Sidan Søren Pape Poulsen presenterte seg som statsministerkandidat i midten av august, har det meste gått på tverke for Det Konservative Folkeparti. Den politiske kritikken av partiets storslåtte økonomiske langtidsprogram («2030-planen») var til å leve med, viss ikkje direkte ønskjeleg, så lenge den gav ekstra merksemd til djupblå merkesaker. Då var det verre at Ekstra Bladet publiserte ei rekkje artiklar om Pape og ektemannen, Josue Medina, der det kom fram at sistnemnde hadde loge om sine påståtte familieband til presidenten i Den Dominikanske Republikk, og om si jødiske tru. I utgangspunktet var det likevel neppe nok til meir enn å rispe litt i Papes truverd, men han berre ikkje hadde nytta ektemannens bakgrunn som sanningsvitne andsynes Danmarks jødiske samfunn. Samstundes skreiv Jyllands-Posten om ei feriereise til Den Dominikanske Republikk medan Pape var justisminister, der Søren Pape og fleire folketingskollegaer møttest til middag med representantar for den dominikanske regjeringa, utan at det danske utanriksdepartementet var orientert.
Tidlegare statsråd Bård Vegar Solhjell har i ein annan samanheng fortalt om skilnaden på med- og motgang i politikk. Når det går godt for partiet er det som om alt du gjer blir tolka som glasklare resultat av intendert genialitet. Sjølv klare feilsteg kan bortforklarast som reine uhell eller prov på jambyrdig feilbarlegheit. Medaljens bakside er at når du først ikkje lenger er usårleg, kan alle feilsteg bli sjølvforsterkande. Mon om det ikkje er slik det kjennest å vere Søren Pape Poulsen no.
Soga om Papes indirekte usanningar om ektemannens trusliv og biografi er eit talande døme. Uansett kva ein måtte meine om deira relevans for Papes truverd og kvalifikasjonar som potensiell statsminister, så skulle ein tru at meldinga om at Pape skal skiljast trass i alt blei behandla som ei trist privatsak. Og det var det sjølvsagt også mange journalistar og nkommentatorar som gjorde. Eg har likevel vanskeleg for å førestelle meg at nokon ville tillate seg å spekulere i om skilsmålet var grunna i politisk taktikkeri, viss ikkje Pape alt var riven ned av pidestallen. Ikkje desto mindre var det noko dei nemnde, liksom truskuldig, i forbifarten (2:30).
Etter knappe to månader som statsministerkandidat står Pape svekkja tilbake. Hans personlege truverd og popularitet har fått ein knekk, og i partimålinga til DR har Det Konservative Folkepartis oppslutnad falle med fem prosentpoeng. Plutseleg er Venstres Jakob Ellemann-Jensen igjen den mest sannsynlege statsministeren i borgarleg blokk. Pape er i divisjonen like under, jamstor med Inger Støjbergs framstormande danmarksdemokratar.
Her vil konservative tillitsfolk sikkert påpeike to ting; For det første at Pape, sjølv med 11% av veljarane i ryggen, ligg an til kraftig framgang. Dinest at dei er oppskriftsmessig visse om at oppslutnaden kan auke igjen att så fort ein får snakke om saker og verdiar, ikkje personar. Det kan hende dei har rett. Men det føreset at ein både er villige og i stand til å gjere det. Ei knapp veke ut i valkampen ser eg teikn på at partiet slit med å halde på dagsorden og forsvare politikken sin når den kjem under press, samstundes som diskusjonen om i kva grad Pape er statsministermateriale ikkje vil leggje seg,
Men for den som vil etterprøve teorien frå mine innbilte konservative tillitsfolk, er det ei rekkje tydelege, borgarlege merkesaker å ta av i 2030-planen. I den første TV-debatten mellom statsministerkandidatane i august lukkast det imidlertid Socialdemokratiet å (med omstridde reknemetodar) få den til å handle om kor mange som kanskje kjem til å miste jobben viss planen blir gjennomført. Diskusjonen i veka som følgde dreidde seg om metodologi, om skilnaden på 0,1% og 0,13% i vekst på offentlege budsjett, om 32, 34 eller kanskje 39 000 arbeidsplassar står på spel? Konservative mista definisjonsmakta og iniativet i sitt eige utspel. Politikken låg att i tåke. Det er ikkje rart dersom det neste veljarane høyrde om Papes planar om skatteletter og effektivisering var at Inger Støjberg sette som ultimatum at ei ny regjering fredar toppskatten og at budsjettløyvingane held tritt med den demografiske utviklinga. Og på ein pressekonferanse innan valkampen eingong var ein time gammal, gjekk Pape ho langt i møte. Han understreka at Konservative sjølvsagt ikkje kunne forvente å få gjennomslag for all sin politikk, og erklærte seg overtydd om at partia nok skulle kunne finne saman. (2)
Igjen er det freistande å tolke reaksjonane ut frå kva momentum partiet har. Viss Konservative framleis var på stigande kurs, er det ikkje vanskeleg å sjå føre seg at Papes omgåande retoriske tilpassing til Danmarksdemokraternes krav ville blitt teken imot som eit teikn på hans naturlege autoritet og ansvarskjensle for den borgarlege blokkas samla interesser, siølv i ei sak der det kostar for partiet. No måtte han i staden tole skuldingar om at han ga etter ved første trykktest.
