Etter folketingsvalet: Nye Borgerlige

Av | 14. november 2022

Ved første blikk såg valet ut som endå eit kapittel i suksesshistoria om Nye Borgerlige. Valperioden kor det lukkast partileiar Pernille Vermund å forandre sitt innvandringskritiske liberalistparti frå borgarleg flokks svarte får til uoffisiell leiar av naboutvalet i borgarleg blokk, blei krona med to nye mandat og 3,7% av røystene.

Men bak resultatet låg såra ego og isundslegne draumar. Nye Borgerlige var kanskje stovereint nok til å sleikje sol med dei mellomstore, men dei eventuelle veljarane som let seg tiltrekkje av partiets all-borgarlege samarbeidsånd var berre langt færre enn dei som var på veg vekk, til Danmarksdemokraterne eller Liberal Alliance. 3,7% ser ikkje like prydeleg ut jamført med tosifra oppslutnad for mindre enn to år sidan.

Vermunds kongstanke var ei regjering som femna over alle dei seks borgarlege partia, og i så måte må det ha smerta henne at det nett var desse fellesmønstringane som synte fram for alle at sjølve blokka stod på sandgrunn. I etterkant av det som mest av alt framstod som eit litt for iderikt seminar om konseptet «valfridom», måtte ikkje berre Liberal Alliances Alex Vanopslagh og Venstres Jakob Ellemann-Jensen, men også Vermund sjølv gå ut med presiseringar. Dei to førstnemnde avviste at mottakarar av heimesjukepleie kunne sende ein muslim på dør, medan NB-leiaren korrigerte partifellen Mette Thiesen. Valfridommen dekker heller ikkje retten til å seie frå seg pleie frå ein jøde eller ein homo.

Til liks med fleire andre parti av nyare dato har Nye Borgerlige i sine enno unge år samla mykje avgjerdsmakt i partileiinga og folketingsgruppa. Her har dei truleg retta seg etter røynslene frå då Pia Kjærsgaard i si tid skipa Dansk Folkeparti på ruinane av Fremskridtspartiet. Sigerkvinna føreskreiv streng sentralstyring og avgrensa medlemsdemokrati, noko som lenge gjorde DF i stand til å endre politikken etter det politiske oppnåelege og som dessutan sytte for ein imponerande bodskapsdisiplin. Men i valkampen har Nye Borgerlige, på same måte som DF, fått merke at desse prinsippa er lettare å leve etter så lenge dei gjev veljarmessig utteljing. Dessutan føreset dei at sentrale politikarar maktar å semjast.

For open scene blei det tydeleg at det kunne ikkje Pernille Vermund og Mette Thiesen. Berre nokre dagar etter valfridomsfadesa blei Thiesen avslørt i å gje råd om korleis ein kunne omgå reglane og gje store anonyme pengegåver til partiet. Ho har i ettertid understreka at ho «ikke har en kæft forstand på» partistøtte, men  på lydopptaket ymtar ho om at Pernille Vermund har teke imot slike bidrag tidlegare. Partileiaren er til gjengjeld klar til å ikkje berre kaste, men kyle ho under bussen av all kraft: Vermund er «vred» og skuffa, og kallar påstandane «direkte usande». Og det skulle vise seg å liggje endå mykje meir bak misstemninga mellom dei to, som i praksis hadde grunnlagt partiet saman i 2015.

Berre fem dagar etter valet melde Mette Thiesen seg ut av Nye Borgerlige, nokre timar før sentralstyret uansett kom til å vedta eksklusjon. Nett kva som hende på valvaka, og bakgrunnen for det, står enno i uvisse, men kjærasten til Mette Thiesen skal ha gått til åtak på ein medarbeidar i partiet som Thiesen har kjend seg truga av.* Kor som er; den no partilause Thiesen har ignorert arge krav frå sitt gamle parti om å gje folketingsplassen vidare til neste på Nye Borgeriges liste. Utolmodige politiske kommentatorar har alt byrja spekulere i kva parti tidenes raskaste løsgænger kan tenkjast å hamne i. Danmarksdemokraterne er ein moglegheit, men der er dei venteleg kresne med kven dei tek til seg. Tipsa gjekk heller i retning DF, heilt fram til nokon peikte på at Pia Kjærsgaard i interne samtalar har karakterisert Mette Thiesen som “virkelig dum” og “dum som et bræt”.

Dette var altså bakteppet då Nye Borgerlige samla troppane til landsmøte i helga som var. Her lufta grasrota frustrasjon med toppstyringa av partiet. Lokallaga opplevde at leiinga utnemnde listetoppar over hovudet deira, og Pernille Vermund måtte love at medlemmene frå no av skal trekkjast meir inn i både politikkutvikling og nominasjonsprosessar. Det kan vere heilt avgjerande for om partiet overlever på lang sikt,

Sjølv om Pernille Vermund tilsynelatande har sett seg ut ein umake allianse med Dei Radikale som siste utveg for å gjere partiet sitt relevant for maktdelinga i det nye Folketinget, så har Nye Borgerlige sannsynlegvis god tid til å gjere opp status. Men kva veg det bør velje, kjem ikkje berre an på interne forhold. Det handlar også om kor mange – og kva – parti som er att i borgarleg blokk etter at Mette Frederiksen er ferdig med forhandlingane.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*