck. 6000 skattefrie kroner til danske hushald med gass eller fjernvarme som oppvarmingskjelde. Breitt forankra tiltak vedteke i april 2022 for å hjelpe med galopperande energiprisar. Utrullinga viste seg likevel å bli meir komplisert enn ein hadde rekna med. Då folk fekk pengane på konto – i august – slo det stadvis skeivt ut. Det var dei som oppfylte kriteria, men ikkje fekk. Og dei som fekk sjølv om dei korkje trong eller skulle fått. Til slutt måtte klima- og energiminister Dan Jørgensen krype til krossen og godta eit «eftersyn» av ordninga, som allereie er vidareført til 2023. Det som burde vore ei klar vinnarsak for regjeringa – å gje borgarane pengar – understreka for somme på eit vis igjen kor mykje som ikkje fungerer.
(På den andre sida: Skugge-statsministerkandidat «Gucci-Lars» Løkke Rasmussen (Moderaterne) kunne sikkert fått tre par sko for pengane.) -jl
W
What? Engelsk spørreord. SFs forsvarspolitiker Anne Valentina Berthelsen ville vite om Enhedslisten mente at Russland var en trussel mot Europa «lige nu». «Lige nu» var april 2022, halvannen måned etter at krigen mot Ukraina var i gang. «Generelt er svaret nej», svarte Søren Søndergaard. I videoer fra denne folketingsdebatten kan man deretter se Mette Frederiksen, som sitter like nedenfor talerstolen, slå lesebrillene i bordet og bokstavelig talt hoppe i stolen. «WHAT?!» roper statministeren ut i salen. Det er ikke god parlamentarisk skikk å ikke tale fra dertil anvist sted i salen, og det kan se ut som om reaksjonen bare glapp ut av henne.
I etterkant mente Søndergaard at han ikke svarte «klart nok». «Rusland udgør ikke en militær trussel mod alle europæiske lande. Det skulle jeg have sagt», presiserte han til Berlingske.
Enhedslisten sleit i krigens første uker tungt med å finne ut hvordan partiet skulle gripe saken an. Backbencheren Christian Juhl ble offentlig irettesatt av partileder Mai Villadsen og hennes forgjenger, Pernille Skipper, da han i mars påstod at Ukraina hadde delansvar for krigsutbruddet. Søndergaard og Juhl har begge lang fartstid i partiet, og særlig Juhl har stilt seg på tvers av partiets yngre, mer pragmatiske ledelse flere ganger. Enhedslisten er i rivende utvikling i utenrikspolitikken, og sa på sitt seneste landsmøte for første gang nei til å melde Danmark ut av NATO på kort sikt.
Til gjengjeld var partiet motstandere av å oppheve EU-forbeholdet om forsvarspolitikk (se også forbehold i den første delen av ABC-en), som var bakgrunnen for SFs spørsmål til Søren Søndergaard. -sol
X
X. Lite brukt bokstav i valgkampen. Kan også, semiotisk, må vite, bety kryss, som er det tegnet velgeren benytter for å markere hvilken kandidat hen vil gi sin personstemme til på dennes foretrukne valgliste. Noen andre småting om valghandlingen vi ikke har plass til andre steder:
1. Valgdeltakelsen i Danmark er svært høy, men synkende. I 2011 stemte 87, prosent av de stemmeberettigede. I 2015 sank stemmeprosenten til 85,9, og ved forrige valg i 2019 var den på 84,6 prosent (alle tall hentet fra Dansk Statistik). I Norge var stemmeprosenten ved forrige stortingsvalg 77,5 prosent.
2. Hver tiende voksen bosatt i Danmark har ikke stemmerett ved dette valget, fordi de har dansk statsborgerskap. I hovedstadsområdet er tallet hele 14 prosent, og i kommunen Ishøj i København er hver fjerde voksne innbygger avskåret fra å stemme. Det innebærer en risiko for «demokratisk marginalisering», har valgforsker Roger Buch uttalt til Information.
3. Dansker som bor i utlandet mister stemmeretten til folketingsvalg etter bare to år. Selv folk som jobber utenlands i Danmarks tjeneste, mister stemmeretten etter åtte år. Det gjelder typisk ambassadører – og EU-kommissær Margrethe Vestager, som har uttrykt sin frustrasjon over reglene til Politiken. Kun Irland har strengere regler enn Danmark på dette feltet i Europa. Frem til 2004 var tidsperioden 12 år for alle utenlandsboende dansker.
