Danmark: Har Radikale Venstre kasta Mette F.?

Av | 11. august 2022

Då den såkalla Minkkommisjonen la fram sin granskingsrapport i slutten av mai, var konklusjonen hard: Statsminister Mette Frederiksen (Socialdemokratiet) hadde opptrådt “kritisabelt”, og når regjeringssjefen gav ordre om at alle alle minkdyr i Danmark skulle slaktast for å hindre coronasmitte, var det dessutan “groft vildledende” og i strid med Grunnlova, ettersom det ikkje fanst lovheimel for vedtaket på det tidspunktet. Granskingsutvalet la likevel til grunn at Frederiksen ikkje hadde villeidd med hensikt. (Om det kunne vurderast som tenestesvikt etter ministeransvarslova, kunne ikkje utvalet ta stilling til.)

Reaksjonane frå Christiansborg var kraftige, men føreseielege. Den borgarlege opposisjon hadde synt korta for lenge sidan. Alt i juni 2021 handsama Folketinget eit knapt nok reinskrive innbyggjarforslag om å stille Mette Frederiksen for Riksretten (det skulle sogar skje “NU”, kravde forslagsteksten), med samrøystes tilslutnad frå Venstre, Konservative, Nye Borgerlige og Dansk Folkeparti. Utover at dei føreslo ei “advokatvurdering” av grunnlaget for ei eventuell riksrettssak, var konklusjonen den same no. Frå motsett kant vart ingen særleg overraska over at regjeringas to venstreorienterte støtteparti, Socialistisk Folkeparti og Enhedslisten, avviste dette kravet med tilvising til at rapporten frikjende statsministeren for intendert villeiing.

Det alle i praksis venta på, var kva konklusjon Det Radikale Venstre kom til å trekkje. Førehandstipsa fram til rapporten vart tilgjengeleg peikte mot at Radikale ville falle ned på nokolunde det same som SF og Enhedslisten; skarp kritikk av embetsverket og sjølve avgjerdsprosessen, men at Mette Frederiksen kunne sleppe unna med en «næse”, som best kan summerast til ein reprimande utan parlamentariske konsekvensar.

Men ein ting er kva ålmenta kan preparerast til å forvente, som når Mette Frederiksen kom rapporten i føreveg og varsla at den kom til å innehalde alvorleg kritikk. Å lese sjølve rapporten er noko heilt anna. Ganske raskt høyrdest røyster frå topp til botn i Det Radikale Venstre som ikkje nødvendigvis ville slå seg til ro med berre streng fordømming av regjeringas handlemåte. Til dømes fortalde folketingsvararepresentanten Ruben Kidde at han støtta opposisjonens krav om ei advokatvurdering, og ville føreslå det når sentralstyret skulle handsama saka.

Og her tok saka ei uføresett vending: Rett nok var den umiddelbare konklusjonen til Det Radikale Venstre at det ikkje er grunnlag for ei advokatvurdering av statsministeren. Men samstundes krev partiet i praksis at Mette Frederiksen skal kalle danskane til urnene for eit snarleg folketingsval, og seinast innan Folketinget innleier haustsesongen den første veka i oktober. Denne parlamentariske og konstitusjonelle nyskapinga – etter sed og skikk er det statsministeren som avgjer når det skal haldast val – etterlet i første omgang kommentariatet i villreie, og dei borgarlege i harnisk.

Medan journalistane gjekk etter radikale tillitsfolk for å finne ut kvifor og kva tid det blei klart for leiinga at det måtte trykkje på sjølvutløysaren, hevda Dansk Folkepartis leiar, Morten Messerschmidt, at Radikale hadde late seg kjøpe av Socialdemokratiet til å “krevje” eit folketingsval Mette Frederiksen hadde planar om uansett. Alt saman for å vareta eit samarbeidsforhold som kunne opne for regjeringssamarbeid mellom S og R når veljarane har sagt sitt. Viss tilliten til regjeringa verkeleg var så tynnsliten, kvifor ville ikkje Radikale krevje regjeringas avgang omgåande, men vente til hausten?

Svaret måtte Anders Steenberg tole monaleg spit for: På Twitter hevda nestleiaren i Radikales folketingsgruppe nemleg at innvendinga var irrelevant, fordi partiet hans hadde felt regjeringa. Umidddelbart læt det jo berre marginalt mindre absurd enn då Liberal Alliances Anders Samuelsen hevda at det at LA og Det Konservative Folkeparti kom med i Venstre-regjeringa i 2016 var jamgodt med at det hadde vore eit nytt val. Mette Frederiksen er framleis statsminister, og ho kan vente heilt til juni 2023 med å erklære nyval. Steenberg måtte trekkje i land.

Men om han i staden hadde sagt at “regjeringa sit på oppseiing”, ville det me kan kalle “den steenbergske parlamentarismen” vorte lettare å forklare. For nokre veker etter at opposisjonen gjorde seg morosame med støttepartiets fjørbrusande retorikk, tek alle likevel den underliggjande bodskapen frå Radikale på alvor: Viss Mette Frederiksen vil unngå at Radikale kastar regjeringa med eit mistillitsframlegg, avgrenser hennar høve til å bestemme valdatoen seg til å finne ein høveleg dag innan starten av oktober til å seie “så er det nu”.

Steenbergs overordna, partileiar Sofie Carsten Nielsen, stadfesta i helga at kravet om folketingsval står ved lag. Partiets analyse er at skal tilliten til politikken gjenopprettast, treng Danmark ei fleirpartiregjering. Den sosialdemokratiske soloregjeringa har lagt til seg ein styringsmetode som gjer slikt som minksaka mogleg og gjort seg uinntakeleg for kritikk, og lyt helst verte avløyst av ei regjering med både raud-grøne og borgarlege parti, heiter det.

På denne måten plasserer Radikale seg slik at dei i prinsippet kan samarbeide til båe sider, anten statsministeren heiter Mette Frederiksen (S) eller Jakob Ellemann-Jensen (V). Ingen er likevel i tvil om at førstevalet til R er å ta plass i ei S-leidd regjering. Med sitt overraskande trekk har partiet iallfall framskunda ei avklaring. Men timinga kan vise seg å slå attende: Framgangen til tidlegare Venstre-profil Inger Støjbergs nye parti, Danmarksdemokratane, gjer at valkampen, når den til slutt kjem, ser meir spennande ut enn mange trudde for berre nokre månader sidan.