Danmark: Lars Løkke aukar innsatsen i spelet om Mette Frederiksen i NATO

Av | 4. juni 2023

Rykteflaumen kring Mette Frederiksens moglege kandidatur til generalsekretærposten i NATO har berre auka i styrke den siste veka. Først blei det kjent at den danske statsministeren skal nytte nasjonaldagen til å møte USAs president, Joe Biden, i Washington D.C. Lat gå at dette er noko det har vore arbeidd for og med sidan ho blei statsminister i 2019 – timinga er likevel påfallande. Høg som låg i kommentariatet handsamar no møtet deira som ein «jobsamtale» føre NATO-samlinga i Litauen i juli, der ein ideelt sett skal ha arvtakaren til Jens Stoltenberg klar.

Ikkje lenge etterpå kom det fram at regjeringa vil auke Danmarks bidrag til det såkalla «Ukraina-fond» for våpenkjøp og militær innsats med 7,5 mrd. dei neste to åra. Dette grepet kan isolert sett presenterast som ein premiss for dei stundande tverrpolitiske forhandlingane om eit forsvarsforlik, men det fyller ein vesentleg funksjon til: Det syter for at Forsvarets prosentdel av bruttonasjonalproduktet bikkar over to prosent, i tråd med eit NATO-krav ein forplikta seg på allereie for ti år sidan. Nettopp underfinansiering av Forsvaret har vore trekt fram som eit vektig argument mot Mette Frederiksens sjansar til å nå opp i (den enno uoffisielle) jobb-jakta. Viss amerikanarane aksepterer reknemetoden, fell denne innvendinga vekk.

Som med nær sagt alt anna i SVM-regjeringas tid*, var det likevel Moderaternes leiar, Lars Løkke Rasmussen – mannen Frederiksen ifølgje ei aktuell bok kalla «tidenes mest indenrigspolitiske udenrigsminister» – som verkeleg sette fyr på spekulasjonane. Første gongen han blei spurd om å kommentere NATO-ryktet, svarte han at det fekk tida vise. Men dagen etter var han meir enn villig til å utdjupe. På spørsmål om han sjølv ville takka ja viss han var Mette Frederiksen, sa Løkke dette:

«- Jeg ville gøre mig mine overvejelser. For vi har haft valg for kun et halvt år siden. Og vi har startet et helt nyt politisk projekt i Danmark, som jo i høj grad også er personbåret i den forstand, at det hviler jo på, at jeg selv stiftede et nyt parti med den raison d’etre, at vi skulle lave en ny konstruktion i dansk politik, og at Mette Frederiksen, da valget blev udskrevet, satte sin egen person ind på det.

Det er lige løbet i gang. Altså, det, synes jeg, rejser mange spørgsmål. Det er ikke nogen, jeg skal svare på.

Det som spring ein i augo når ein les dette, er at Lars Løkke langt på veg undegrev statsministerens standhaftige insistering på at ho ikkje er kandidat. Han godtek premisset i spørsmålet (at Frederiksen er i ein situasjon kor ho må «overveje» slikt) istadenfor å til dømes føyse vekk hypotetiske spørsmål. Men når det gjeld korleis ein skal tolke neste ledd, skil kommentariatet lag: Berlingskes Bent Winther hallar mot at Løkke freistar å leggje press på Mette Frederiksen. Viss det stemmer, som Løkke hevdar, at det er så personavhengig, veit han at det interne samhaldet kan glippe om hovudarkitekten gjev opp. Winther peiker på at dagens regjeringskonstellasjon er Moderaternes einaste veg til makta: Eit eventuelt havari kan sende Venstre attende til borgarleg blokk, medan S har sitt lauvtynne sentrum/venstre-fleirtal å falle tilbake på. Moderaterne har ikkje nokon alternativ partifellesskap å vende heim til.

Andre røyster, som Esben Schjørring (8:00-) i Altinget og Politikens Noa Redington, legg større vekt på at Løkkes utsegner kan handle mest om tida etter Mette Frederiksen. Den regjeringa som sit no er fundamentert på semja mellom Løkke og Frederiksen. Mellom linjene les dei at Moderaterne er klart til å krevje motytingar dersom partiet skal setje inn ein ny statsminister frå Socialdemokratiet. Sjølv veit eg ikkje heilt kva tolking eg trur mest på. Men det er tvillaust eit godt poeng når mellom andre Henrik Qvortrup (32:00-) åtvarar mot kva det kan setje i gang viss Socialdemokratiet blir tvinga til å skifte ut på toppen i denne situasjonen. Det vil setje lojaliteten til regjeringspartia på ei alvorleg prøve – i alle retningar.

Og då har me ikkje eingong snakka om kva som skjer viss Frederiksen ikkje får NATO-jobben, som fram til me veit anna må reknast som eit høgst reelt mogleg utfall. Det er ingen grunn til å tru at hennar posisjon som partileiar er truga. Alle planar dei høgast tippa potensielle etterfølgjarane, finansminister Nicolai Wammen og justisminister Peter Hummelgaard, måtte ha om å ta over, blir offisielt lagde i stabilt sideleie. Men det er ein grunn til at det ikkje eksisterer opne søkjarlister til verv i NATO-klassen. Dersom det festar seg eit inntrykk av at det å vere statsminister er eit slags andreval for Mette Frederiksen, noko ho gjer i mangel av anna, svekkjer det uunngåeleg autoriteten hennar i partiet, og ikkje minst i regjeringa.

Verstefalls-scenarioet kan sjå omlag slik ut: Mette Frederiksen framstår som ein halvvegs engasjert statsminister for eit regjeringsprosjekt som store delar av Socialdemokratiet mest vurderer som eit naudsynt vonde; Venstres garantist for regjeringssamarbeid, Jakob Ellemann-Jensen, er ein både skandaleråka og attpåtil sjukmeld leiar for eit som slit med den same interne usemja som S; og Lars Løkke køyrer eit løp kor han ikkje berre undergrev statsministerens autoritet, men også fargar regjeringserklæringa i blåtonar som aukar ubehaget hjå Socialdemokratiets interne opposisjon.

Slår det til, kan regjeringa vere i ferd med avvikle seg sjølv i sakte film.

_______________________________________

* Berre dei siste månadene har Løkke til dømes uttalt seg positiv til å diskutere fleire fleirtalsavgjerder i EU, større individuelt ansvar for eiga eldreomsorg i framtida.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*