4. Når denne artikkelen publiseres, vil valghandlingen på Færøyene allerede være overstått. Færøyene og Grønland stemmer inn to folketingsrepresentanter hver, men Færøyene har fått dispensasjon fra Folketinget til å avholde valget en dag tidligere, 31. oktober, fordi 1. november er minnedag for dem som har mistet liv til havs. -sol
Y
Yahya Hassan. Diktersensasjonen Yahya Hassan døde i 2020, bare 24 år gammel. Særlig debuten som bar hans navn fikk oppmerksomhet diktbøker knapt har fått verken før eller etterpå. Den solgte i bøtter og spann, og gjorde tenåringen til en av Danmarks viktigste litterære stemmer og debattører. Den siste rollen hadde han det ikke alltid lett med, men i 2015 hadde han en kort periode politiske ambisjoner (vi skrev om det i en ABC i 2015). Nationalpartiet er et av mange partier som opp gjennom årene har blitt dannet i protest mot Dansk Folkepartis innflytelse på dansk politikk generelt, og innvandringspolitikken i særdeleshet, med Ny Alliance som det mest kjente eksempelet. Yahya Hassan var det soleklart største navnet på partiets kandidatliste, men det fikk ikke godkjent nok underskrifter til å stille opp i folketingsvalget. Hassan prøvde seg som løsgænger (no: partiløs) i København, uten å bli valgt. Året etter ble han ekskludert. Lederen, Kashif Ahmad, forlot selv Nationalpartiet i 2019 og meldte seg inn i Alternativet. I dag er han kommunepolitiker for Radikale Venstre i København og folketingskandidat.
Selv om Nationalpartiet aldri helt kom opp å stå, kan Yahya Hassans timelange monolog fra pressekonferansen der han kunngjorde kandidaturet sitt trygt leses på nytt. -sol
Z
Zenia. Zenia Stampe (R) kan allereie sjå attende på ein nesten tjue år lang karriere, og trass i at ho aldri har vore heilt inne i maktas sentrum, så er ho ein politikar som påverkar med uredde og ofte overraskande standpunkt. Etter å ha gått gradene som leiar i Radikal Ungdom, vekte ho nasjonal oppsikt då ho, som republikanar og nestleiar i moderpartiet, oppmoda folk til å røyste blankt i folkerøystinga om å gjere tronfølgjelova kjønnsnøytral i 2009. Sidan den gongen har ho mellom anna vore «verdiordfører» i Dei Radikales folketingsgruppe. Kan hende var det denne røynsla som gjorde at ho batt partiet til eit uforsonleg ultimatum mot å stø ei regjering som ikkje vekk den såkalla Rwanda? Utspelet møtte iallfall motbør nedetter i dei radikale ledda. No er ho likevel såpass mektig internt at også det ho tvitrar, blir lov. -jl
Æ
Æsop. Fabla om dyr med menneskelege trekk. Motsett er det i dansk politikk, der likningane mellom menneske og dyr sit laust. Jakob Ellemann–Jensen talar tidt om Venstre som «det store dyr på savannen», medan overlevingsevna til Lars Løkke Rasmussen (M) jamleg lokkar fram samanlikningar med ein katt (også på herverande paviljong). For Dansk Folkeparti er det neppe for strengt å kalle Det Radikale Venstre for Dyret i Openberringa.
Ø
Øl. Nick Hækkerup kommer fra en sosialdemokratisk adelsfamilie, og var en av regjeringspartiets mest betrodde ministre. Derfor var det overraskende at han trakk seg som justisminister tidligere i år – sågar på 1. mai, av alle dager. Var det fordi han fryktet å bli trukket dypere inn i minksaken, hvis rapport var ventet før sommerferien, spekulerte kommentatorer. Hvorom allting var gikk han rett over i sin nye jobb som direktør i Bryggeriforeningen (se også svingdør).
Her ble en av hans første arbeidsoppgaver å motarbeide politikk han hadde støttet som minister få uker før. I midten av mars la helseminister Magnus Heunicke frem regjeringens forslag til sundhedsreform, og et av de omsnakkede forslagene var å heve aldersgrensen for å kjøpe alkohol i butikk fra 16 til 18 år. Jyllands-Posten har siden avslørt lobbyarbeidet Bryggeriforeningen før og siden har kastet seg ut i for å motarbeide forslaget. Foreningen betalte blant annet for opprettelsen av organisasjonen Ansvarlig Ungdom, som bestod av alle de politiske ungdomspartiene, og finansierte også en «befolkningsundersøkelse» ungdomspartiene brukte i sine innlegg mot endringer.
Mye av det samme skjedde med et ytterliggående forslag fra samme reformutspill, der regjeringen varslet en aldersgrense på 25 år for å kjøpe tobakksprodukter for alle født etter 2010. Også her ble ungdomspartiene kurtisert, og flere av dem fikk betalte studieopphold i Sveits betalt av tobakksindustrien. Tobakkslobbyister forfattet også leserbrev som fikk ungdomspolitikeres underskrifter
Regjeringen inngikk en avtale om deler av sundhedsreformen før sommeren, men forebyggelsesdelen, som inkluderer både tobakks- og alkohollovgivningen, ble skilt ut i egne forhandlinger. Disse ble, så langt det er mulig å forstå, ikke fullført før valget ble utskrevet i oktober.
