Chile: Mot høgre etter 20 år?

Av | 21. oktober 2009

Det er utruleg mange spennande val rundt om i verda i tida som kjem, og Skrivekollektivet.com skal som best det kan prøva å halda deg oppdatert på mange av dei. Dette er den første i rekkja av fleire valkommentarar knytte til ulike land som skal avhalda ulike val i månadane som kjem.

9/11 har ei heilt anna betyding for chilenarar enn for dei fleste andre.

Sidan Salvador Allendes sosialistregjering vart brutalt kasta i 1973 og militærdiktaturet til Augusto Pinochet falt frå i 1990, har sentrum-venstre-koalisjonen CPD – Koalisjonen av parti for demokrati, gjerne kalt Concertación vunne kvart einaste presidentval. CPD er ein ganske brei koalisjon, og famnar om både sosialistar, sosialdemokratar, kristendemokratar og sosialliberalistar. Med sosialisten og tidligare forsvarsministeren og helseministeren Michelle Bachelet som presidentkandidat har likevel tyngdepunktet lagt ganske tydeleg til venstre dei siste åra. Bachelet, som av magasinet TIME vart kåra til verdas 15. mest innflytingsrike menneske i fjor, er usedvanleg populær i heimlandet. Heile 76 % av befolkninga i Chile seier seg fornøgd med hennar arbeid snart fire år etter at ho vart vald til president.

Bachelet har sjølv kjent på kroppen kva det vil seia å leva under eit militærdiktatur, og faren hennar – som sympatiserte med Allende – vart torturert og drepen. Også Michelle vart arrestert og slått, og vegen til sosialistpartiet var ikkje lang då det mot slutten av 80-talet på ny vart lovleg å organisera partipolitisk verksemd. Uavhengig av Bachelets enorme popularitet i Chile, slit koalisjonen hennar med å løfta deira føretrekte arvtakar til presidentposten like høgt på målingane. I 2006 vann Michelet med 53,49 % i andre valomgong mot høgrekoalisjonens (Allianse for Chile – APC) kandidat Sebastian Piñera. Grunnloven seier at ein president ikkje kan ta attval direkte, og CPD har no henta fram Eduardo Frei Ruiz Tagle (67), som var president i landet frå 1994-2000. Den styrtrike dollarmilliardæren Piñera med doktorgrad i økonomi frå Harvard, stiller på ny for APC, og leia i august på meiningsmålingane med 44,5 % mot 42,8 % for Frei. I oktober er biletet ganske annleis.

Frei, som er kristelegdemokrat, ligg no på 20 %, medan høgresidas Piñera er ganske stabil rundt 41 %. Den store overraskinga er den uavhengige venstrekandidaten Marco Enríquez-Ominami som no har like stor oppslutnad som Frei. Enríquez-Ominami har vore vald parlamentsmedlem for sosialistpartiet i Chile, men har brote med partiet for å stilla som uavhengig presidentkandidat – den definitivt mest venstreorienterte. Faren hans, Miguel Enríquez, var ein legendarisk partileiar for det marxist-leninistiske revolusjonære venstrepartiet, og dreiv opposisjonell verksemd i månadane etter militærkuppet før han sjølv vart drepen då fleire hundre soldatar og agentar frå det hemmelege tryggleikspolitiet omringa huset hans med tanks og helikopter.

Enríquez-Ortami er langt frå så radikal som faren sin, men likevel den mest venstreorienterte av dei framste kandidatane. Eduardo Frei stiller riktig nok for Bachelets koalisjon CPD, men han tilhøyrer det kristelegdemokratiske partiet. Faren hans, Eduardo Frei Montalva, var for øvrig president i landet mellom 1964-1970, før marxisten Allende vart den første demokratisk valde sosialistpresidenten på kontinentet.

Enríquez-Ominami (36) har kome som ei kule på dei siste målingane, og kan meget vel vera mannen som møter Piñera (59) i andre valomgong ein gong i januar 2010. Dette meiner mange vil vera ein klar fordel for høgresida, sidan meir moderate Frei i langt større grad vil kunne kapra sentrumsveljarar i ei valrunde nummer to og filmskaparen Enríquez-Ominami vert rekna som for radikal. Sistnemnde har formelt sett støtte frå dei grøne og det venstreorienterte humanistpartiet. Om Frei skulle falla frå i første valrunde, trur mange at store delar av veljargrupperingane som gjekk for han flytter sympati til Piñera i staden for Enríquez-Ominami. Venstresida har hatt ei nedadgåande kurve i Chile ei stund, noko ein også såg i lokalvala i fjor der høgresida for første gong fekk vald fleire ordførarar enn sentrum-venstre. Bachelet (58) står likevel fjellstøtt i befolkninga, og ein skal ikkje sjå heilt vekk i frå at ho vil kunne komma tilbake for å stilla på nytt etter neste periode.

Salvador Allende vart i fjor kåra til den største chilenaren nokosinne, trass i ei heller beskjeden presidentkarriere i tre år mellom 1970-1973, som enda med eit sjølvmord i presidentpalasset 11. september 1973 under det USA-støtta militærkuppet til Pinochet. I ei berømt radiotale frå den dagen kan ein tydeleg høyra skot og eksplosjonar i bakgrunnen i det flya sneier over Santiago og bakketroppane invaderar sentrum av byen.

Det kan for øvrig nemnast at dama som var visejustisminister i Allende-regjeringa flykta til Noreg og gifta seg med tidligare partileiar i Arbeiderpartiet, Reiulf Steen.

Lidenskapelege latinamerikanarar lever stort sett med ein svært personfokusert politisk kvardag, noko som også gjer at det politiske tilhøyret ikkje alltid har like mykje å seia om berre karismaen er tilstades. Konstitusjonelt kreative venstrepresidentar har fått mykje kritikk og også vorte skulda for maktmisbruk, men Bachelet er ikkje ein av desse. Saman med til dømes Cristina Kirchner i Argentina og Tabaré Vásquez i Uruguay har ho lagt seg på ei meir moderat linje enn til dømes Morales i Bolivia, Chávez i Venezuela, Ortega i Nicaragua, Correa i Ecuador og til ein viss grad Lula i Brasil. Bachelet har kombinert ei vidareføring av blandingsøkonomien med grep for å senka forskjellane mellom rik og fattig, som i Chile har vore blant dei største i heile regionen. Tidligare klassemotsetnadar har vorte dempa og ho har som president sanka mykje skryt for å vera ein samlande figur for chilenarane.

Mitt tips for presidentvalet er at sentrum-høgre-kandidaten Sebastian Piñera veltar sentrum-venstre-regimet til CPD som har eksistert sidan 1990, og med det teiknar ei blå stripe på eit elles så gjennomraudt latinamerikansk kart. Om det blir CPDs Frei eller uavhengige Enríquez-Ominami som går vidare til andre valrunde er vanskeleg å seia, men eg trur det blir Frei. Det kan gjera den andre valomgongen noko jamnare, men Piñeras solide støtte blant middelklassen sikrar sannsynlegvis at México, Honduras, Panamá, Colombia og Haiti får selskap på den høgre sida i det latinamerikanske nabolaget.

Valet er 11. desember.

__________________________________________________________
Tore Eikeland kommenterar den politiske situasjonen i Latin-Amerika, Aust-Europa og
Sentral-Asia for Skrivekollektivet

En tanke om “Chile: Mot høgre etter 20 år?

  1. Tilbakeping: Det Tore skrev | popcultpolitics

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*