Etter folketingsvalet: Alternativet

Av | 16. august 2015

Stortingsvalet i 1973 står som eit hovuddøme på politisk omveltning i det demokratisk-parlamentariske Noreg: Ikkje berre fall oppslutnaden om Arbeidarpartiet med meir enn ti prosentpoeng frå valet fire år tidlegare. EU-folkerøystinga året før hadde dessutan splitta Venstre, og på yttarkanten fekk venstresosialdemokratar, sosialistar og frie kommunistar i Sosialistisk Valgforbund over ti prosent av røystene. Den gamle orden var rysta, korta delte ut på nytt.

Noko liknande hende i Danmark same år, men oppbrotet var enno tydelegare. Dei fire etablerte partia – Socialdemokraterne, Det Konservative Folkeparti, Venstre og Det Radikale Venstre – fekk alle smake veljarvreiden, men her resulterte opprøret dessutan i eit hav av nye parti. Danmark hadde takka ja til EU-medlemskapen, så årsakene måtte finnast andre stader, men veljarane løna særleg det rabulistiske Fremskridtspartiet til Mogens Glistrup og høgresosialdemokraten Erhard Jakobsens utbrytarparti, Centrum-Demokraterne, med stor oppslutnad. Heilt sidan den gongen har 1973 vore ramma for å forstå kraftige omslag i veljarane sine preferansar.

Føre folketingsvalet tidlegare i år spådde mange 2015 som eit nytt 1973. Ein stendig større veljarskare uttrykte at dei ville gje sine røyster til parti som korkje hadde regjeringsrøynsle, eller interesse av å skaffe seg det. Det kan verke litt tamt når det store hamskiftet skal leggjast på skuldrane til Dansk Folkeparti, som trass alt har sete i Folketinget sidan 1995, men også outsiderpartia Enhedslisten og Liberal Alliance opplevde klar framgang, samstundes som til dømes Venstre, Radikale og Konservative fossa tilbake. Jordskredsvalget, kallar danskane 1973. 2015 fortonte seg til samanlikning meir som eit handterbart småskred, men det er særleg ein grunn til at det er for tidleg å seie at pendelen nødvendigvis kjem til å svinge tilbake til normalen ved første og beste høve.

Grunnen er Alternativet, som med sin utradisjonelle måte å tenkje og tale om politikk på, har sett i verk nokre av dei same rørslene som har tvinga nokre vanetenkjarar her heime til å ta Miljøpartiet Dei Grøne på alvor. Særs få, og definitivt ikkje underskrivne, rekna i utgangspunktet med at prosjektet til den radikale utbrytaren og eks-ministeren Uffe Elbæk, kom til å lukkast. Det var for vanskeleg å få fatt i kva partiet ville, hevda vi. Dessutan er det ikkje berre vanskeleg å få eit parti på beina; å overtyde veljarane om å teste noko uprøvd når regjeringsmakta står på spel i eit jamnt val, er enno vanskelegare.

Men Uffe Elbæk og Alternativet klarte oppgåva med glans. Godt hjelpt av ein engsteleg, defensiv og idefattig valkamp frå mellom anna Socialdemokraterne og Venstre, og av eit SF i kneståande etter sjølvutslettande regjeringssamarbeid, ga veljarane tommelen opp til parti som Enhedslisten, Liberal Alliance og Alternativet. Felles for dei alle er at dei lukkast med å kvelve ein høgare himmel over politikken; istaden for å berre vere meir kompetente eller idealistiske versjonar av andre parti, gav dei inntrykk av å ville noko eige.

Mykje kan seiast om Alternativets program (vi omtalte det her), men det skil seg ut. Og ved, på MDG-maner å slå fast at både dansk demokrati og sjølve veksttankegangen må nytenkjast frå botnen av, lukkast dei i å appellere breitt til mang slags idealistar. Faren er sjølvsagt at eit vidløftig program med ditto retorikk kan gjere at kvar einskild veljar kan projisere sine eigne draumar over på partiet, og at det finst tilsvarande like mange måtar å bli skuffa på viss og når partiet ikkje får gjennomslag, eller ikkje lever opp til forventningane.

Det er ei av hovudutfordringane for Uffe Elbæk no: For det opphavlege målet, ei ny sentrum-venstre-regjering med Alternativet som støtteparti, glapp. Då må partiet som på sitt første sommarmøte bramfritt slo fast ein vil nå ti prosent oppslutnad ved neste val, gjere seg gjeldande på andre måtar. Det herskar framleis liten tvil om på side av midstreken Alternativet høyrer heime – det søkte seg til dømes til venstregruppa i Nordisk Råd – men for å få merksemd lyt ein også tvinge seg inn i forhandlingar med den nye Venstre-regjeringa, som i utgangspunktet er for svak til å avvise samarbeid i noko retning. Sjølv peikar partiet ut entreprenørskap og innovasjonskultur og yrkesfags- og utdanningsreformer som moglege punkt å einast om, og Alternativt røysta også saman med regjeringa og SF får eit såkalla grønt skattefrådrag for oppussing i heimen.

Ved sidan av Elbæk er det førebels parlamentarisk leiar Rasmus Nordqvist og Josephine Fock – med ansvar for økonomisk politikk – som har trådt i karakter i det politiske ordskiftet. Men skal Elbæk unngå at det same utolmodet spreier seg i ei overraskande stor folketingsgruppe av medlemmer med ulike motivasjonar til å søkje seg til politikk, som han har grunn til å frykte frå idealistiske, men potensielt trulause veljarar – må han fordele oppgåvene breitt.

_________________

I serien «Etter folketingsvalet» skriv vi om kvar dei danske partia står, med særleg vekt på valresultatet, den nye folketingsgruppa og strategiske utfordringar framover.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*