Det betyr at det blir opp til det neste Folketinget å avgjøre saken. En av dem som må forventes å støtte Socialdemokratiets linje dersom hun blir valgt inn, er Fie Hækkerup. Hun er datter av Nick Hækkerup, og har overtatt hans valgkrets. Hun var, ifølge Jyllands-Posten, den i pr-byrået som jobbet med opprettelsen av Ansvarlig Ungdom. -sol
Øresundsbrua. Brusamband mellom København og Malmö som i gode tider utgjer ein felles arbeidsmarknad. Samarbeidet og samkjensla fekk seg ein kraftig knekk i korona-perioden, men “Danmark” er iallfall ikkje meir potent som svensk skjellsord enn at dåveramde opposisjonsleiar Ulf Kristersson (Moderaterna), lova danske tilstandar i justis-, bustad- og asyl/integreringspolitikken viss den nasjonal-konservative blokka fekk fleirtal etter riksdagsvalet. I den ferdige regjeringsfråsegna finn me att “danske” tiltak mot bandekriminalitet, moglegheit til å forby personar å opphalde seg på bestemte stader, og strengare reglar for opphaldsløyve. -jl
Å
Aalborg Portland. Sementfabrikk i Aalborg. 23. juni i år inngikk regjeringen en såkalt grønn skattereform med støtte fra SF, Radikale, Konservative og Venstre. «Det er en rigtig stor dag», sa Sofie Carsten Nielsen (R). «Historisk», mente klimaminister Dan Jørgensen. Den innebærer en CO2-avgift som skal økes til 750 kroner per tonn utslipp i 2030. Men noen av Danmarks mest forurensende industrikjemper slipper billigere unna. En av dem er sementfabrikken Portland i Aalborg, som alene står for fire prosent av landets CO2-utslipp.
Statsminister Mette Frederiksen er født i byen, og kommer ekstra mye fra Aalborg etter at hun byttet valgkrets dit etter nesten to tiår som københavnsrepresentant i Folketinget før valget i 2019. På Dansk Industris årsmøte i 2018 varslet hun at «jeg kommer til at hægte mig fast på Portland, før nogen får lov til at lukke det.»
I stedet vil regjeringen, med toner som bør være velkjente også i Norge, «udvikle, ikke afvikle» industrien. -sol
Å. Listebokstav for Alternativet. Før forrige folketingsvalg stilte Alternativets leder Uffe Elbæk like godt opp som statsministerkandidat. En frisk satsning for et parti med ni mandater i nasjonalforsamlingen, og med fallende meningsmålinger. På valgdagen endte Alternativet på tre prosent, og ble Folketingets tredje minste parti, etter nykommeren Nye Borgerlige og Liberal Alliance.
Alternativet imploderte fullstendig etter at Elbæk trakk seg som leder i desember 2019, som Jørgen skrev om i en førvalganalyse for noen uker siden. Men valgkampen denne høsten har gitt Alternativet grunn til en optimisme som villet virket malplassert for kort tid siden. På Jyllands-Postens vektede gjennomsnitt av målingene står Alternativet nå på 2,2 prosent, så vidt over det som skal til for å komme over sperregrensa. Elbæks retur og sammenslåingen med Veganerpartiet har hjulpet på humøret, og partileder Franciska Rosenkilde har vært disiplinert og tydelig i partilederdebattene.
I tolvte time har også Socialdemokratiet gitt en hjelpende hånd til de små grønne. Ministre har twitret oppmuntringer i øst og vest, og i oppslag i den lille, men viktige venstresideavisen Information har S-koryfeet Mogens Lykketoft oppfordret unge velgere til å stemme taktisk på Liste Å. Selv om Socialdemokratiet offisielt går til valg på en regjering «over midten», vet man også at sjansene for at Mette Frederiksen forblir statsminister er små mindre hun også presse de borgerlige ved å vise til at hun også kan finne flertall til venstre for seg. Skal det lykkes, må Alternativet sikres fire nye år på Christiansborg. -sol
Ålen. Det skapte ikkje dei høgste bølgjene då Lars Løkke Rasmussen lanserte namnet på, og nettsida til, sitt nye parti i januar. Både politikken og kandidatane mangla. Men ein ting stakk ut: Peter Aalbæk Jensen, filmprodusent, grunnleggjar av produksjonsselskapet Zentropa og allround enfant terrible i dansk politkk, gav til kjenne at han stilte seg bak Moderaterne. Det var oppsiktsvekkjande, ikkje minst fordi eg hadde oppfatta mannen dei kallar «Ålen» som den kanskje minst moderate mannen i Danmark, som dessutan så seint som i 2017 blei tvinga til å sleppe taumane i Zentropa på grunn av den Weinstein-aktige kulturen i selskapet. Men Moderaterne var altså interessert i klimaengasjementet hans.
Det skal seiast at partiet har vært konsekvent i å løyve syndstilgjeving. Mellom kandidatane finn me ein advokat som fleire gonger er felt for å ha brote med god advokatskikk. Dessutan har ein annan toppkandidat, kommunikasjonsmannen Jeppe Søe, blitt avslørt som ein sexistisk sitatmaskin. -jl