Og viss Pape med dette er brend av freistnaden på å snakke om konkret politikk, ligg endå eit generaloppgjer med Mette Frederiksen om sistnemndes påståtte maktarroganse og vanrøkt av grunnlova i minksaka ein naturleg naudutgang. Den liberal-konservative debattanten Christian Egander Skov er mellom dei som har skrive at ein slik strategi kan verka for visjonslaus. Like fullt var det nettopp ein velkoordinert staffett av slu og innstendige åtak Venstre og Konservative sette i gang under Folketingets opningsdebatt i slutten av førre veke. Den kan nok ha gjeve nokre ettertrakta videosnuttar av prominente sosialdemokratar i manngard for å nekte for Mette Frederiksens personlege feilsteg i minksaka, som etter planen skulle prega etterhandsanalysane. Viss det ikkje var for at Søren Pape igjen kom i vegen for sin eigen bodskap.
Å stille som statsministerkandidat kan somme tider ha eit visst audition-preg. Det nyttige med prosessen er at han setje i gang ein diskusjon om kva eigenskapar veljarane ønskjer seg i ein statsminister, og at kandidatane vert utsett for ei slags førehandsprøving. Dei fleste vil truleg kunne einast om at ein statsminister til dømes bør vere politisk dyktig, samlande, til å lite på og i stand til å forsvare Danmarks interesser, heime og ute. Både Mette Frederiksen og Søren Pape skårer lukkelegvis høgt på dugleik, men minksaka har gjort dagens statsminister til ein polariseringsmotor med tynnslite truverd i delar av befolkninga, samstundes som det går rykte om at ein skandale i etterretningstenesta kan ha svekkja Danmarks, og difor Frederiksens, ry utanlands. For Pape er det som sagt eit spørsmål om folk litar på han som før, og etter i trontaledebatt kom også Pape til å seie noko som både verka splittande og kan få følgjer utanfor Danmark.
Danmark er nemleg eit såkalla «rigsfællesskab», som i tillegg består av Grønland og Færøyane, som har avgrensa sjølvstyre og er representert i det danske Folketinget. Den grønlandske representanten Aaja Chemnitz Larsen hevda å ha høyrt frå fleire kjelder at Søren Pape på eit offisielt møte kalla Grønland for «Afrika på is». Til manges overrasking kunne ikkje avkrefte dette. «Det lyder, som noget jeg kunde ha sagt», sa Pape, og forklarte omtalen av Grønland som eit «udviklingsland», med tilvising til ein forskingsartikkel som peika på alvorlege problem med alkoholisme og seksuelt misbruk av born i Grønland.
Som så ofte før, bidrog krisehandteringa berre til å gjere problemet verre. Den aspirerande statsministeren sa fram ei orsaking som mest av alt blei oppfatta som ei oppattaking av den opphavlege påstanden i sjølvforelska ordlyd: «Jeg er ikke en type, der pakker ringene ind (sic), men siger tingene direkte, og den point står jeg ved, selv om det ikke er det mest elegante, jeg har sagt.» (Berlingske, 08.10.22., betalingsvegg), Tilhøvet mellom Grønland og Danmark har i periodar vore særs spent, og for mange grønlenderar synda Pape alvorleg på to felt. For det første synte han ifølgje mellom andre Aaja Chemnitz Larsen og landstyreleiar Mute B. Egede, manglande respekt for og kunnskap om Grønland, som kan rotfeste fordommar. Dinest trakka han over ei ofte knapt synleg grense for når og på kva måte danske politikarar kan «blande seg» i heimlege, grønlandske forhold. Kritikken på dette punktet kan summerast opp i ein kommentar frå Egede: «Den grønlandske befolkning taler selvfølgelig om utfordringerne. Vi arbejder for at løse problemerne.» I ettertid har både Aaja Chemnitz Larsen og Mute B. Egede sagt at dei har vanskeleg for å sjå føre seg eit samarbeid med Søren Pape Poulsen som dansk statsminister. Mette Frederiksen fekk høve til å avvise at Grønland var til sals, då Donald Trump lufta ideen for nokre år sidan. Jamført med dette er Pape bak på poeng.
Heime i Danmark freista Pape å komme vidare ved å gjenta orsakinga i søndagens statsministerdebatt med Mette Frederiksen og Jakob Ellemann Jensen. Kor godt det lukkast kan diskuterast, men ettersom eg her har kritisert han får ikkje å halde fast ved same strategi over tid, så skal eg iallfall anerkjenne at Pape denne gongen makta å vende saka til eit hardt og høglydt retorisk åtak på Mette Frederiksen: «Jeg kan godt indrømme fejl. Undskyld til Grønland og grønlændere, fordi jeg sagde noget meget firkantet. Det burde jeg ikke have gjort. [Pape snur seg i statsministerens retning, peiker] Mette Frederiksen, kameraet er der. Værsågod, sig undskyld til de minkavlere. der har mistet hele deres erhverv og hele deres liv, og til skatteyderne, der har tabt 19 milliarder kroner.»