Danmark: Forsvarsminister Carl Holst går av

Av | 29. september 2015

Det viktigaste som skjedde i dansk politikk idag var framlegginga av Venstre-regjeringas første statsbudsjett, men avgangen til forsvarsminister Carl Holst var utan tvil den saftigaste historia. Den nyvalde folketingsmedlemmen Holst vart henta frå regionalpolitikk til ministerkollegiet som ein av statsminister Lars Løkke Rasmussens våpendragarar, i overført og og meir bokstavleg forstand. Dei som kjenner dansk politikk rekna med at han var eit av dei tryggaste korta i ein kabal som inneheldt langt fleire Venstre-folk enn planen var føre valet, men Holst viste seg raskt å trekkje til seg dårlege saker i fleng.

Frå heilt tidleg verka det som om Løkkes nye regjering ikkje hadde lært noko som helst av kontroversen som til slutt kosta Lene Espersen vervet som partileiar i Det Konservative Folkeparti i 2011. Espersen fekk rundjuling av pressa og opposisjonen for å ha reist på familieferie istadenfor å ta del i eit møte i Arktisk Råd, men framfor alt vart ho felt av seindrektig og passiv-aggressiv mediehandtering. Noko liknande var på ferde då Carl Holst som heilt nyslått, ferierande minister brukte dagevis med negativ pressmerksemd på å svare på kritikken mot at han tok imot venteløn frå jobben som leiar for Region Syddanmark, sjølv om han gjekk direkte over eit i anna mektig og raust kompensert politisk verv. Freistnaden på løysing – at Holst sa frå seg berre delar av godtgjersla – gjorde vondt verre. Det var som om han vedgjekk at betalinga var urimeleg, samstundes som han likevel meinte at han hadde fortent den. Slikt har ein tendens til å provosere folk.

Stadig i feriemodus, måtte Holst så handtere ei offentleg uromelding frå danske flyteknikarar. Dei åtvara om at flya Danmark sende på bombetokt mot IS no var så nedslitne at dei ganske enkelt ikkje kunne makte at innsatsen vart forlenga. Igjen kom eit seint og lite tilfredsstillande svar frå Holst. Saka var uheldig og forsvarsministeren vart dregen av kolet av politiske motstandarar.

Likevel: Heller ikkje denne saka felte Carl Holst, den gjorde berre at kvar einaste artikkel om han no måtte inkludere ordet «kvajekvote», det som heiter tabbekvote på norsk. Det endelege fallet byrja først då det kom fram at Holst hadde nytta ein embetsmann i Region Syddanmark, Christian Ingemann Nielsen, til å drive valkamp for seg, sjølv om dette er i strid med embetsverkets rolle i det politiske systemet. Eller, rettare, og i ein ny parallell til Lene Espersens famøse badeferie: Den elendige handteringa av saka var like viktig som saka i seg sjølv, iallfall i starten. Opphavleg nekta Holst nemleg for at embetsmannen hadde hatt ei direkte rolle i valkampen, og den forklaringa endra han ikkje før media grov fram ei rekkje høve der Nielsen anten vart omtalt som eller agerte som Holsts politiske assistent.

Det kunne Carl Holst til slutt ikkje overleve som forsvarsminister, men han har altså ei retrettstilling: Han held fram karriera som meinig folketingsmedlem. Det spørs dessutan om ikkje Lars Løkke Rasmussen er like svekt som sin tidlegare regjeringskollega. Holst var ein botnlaust lojal støttespelar for Løkke i leiarstriden mot Kristian Jensen på forsommaren 2014, og statsminister investerte mykje prestisje i å gje ein av sine allierte ein viktig ministerpost. Utetter etterlet det sjølvsagt også inntrykket av ei mindre driftssikker regjering som ikkje ein gang får til å leggje fram statsbudsjettet utan at delar av mannskapen skal leiast av skipet, sjølv om sakene ikkje direkte har noko med kvarandre å gjere.

Og hovudpersonen sjølv? I eit intervju med TV2 News strekkjer Carl Holst seg til å erkjenne at han ikkje har vore «fejlfri».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*